– Det er kommentarar, konklusjonar og resonnement som er, eg skal ikkje seie komiske, men morosame, for dei det gjeld, seier Jakob Ingebrigtsen i førre episode av NRK-podkasten «I det lange løpet».
Der har det nemleg vorte snakka om korleis ein potensiell duell mellom han og Karsten Warholm på 800 meter ville utarta.
NRKs kommentator Jann Post seier mellom anna at han ville «sett pengane sine på» siger til Warholm på 700 meter, men Ingebrigtsen på 800 meter.
– Den lo eg òg godt av. Ein veit jo ikkje. Karsten har jo ikkje sprunge noko meir enn 400 meter, og han seier sjølv at han har jobba meir med kondisjon no, men det er ikkje det same som vi gjer av kondisjon. Det er umogleg å seie, men i utgangspunktet trur eg ikkje han kan springe så mykje meir enn 350 meter, svarer Jakob Ingebrigtsen då han blir konfrontert med utsegna av Post sjølv.
- Høyr episoden her:
– Ingen prestisje
21-åringen påpeikar at løping ikkje er matematikk, men har med andre ord tru på seg sjølv når det gjeld den førebels hypotetiske løpsduellen.
– Det han er god på, er å leie mest mogleg med 350 igjen, sjølv om han sprang frå Benjamin siste 50 i OL. Viss det er kjenneteikna, at du går alt du kan dei første 200, og så ser du kor lite du kan stivne dei siste 200, då er det vanskeleg å argumentere for at du kan slå nokon på ein 700, seier Jakob Ingebrigtsen.
Warholm ler godt når NRK les opp kommentaren.
– Til forsvaret mitt har eg aldri prøvd å argumentere for at eg kan slå han på 700, så eg personleg ser ingen prestisje i den duellen der i utgangspunktet. Men om eg skulle sprunge ein 800 meter, så hadde eg nok opna litt rolegare enn eg gjorde på 45.94 med hekkar, så det er openbert at det vil påverke kor lenge du kan springe ein distanse, svarer han.
Trur farten gir fordel
– Eg kan jo openbert springe lenger enn 350 meter, men det er den taktikken eg går for på 400 meter hekk, det er korrekt, seier Warholm.
Han gir òg landsmannen rett i at dei har ei heilt ulik tilnærming til kondisjonstrening, men i podkastepisoden fortel han at den aerobe kapasiteten hans har forbetra seg mykje det siste året. Warholm trur likevel han hadde hatt ein sjanse på 700 meter.
– Det kan absolutt godt vere. Min store fordel måtte i så fall vere fartsreserven min som eg har frå 400, men den aerobe kapasiteten min er jo ikkje i nærleiken av Jakobs. Han kan jo dure av garde på 25 kilometer i all æve. Eg er ikkje akkurat der, eg har ein litt anna greie. Det er meir speedbasert.
– Isolert sett kunne det vore ein ganske interessant duell, men eg trur det hadde lønt seg å trene litt på det. Det er alltid lurt å ha respekt for eigenarta til øvinga, meiner trenar Leif Olav Alnes.
– Blir ikkje fornærma
Jakob Ingebrigtsen har ein personleg rekord på 800 meter på 1.46,44, sett på Bislett i fjor. Warholm har på si side aldri sprunge distansen, og meiner det derfor uansett ville vore klar fordel Ingebrigtsen.
– Eg personleg har ikkje lagt opp til ein duell, men eg synest det er gøy folk spekulerer. Eg synest det er gøy med sånne greie, og eg blir ikkje fornærma av verken den eine eller den andre uttalen. Eg har verdsrekorden i øvinga mi og eg lever ganske fint med det, seier 25-åringen med eit smil.
Dei to har ein god tone når dei møtest, og snakkar gjerne då om trening. Warholm understrekar at han har enormt stor respekt for friidrettskollegaen, og meiner det er gjensidig.
– Vi driv med to ulike ting og er begge veldig flinke til det. Eg trur vi heller skal vere takksame for at vi er to som gode i dei respektive greinene våre, så kan vi leike oss litt med tanken på sånne ting, men det må aldri bli noko splittande, det må vere noko samlande, påpeikar Warholm.