Ingebrigtsen er førebudd på å bruke god tid på opptreninga etter operasjonen før OL i Tokyo.
No, fire månader seinare, er han først og fremst oppteken av å halde seg på «rett side av grensa», og ikkje la seg rive med av framgang.
Derfor er han òg nøktern optimist med tanke på dei neste månadene.
– No går det så bra som det kan, og eg er optimist for neste sesong. Kanskje ikkje så mykje for neste sesong, men sesongen etter der igjen, er eg vanvitig optimist, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK og smiler.
– Ser du forbi neste sesong?
– Ja, for same kor bra neste sesong går, veit eg at eg gjer det mykje betre sesongen etterpå. Eg treng den tida, og eg treng dei konkurransane. Eg må få litt meir kontinuitet enn berre eit halvt år med trening, seier 30-åringen.
På spørsmål om neste sesong blir brukt mest som oppgbygning til 2023, svarer han «ja» – men dreg på svaret.
– Eg er jo ikkje lite ambisiøs for neste sesong for det. Men eg prøver liksom berre å byggje vidare på den sesongen til noko endå betre, seier Ingebrigtsen.
Må bremse
30-åringen har vore i denne situasjonen fleire gonger tidlegare. Grunnlaget med hard trening frå tiårsalderen gjer at han raskt kjem tilbake i god, fysisk form.
Han beskriv uthaldsidrett som å blåse opp ein ballong. Kvar gong du gjer det, er det litt lettare.
Men der ligg òg risikoen.
– Det er ikkje sikkert beina mine toler «den gode forma». Eg er på ein måte nøydd til å auke belastninga gradvis, og prøve å vere litt smart sånn at eg fokuserer litt meir på kontinuitet enn faktisk å nå det nivået eg vil så fort som mogleg, seier Ingebrigtsen.
Det krev openbert disiplin for eit stort konkurransehovud. 30-åringen omtaler sin eigen mentalitet som «eit tveegga sverd».
Når ting går bra, så kan det gå veldig bra. Men også motsett.
– Utviklinga forsterkar seg same kvar du er, kjenner eg sjølv. Det er konsekvensen av eit konkurransehovud der du har tunnelsyn. Der du berre ser startstreken og etter kvart mållinja. Du er så fokusert på det du prøver å få til at det er nesten ingenting som forstyrrar deg. Då overser du òg viktige signal, seier Ingebrigtsen, som trekkjer fram eit konkret døme:
– Å springe OL og EM i 2016 og halte med 20 prosent funksjon i venstrefoten verka som ein veldig god idé då eg var i situasjonen, og det einaste moglege, men eg forstår jo sjølv at det ikkje var bra. Men det illustrerer det tankesettet du har: Dette skal eg gjere, og så er det ingenting som påverkar.
NRKs friidrettskommentator Jann Post påpeikar at tolmod kanskje ikkje er Ingebrigtsens fremste styrke sidan han heile tida vil så mykje.
Men det er òg mykje som taler for at 30-åringen kjem sterkt tilbake, meiner Post.
– Han har eit treningssystem han veit fungerer. Han har eit hovud som er skapt for toppidrett. Men kroppen har hangla, og den har han nøydd til å få orden på. Så han må vere tolmodig, seier Post.
– Så eg trur det er lurt å ha eit langsiktig perspektiv, slik som det verkar at han har, legg han til.
– Det er det som driv meg
No blir det nemleg ekstra viktig å lytte til signala.
I juni, før operasjonen, avdekte MR-undersøkingar at festa til venstre hamstring var 80 prosent avrive.
Ingebrigtsen påpeikar sjølv at alvorsgrada er større no enn ved tidlegare skadeavbrekk.
– Så eg må halde tunga beint i munnen, og eg kan ikkje gå på denne smellen ein gong til. Då slit eg med å trene meg opp igjen reint biologisk. Men eg trur vi har nøsta opp i dei problema eg har hatt no, og eg er på rett veg. Eg ser for meg vegen eg skal gå for på ein måte å nå det nivået eg har ambisjonar om, seier Ingebrigtsen.
Ambisjonen er å komme tilbake betre enn nokon gong.
Alle skadeproblema har gjort at Ingebrigtsen gong på gong har vorte sett ufrivillig tilbake.
– Grunnen til at eg verkeleg prøver igjen og igjen og igjen, er at eg kjenner eg har eit potensial som eg ikkje har fått ut. Det er det som driv meg. Eg kan ikkje leggje opp eller gi meg utan at eg kjenner eg har prøvd alt eg kan og fått ut mitt beste, seier Ingebrigtsen.
– Kva er det?
– Det får vi sjå, seier Ingebrigtsen og smiler.
– Kva trur du sjølv?
– Eg håpar jo og har trua på at eg dei neste to–tre åra kan hevde meg i toppen i verda, sånn som Filip og Jakob gjer.