– Det er på tide å innsjå realiteten, no må Norge finne ein ny trenar som kan bygge laget til neste kvalifisering, seier NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken.
For etter nok eit tap i årets VM-kvalifisering, er det berre ein teoretisk sjanse for at Per-Mathias Høgmo og landslaget kan kome seg vidare frå kvalifiseringa.
No meiner eksperten at «prosjekt Høgmo» ikkje lenger er levedyktig.
– Høgmo må gå
Etter fire kampar i kvalifiseringsgruppe C står Norge med berre tre poeng, etter sigeren mot San Marino.
– Dei har i realiteten null poeng på tre kampar. Med Tyskland igjen borte er det rett og slett for dårleg, seier Løken.
Og difor meiner han det er berre ein utveg for landslagstrenar Per-Mathias Høgmo.
– Det er ingen veg forbi, no er det berre å trekke seg, konstaterer Løken.
Og det er også fotballekspert Lars Tjærnås einig i.
– Eg meiner han bør gå. Etter tre år er det tilbakeskritt og ikkje framgang, seier Tjærnås til NRK.
Skjebnekamp
Etter dei dårlege prestasjonane so langt i kvalifiseringa, har kritikarane stått i kø for å krevje at Høgmo måtte ta sin hatt og gå. Men han blei freda av fotballstyret til og med kampen mot Tsjekkia. Karl-Petter Løken meiner at alt stod og falt på denne kampen.
– Dette var ein skjebnekamp. Framtida til Høgmo vart avgjort her, seier Løken.
Tjærnås trur også at kampen i dag var viktig, men at summen av dei tre åra bak landslagsroret har vore for dårleg.
– Talet på tap er for høgt, og me har hatt eit enormt fall på FIFA-rankinga, seier Tjærnås.
Tjærnås meiner likevel at det er viktig at ein har ein god erstattar på plass før Høgmo får fyken.
– Ein skiftar ikkje for å skifte, men for å finne nokon som er betre. Då er det tre ting som er interessant: Evna til å velje riktig lag, riktig strategi, og evna til å vere ein god kampleiar.