– Ja, motivasjonen er tilbake, og om eg kan halde meg skadefri, ser eg fram mot neste sesong og OL, seier Bøkko til NRK.
I haust kunngjorde Norges beste skøyteløpar det meste av det siste tiåret at han mangla motivasjon, og at han derfor ville ta pause denne sesongen. Han er difor ikkje på plass under allround-VM på Hamar denne helgen.
– Det hadde gått litt trått dei siste sesongane, med masse småskader og problem. Eg var rett og slett dritlei, og gadd ikkje kaste bort tid og pengar på halvdårlege løp, seier Bøkko.
I 10-12 år har han satsa for fullt, med over 200 reisedøgn i året. I haust var det stopp.
På jakt
– Kva har du gjort det siste halvåret?
– Eg har gått mykje på jakt. Og så har eg jobba litt som snekkar hos ein kompis. Det har vore herleg å kutte heilt ut og vere heime, og gjort noko heilt anna enn å trene, seier Bøkko.
Baktanken har vore at motivasjonen skulle kome tilbake, og det meiner han har lykkast. I førre veke var han med landslaget på treningsleir i Inzell.
– Godt å ha han tilbake
Det sette landslagsløparane stor pris på.
– Vi hadde også med oss Håvard igjen, og det var kjekt å ha han tilbake. Han verkar motivert igjen og i godt humør, så eg håpar han gjer ein solid jobb framover, og er klar til vi begynner oppkøyringa til OL, seier Sverre Lunde Pedersen.
– Det var godt å vere på is igjen, seier Bøkko. Han er skadefri no, også kneet held bra, seier Bøkko. – So far so good.
Han skal vere med laget både til VM på Hamar i helga og verdscupavslutninga i Stavanger neste helg, og trene med landslagsløparane.
I mai tek oppkøyringa til OL-sesongen til. Då vil Håvard Bøkko vere med.
- VM allround fra Hamar startar på NRK 2 frå klokka 13.25.