Marcel Hirscher leia etter første omgangen. Men i den andre gjorde han omtrent alle feila i boka. Blant anna vikla han eitt av portflagga rundt handa og køyrde med det i ei lang stund før han klarte å bli kvitt det. Sjå Hirscher omgang i videoen på toppen.
Likevel blei han nummer tre til slutt. – Det fortel om kva kapasitet denne mannen har, sa kommentator Thomas Lerdahl under NRK direktesending.
Henrik Kristoffersen makta ikkje å kome på pallen i storslalåmrennet i Val d'Isère. Han enda på femteplass.
– Femteplass er ikkje dårleg, men det er akkurat litt for dårleg. Eg gjer noko småfeil og litt rusk, seier Kristoffersen til NTB.
Det norske håpet var nummer fire etter den første omgangen, og hadde pallplassen innan rekkevidde.
Men utan full klaff i finaleomgangen gjekk det ikkje heilt. Han måtte nøye seg med 12. beste tid i finaleomgangen. Det gav femteplass, 36 hundredelar frå pallen og 90 bak vinnar Alexis Pinturault.
– Det er no det tøffe begynner. Løypa her i Val d'Isère er mykje tøffare enn dei vi hadde i Levi og i Beaver Creek tidlegare denne sesongen, sa Kristoffersen til NRK i går.
Han får ny sjanse til pall og siger når han skal køyre slalåm i same bakken i morgon.
Leif Kristian Nestvold-Haugen var den andre nordmannen i finaleomgangen. Han enda som nummer 13, den same plasseringa han hadde etter første omgang.
Video: Kristoffersens finaleomgang
Video: Pinturaults vinnaromgang