– Eg hoppa, men fekk ikkje noko god landing, seier Håvard Bøkko til NRK.
Det var heime på Hol uhellet skjedde. Bøkko sto på bakken og skulle ta ein såkalla «backflip», eller baklengs salto på godt norsk.
Eit hopp som krev spenst og kordinasjon, og eit hopp den akrobatiske 30-åringen har gjort mange gongar før.
Men denne gangen gikk det galt i satsen.
– Eg missa litt på hoppet. Dermed fekk eg ikkje nok kraft, og landa veldig dårleg. Eg skjøna med ein gang at beinet var øydelagt. Då var det berre å komme seg til røntgen, og få konstatert at beinet var brote.
– Eg var skikkeleg stolt av meg sjølv, seier Bøkko ironisk.
– Du angrar med ein gang. Kvifor skulle eg hoppe der og då. Men det kunne skjedd når som helst, og kor som helst, trøystar han seg med.
– Kjedeleg
Hol-væringen fortel at leggbeinet brakk «ganske langt nede på ankelen». Han blei køyrt til sjukehuset og operert. Resten av påska tilbragte han på sofaen med gips og krykker.
På grunn av skader og motivasjonsproblem la Bøkko bort skøytene under fjorårets sesong.
Men 30-åringen har fått gnisten tilbake og satsar for fullt mot OL i 2018.
Difor synes han det er «kjipt» at beinbrotet kom etter ein god treningsperiode.
– Ja, det er det som var litt kjedeleg, fordi eg har trent godt sidan januar-februar, seier han.
Han opplyser at han har trent 10-11 økter i snitt i veka dei siste månadane. Men at det tross alt er eit plaster på såret at han var i god form då fallet skjedde.
– Blir endå meir «svolten»
Tirsdag møtte han resten av landslaget til sesongens første treningssamling i Oslo. Mens resten av laget trente i Bærum ishall, sat han på ergometersykkelen på Olympiatoppen.
Han skal gå på krykker fram til rundt 1. juni. Difor blir det «alternativ» trening i mai. I juni håpar han igjen å kunne sykle og gå på rulleskøyter.
– Kjem dette til å hindre eit vellukka comeback frå Håvard Bøkko?
– Nei, det skal det ikkje. Eg blir berre endå meir svolten på å gjere ein ordentlig jobb i sommar. Eg har lagkameratar som kjem til å «pushe» meg.
– Eg kjem til å henge litt etter i starten av sommaren, men får berre prøve å ta dei igjen inn mot hausten. Eg trur dette skal gå bra dersom alt anna går på skinner. Det er ein god mulegheit for at dette går veldig fint., seier Håvard Bøkko.
Bøkko sitt store mål denne sesongen blir 1500-meteren i Pyeongchang. Hans beste olympiske resultat er bronse på 1500-meteren i Vancouver OL i 2010. Hans største triumf nokonsinne er VM-gullet, også det på 1500, under VM enkeltdistansar i 2011 i Inzell.