– Eg er ikkje overraska i det heile tatt, eg er meir overraska over at dei ikkje har hatt teknologien til å ta dei før. Det er folk som skulle ha stått på ein pall og fått medalje, som no meir eller mindre får den i posten, seier Thorklidsen til NRK.
Spydmeisteren frå OL i 2004 (Athen) og 2008 (Beijing) møtte pressa i dag, for første gong sidan han annonserte at han la opp for to veker sidan.
– Bra at dei blir tatt
Sidan den gong Den internasjonale olympiske komité (IOC) gjort nye testar, og funne 31 positive prøvar frå OL i Beijing (2008) og 23 frå OL i London (2012).
– Det er bra at dei blir tatt, og det er på tide, seier Thorkildsen.
Les også:
Åtte til ti års straff
Presidenten i Det europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen, ønsker å auke straffa til utøvarar som vert tatt for doping.
– Eg kjem til å jobbe veldig hardt for at vi går inn for åtte eller ti års straff for førstegangsbrotsverk under kongressen i London neste år, seier Hansen.
Det trur Thorkildsen det vert vanskeleg å få innført.
– Ein så lang straff hadde ikkje gjort meg noko, men mange land seier dei at det er synd at folk vert tatt for doping. I Norge er det nesten betre å vera kriminell, enn å blitt tatt i doping, seier Thorkildsen.