Neste år har verdas antidopingbyrå (WADA) ekstraordinær generalforsamling. Der vil Tom Tvedt at dei skal gå inn for åtte års utestenging for dopingdømte utøvarar.
– Då er karrieren over, det er lang tid, men vi er nøydd til å få bukt med dette og fire år har ikkje vore nok, seier idrettspresidenten til NRK.
Tom Tvedt har skrive om temaet på sin eigen blogg og dette var hovudpunkta:
Eg meiner eit utgangspunkt frå Norges side i dette arbeidet bør vera å:
- Utvida strafferamme for alvorlege dopingdommar frå fire til åtte års utestenging frå OL og Paralympics.
- Sikra eit uavhengig kontrollorgan med anerkjent mandat og myndigheit utan bindingar til andre idrettsorganer.
- Etablera eit program som sikrar at framtidige varslarar får beskyttelse og støtte.
- Styrke granskinga av OL og Paralympics i Sotsji, og sørge for at eventuelle brot på antidoping-reglementet blir straffa.
- Fortsette ettertestingen av tidlegare dopingprøver frå OL 10 år tilbake i tid, med tydelege og udiskutable konsekvensar.
Les heile blogginnlegget til Tom Tvedt her.
- Les også:
- Les også:
Fleire vil ha strenge straffar
Systematisk statleg doping i Russland og neste 100 positive prøvar frå OL i 2008 og 2012 etter re-testing, har kome fram den siste tida, og fleire har tatt til ordet for strengare straffar for domarar.
– Eg kjem til å jobbe veldig hardt for at vi går inn for åtte eller ti års straff for førstegangsbrotsverk under kongressen i London neste år, sa presidenten i Det europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen til NRK tidlegare i år.
– Ein så lang straff hadde ikkje gjort meg noko, men mange land seier dei at det er synd at folk vert tatt for doping. I Norge er det nesten betre å vera kriminell, enn å blitt tatt i doping, sa tidlegare olympisk meister i spydkast, Andreas Thorkildsen til det.