Hopp til innhold

Russland vil utestenge doparar på livstid

BISLETT (NRK): Det russiske friidrettsforbundet tar grep for å forhindre framtidige dopingskandalar. Det er ikkje nok, meiner NRKs friidrettsekspert.

Anna Tsjitsjerova

DOPINGSMELL: Anna Tsjitsjerova, som tok bronse i høgde under OL i London, skal vere ein av utøvarane som er tatt for å vere dopa under leikane. No varslar Det russiske friidrettsforbundet tiltak for å fjerne utøvarar som blir tatt i doping.

Foto: ANTONIN THUILLIER / Afp

– Det russiske friidrettsforbundet vil ikkje sende utøvarar som har vore utestengt for doping til noko friidrettsmeisterskap i framtida. Det gjeld både OL, VM og EM, seier presidenten i Det europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen.

Den russiske dopingskandalen som har rysta idrettsverda ser ikkje ut til å ta slutt.

Hansen

VIL INFØRE GIGANTSTRAFF: President i Det europeiske friidrettsforundet, Svein Arne Hansen, meiner det er svært sannsynleg at han får gjennomslag for åtte til ti års utestenging av dopingtatte utøvarar under Det internasjonale friidrettsforbundets kongress i 2017.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Tysdag offentleggjorde den russiske TV-kanalen Match ei liste med 14 utøvarar som var dopa under OL i Beijing. Elleve av dei er russiske friidrettsutøvarar.

For å få slutt på høgdehopparar, lengdehopparar og løparar som juksar seg til triumf vil Det russiske friidrettsforbundet no kreve at alle utøvarar signerer ei kontrakt, fortel Hansen.

– Alle må skrive under på at dei ikkje får delta i meisterskap dersom dei får dopingstraff, seier friidrettspresidenten.

Han applauderer tiltaket.

– Vi har ingen sympati for dei som skadar idretten med å jukse, seier Hansen.

Rodal: – Usikker på motivet

NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, mistenker forbundet for å handle raskt for å rekke årets EM og OL, som kritikarane meiner Russland bør utestengast frå.

– Eg er usikker på motivet. Om det er eit kortsiktig tiltak for å kunne delta på EM og OL i sommar, seier Rodal.

– Slik det er no er det ikkje nokon grunn til å stole på russarane i antidopingarbeidet. Dei må vise forbedring gjennom fleire andre tiltak, som uanmeldt testing utanfor konkurransesituasjon i eit regime som ikkje er korrupt, legg Rodal til.

– Gigantstraff frå 2018

President Hansen oppfordrar heile Europa til å gjøre som Russland.

Friidrettspresidenten vil også ha åtte til ti års utestenging for doparar, og trur eit slikt regelverk vil bli gjeldande frå januar 2018.

Vebjørn Rodal

USIKKER: Vebjørn Rodal er usikker på Det russiske friidrettsforbundets motiv.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Eg kjem til å jobbe veldig hardt for at vi går inn for åtte eller ti års straff for førstegangsbrotsverk under kongressen i London neste år, seier Hansen.

– Kor stor er sjansen for å få gjennomslag for dette?

– Det er svært sannsynleg med det sinnet som no er hos alle reine utøvarar i verda.

– Kjem dette ein konsekvens av alt som har skjedd i russisk friidrett?

– Det er konsekvensen av at vi ikkje får til utestenging på livstid. Vi har forsøkt å få til det, men får ikkje lov av Idrettens Voldgiftsrett (CAS). Livstidsutestenging bryt med menneskerettigheitene.

– Men CAS kan ikkje uttale seg om vi har åtte eller ti års utestenging. Det er jo bevist i fleire undersøkningar at desse dopingmidlane sit i kroppen i lengre enn to til fire år, seier Hansen.

– Er du bare ein flink nordmann som kjem frå flinke Norge når du kjem med slike forslag? Er alle einige med deg?

– I dag trur eg dei fleste er einige om dette. Men det er klart at ein ser ulikt på doping i forskjellige land i verda.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal