Per-Mathias Høgmo har nettopp leia Norge til nok eit tap i VM-kvalifiseringa. Spelarane innrømmer at dei ikkje har det som trengst for å vinne. Juniortabbar i forsvar har ført til 2 enkle baklengsmål.
Og med unntak av ei god avslutning frå Joshua King som gjekk i nettmaskene hadde Norge berre ei avslutning til på mål.
Norge har berre tre fattige poeng i VM-kvalifiseringa, tekne mot tabelljumbo San Marino.
Men Høgmo vil ikkje diskture si eiga framtid som landslagssjef.
- Les også: – No er det berre å trekke seg
– Ikkje tida
For på pressekonferansen etter kampen svarar han bastant på det første spørsmålet han får av den norske pressa.
– Vil du trekke deg?
– Det er ikkje tid for den type refleksjon. Eg har kontrakt eit år til, det er det eg held meg til.
Og heller ikkje håpet om å komme seg til VM vil han diskutere etter kampslutt.
– Akkurat no tenkjer eg at det ikkje er tid for å gå inn i den type analysar, eg er veldig skuffa over resultatet, so får me ta det derfrå.
Men samstundes forstår Høgmo at dei spørsmåla kjem.
– Eg har stor forståing for kritiske spørsmål ein tapar fotballkampar. Dette er ein del av gamet.
– Dårleg garderobestemning
Etter kampen innrømmer Mats Møller Dæhlie at tapet går inn på spelargruppa.
Kva blei sagt i garderoben etter kampen?
– Ikkje så mykje. Det er utruleg dårleg stemning, seier Dæhlie til NRK.
Men sjølv etter nok eit tap, og ei lite imponerande førestilling stiller spelarane seg bak trenaren.
– Så lenge Høgmo er trenar står eg bak ham. Det er ikkje eg som bestemmer kven som leder oss i mars. Høgmo har vore flink med meg frå dag éin, seier King til NRK.
Og får støtte av Stefan Johansen.
– Me hadde ein liten prat i garderoben at dette er eine og åleine spillernes skyld, fortel Johansen til NRK.