Hopp til innhold

Heiberg etter nye dopingfunn: – Verre enn nokon gong

IOC har funne 45 nye positive dopingprøvar frå OL i Beijing i 2008 og London i 2012 etter re-testing. 23 av dei stammar frå medaljevinnarar.

FUGLEREDET

FUGLEREDET: Alle friidrettskonkurransane i Beijing vart heldt inne på dette stadionanlegget.

Foto: CLARO CORTES / Reuters

Av desse 45 prøvane er det 30 som stammar frå Beijing 2008, medan 15 prøvar er frå OL i London i 2012.

Dette var andre runde av testing av gamle dopingprøvar, og no er det samla talet på positive prøvar etter re-testing oppe i 98. I første runde fann dei 30 positive prøvar frå Beijing og 23 frå London.

– Eg tenker at det er forbaska. Vi blir nok ikkje ferdig med dette. Dette er andre runde vi går gjennom desse prøvane og vi skal fortsette etter OL i Rio. Det viser seg at vi stadig finn positive prøvar, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg til NRK.

– Dette viser IOCs dedikasjon i kampen mot doping, seier IOCs-president, Thomas Bach i pressemeldinga.

23 medaljevinnarar tatt

Totalt har IOC no re-testa 1243 dopingprøvar frå dei to Olympiske leikane, og 98 av dei har vist seg å vera positive.

– Dette har ingen ende, det viser at det er verre enn nokon gong. Det positive er at vi får tatt dei ved hjelp av nye analysemetodar. Det negative er at det ikkje tar slutt, seier Heiberg.

Gerhard Heiberg

SKUFFA: IOC-medlem Gerhard Heiberg er ikkje nøgd med alle dei nye dopingavsløringane og varslar at IOC vil endre rutinane for å avsløre juksemakarar i framtida.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

I runde to, som var lagt ut i dag, viste det seg at av dei 30 nye positive prøvane frå Beijing stamma 23 av dei frå medaljevinnarar. Utøvarane kjem frå åtte forskjellige nasjonar og fire forskjellige idrettar.

Dei 15 prøvane frå London stammar frå 15 utøvarar, fordelt på to idrettsgreiner og ni nasjonar.

– Det er skremmande, men det er bra at dei har testa prøvane på nytt. No vert det spennande å sjå kven som er tatt og kva slags grunnlag dei har til å ta det vidare, seier leiar i Antidoping Norge, Anders Solheim til NTB.

Laster Twitter-innhold

Skal vurdere nye metodar

IOC skal ha ein tredje og fjerde runde med testing av gamle prøvar, og runde tre er forventa etter OL i Rio i sommar.

– Der vil det komme fram enno fleire positive prøvar. Om det er medaljevinnarar må vi ta frå dei medaljane. Dette er forferdeleg leit og utruleg skuffande. Vi må innsjå at måten vi har gjort antidopingarbeid på i IOC har ikkje vore godt nok, seier Heiberg.

Han varslar at doping og dopinganalysar skal settast i eit heilt nytt system for å stoppe dette i framtida. Men alt på søndag kan IOC ta ei avgjerd som viser at dei strammar inn antidopingarbeidet. Då skal dei avgjere om Russland vert utestengd frå OL i Rio.

– No må vi stramme inn og det skal vi forhåpentlegvis gjere på søndag når vi kjem med avgjerda om kva vi skal gjere med Rio.

Sportsnyheter

W8SJM4FMLs4

Vann meisterligaen føre rekordpublikum: – Enorm prestasjon

Vipers Kristiansand er best i Europa igjen. Sørlendingane knuste Ferencvaros i meisterligafinalen.

Siste nytt

  • Haavis Roma tapte cupfinalen 0–1 – Juventus avgjorde tre minutter på overtid

    Emilie Haavi og Sophie Roman Haugs Roma måtte se håpet om cupgull ryke da Barbara Bonansea sikret 1-0-seier for Juventus tre minutter på overtid.

    Roma klarte seg imidlertid langt bedre enn da de tapte 2–5 i sesongens siste seriekamp forrige uke. Lagene møttes også i fjorårets cupfinale, da Juventus også gikk seirende ut.

    Hovedstadsklubben holdt lenge unna for Juventus angrepsfotball, og så ut til å klare seg hele veien til ekstraomganger, men i det 93. spilleminutt fikk Bonansea endelig hull på byllen og sikret med det cupgullet.

    Roma vant imidlertid sin første Serie A-tittel denne sesongen etter de slo Fiorentina 2–1 i slutten av april.

    (©NTB)

    Emilie Haavi
    Foto: NTB
  • Ohi avsluttet sesongen med scoring mot AGF – Brøndby rotet bort seieren i sluttminuttene

    Ohi Omoijuanfo scoret sitt 13. mål for Brøndby da de spilte 3-3 borte mot AGF i sesongens siste seriekamp i den danske superligaen.

    Nordmannen sendte Brøndby i ledelsen etter elleve minutte. Det ble en målrik kamp som til slutt endte uavgjort 3-3, da det raknet for Brøndby på slutten.

    AGF sikret med det bronsen i den danske toppdivisjonen, mens Brøndby avsluttet endte på 5.-plass i mestersluttspillet i Danmark. FC København sikret tittelen allerede i forrige serierunde.

    Fotball, privatlandskamp: Irland - Norge (1-2)
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Bodø/Glimt med knusende seier i hovedstaden

    Tabelltopp Bodø/Glimt tok sin femte strake seier da de vant 3–1 over Vålerenga på bortebane i Eliteserien søndag.

    Faris Pemi ble kveldens matchvinner med to nettkjenninger.

    – Det er en fantastisk følelse. Jeg hjalp laget med å skaffe tre poeng, og vi fortsetter framover. Vi er veldig fornøyde, sa tomålsscorer Faris Pemi til TV 2.

    Eliteseriens toppscorer Amahl Pellegrino noterte seg også for et vakkert mål.

    Gjestene styrte kampen, men i siste ordinære spilleminutt satte Jones El-Abdellaoui et trøstemål for VIF.

    Glimt har med det åtte poeng ned til tabelltoer Brann, etter at bergenserne slo tabelljumbo Aalesund.

    De øvrige kampene i Eliteserierunden søndag endte slik:

    Aalesund – Brann: 1-3, Lillestrøm – Stabæk: 3-1, Rosenborg – HamKam: 4-0, Sandefjord – Odd: 4-0, Strømsgodset – Haugesund: 1-2, Tromsø – Sarpsborg 08: 2–1. Viking – Molde pågår nå, stillingen er foreløpig 0–1.

    Glimt-spiller Faris Pemi jubler etter sin andre scoring mot Vålerenga.
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste