– Den store testen blir eigentleg Val d'Isère og Alta Badia, seier Henrik Kristoffersen. Mannen med 15 verdscupsigrar og 32 pallplassar stiller til start der laurdag og søndag. Storslalåmrennet i Alta Badia går neste helg.
Norges beste slalåm- og storslalåmkøyrar ventar på sine tøffaste løp hittil i sesongen. I Val d'Isère i dei franske alpane skal han køyre storslalåm laurdag og slalåm søndag.
Han startar med nummer 2 i første omgang i rennet der fire nordmenn deltar.
Det er slett ikkje hans første konkurransar denne sesongen.
– Men det er dei første renna i dei normale og vanskelege bakkane, seier han.
Lett i Levi og Beaver Creek
Slalåmen i Levi og storslalåmen i Beaver Creek blir sett på som lette bakkar. Der blei han nummer to i begge.
Men i Val d'Isère blir det annleis.
– Både slalåm- og storslalåmbakken der er utruleg krevande. Eg gler meg veldig til storslalåmen, seier han.
– Eg er klar for å vere litt råare, for å gi litt meir gass. Så får det breste eller bære, seier han.
Og seier det som norske alpinfans set enorm pris på å høyre:
– Eg er mykje meir på den killeren og intensiteten og råskapen no enn eg hadde i fjor på same tid.
- Følg storslalåmrennet i Val d'Isère laurdag frå kl 09.30 og 12.30.