Her trossar han regjeringas råd: – Vil sikkert få kjeft

Med Italia som mål og i fare for å sitte koronafast reiser Vetle Sjåstad Christiansen på privat høgdeopphald. Skiskyttarens landslagstrenar Egil Kristiansen er skeptisk.

Vetle Sjåstad Christiansen

NØYE PLANLEGGING: Vetle Sjåstad Christiansen markerer i kalenderen når han skal på høgdesamling og når han må i karantene.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Det kommande VM og det kommande OL blir kanskje det viktigaste Vetle Sjåstad Christiansen gjør i karrieren.

No er 28-åringen desperat etter å få nok treningsdøgn i høgda for å unngå nedtur i Pokljuka og Beijing.

Derfor bestiller han flybillett til München med mål om tynn luft i italienske alper - utan gjeldande reiseforsikring og med fare for å bli koronafast dersom grensene stenger igjen.

– Det er «all in» med litt risiko, seier Sjåstad Christiansen.

Krav

Den 12. august - rett etter Blinkfestivalen i Sandnes - statsar han på utreise.

Ifølge Utanriksdepartementet skal ein ikkje reise ut av Skandinavia før 20. august med mindre ein må på viktige arbeidsoppdrag.

Men Sjåstad Christiansen er klar på at dette er ei arbeidsreise han må ha for å innfri forventningane i VM på 1300 meter og OL på 1700 meter.

– Med krava som blir stilt til norsk suksess er det nødvendig for meg å gjøre det eg kan for å bli klar. Og unngå å ligge på folkets slaktebenk før start, legg han til.

Skeptisk

20. juli håpar han riktig nok at regjeringa vil lette på reiserestriksjonane.

Inntil vidare går trenar Egil Kristiansen med ei viss frykt for at elevens solo-tur kan ende med energitap og ikkje energifyll.

– Korona-krisa er ikkje over. Vi såg jo det som skjedde med Nordstad Moen i Kenya, seier ein skeptisk Kristiansen.

Sjefen støttar også at Sjåstad Christiansen må ha nok høgdedøgn til å takle VM på 1300 meter og OL på 1700 meter, men ikkje dersom «vinninga går opp i spinninga».

– Det viktigaste er grunntreninga. Han må ikkje hige etter høgdetrening bare for høgdetreninga sin del dersom det går ut over den gode treninga, seier Kristiansen.

Reisekamerat: – Ingen kjære mor

Sjåstad Christiansen må også ha med seg hjelp for å gjennomføre høgdeopphald i knappe tre veker. Når NRK bestiller flybillett med 28-åringen kjøper han også seteplass til kameraten Martin Bårtveit.

Når Sjåstad Christiansen bestiller billett har han riktig nok ikkje gitt beskjed om at kompisen må ta ti dagar i karantene ved retur til Norge.

– Eg får tilby han ei husleige eller to, så får vi håpe at han blir med, seier Sjåstad Christiansen lattermildt.

– For du kan ikkje vere aleine?

– Aleine er ikkje dette gjennomførbart. Det er ein del organisering og transportering som må til, spesielt på lange rulleskiturar oppe i fjella.

Når NRK ringer Bårtveit har han fått melding om at billettane er i boks.

– Det blir reise. Vi må jo opp i høgda, seier kompisen, som er i gang med å studere massasjevideoar på Youtube.

– Har du massert før?

– Nei. Men han skal få knallhard sportsmassasje. Her blir det ingen kjære mor.

Egil Kristiansen

SKEPTISK: Landslagstrenar Egil Kristiansen ber Sjåstad Christiansen passe seg for å miste energi på ambisiøse høgdeprosjekt under koronapandemien.

Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

Kjeft

Resten av landslaget ser ut til å reise på første høgdesamling i oktober. Men Sjåstad Christiansen meiner det blir for lite.

Han vil også bruke juleferien i utlandet håp om å maksimere gullsjansane.

– Egil (Kristiansen) ser poenget med å få nok høgdedøgn, men på alle andre plan anbefaler han det ikkje akkurat no. Men eg er så sterk i trua på at det er dette som må til.

«Bestilling gjennomført» lyser opp på Sjåstad Christiansens PC-skjerm. Flybillettane til München er i boks. No gjenstår bare overnatting.

– Eg vil sikkert få kjeft av Egil i kveld, men det får vi tole, seier Sjåstad Christiansen lattermildt.

PS: Skiskyttaren vurderer også å reise til andre nærliggande land i Europa dersom innreise i Italia ikkje skulle gå. Utgangspunktet er München og derfra startar jakta på høgdemeter.

Siste nytt

  • King kan bli klar til City

    Joshua King var ikke med da Bournemouth tok tre uhyre viktige poeng i nedrykksstriden med 4-1-seier over Leicester søndag. Før kampen ble det opplyst at den norske landslagsspissen hadde pådratt seg en «mindre lårstrekk».

    Etter kampen sa manager Howe at han var usikker på omfanget av skaden, men tirsdag kom det positive nyheter fra samme mann.

    – Når det gjelder Joshua King, får vi se hvordan det går og om han rekker kampen, sier Bournemouth-manageren da han møtte pressen foran onsdagens vriene bortekamp mot City

    Joshua King
    Foto: Glynn Kirk / AP
  • Ingen supersprint i Holmenkollen

    Den nye skiskyttarøvinga supersprint, som skulle fått sin verdscupdebut i Holmenkollen komande sesong, er utsett til seinare.

    Sportssjef Felix Bitterling i det internasjonale skiskyttarforbundet seier til NRK at dei skal prøve ut øvinga med lengre løyper og utan ekstraskot i IBU-cupen komande vinter.

    Bakgrunnen for utsetjinga er mellom anna innspel frå dei aktive.

    Laster Twitter-innhold
  • Diomande ut med skade i comebacket

    Adama Diomande og Los Angeles FC var tilbake i aksjon i MLS tirsdag, men spissen måtte på ny ut med skade i 3-3-kampen mot Houston Dynamo.

    Diomande, som var ute med brudd i foten fra februar til april, skadet seg igjen i kampen mot Houston. Nok en gang var det foten som var problemet, og etter 79 minutter måtte Diomande byttes ut, snaue 20 minutter etter at han ble byttet inn.

    Adama Diomande
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal