Hopp til innhold

Hardt ut mot russisk «OL-kopi» – åtvarar land mot å delta

Vladimir Putin har bringa tilbake «OL-kopi» frå Sovjetunionen. IOC-presidenten kallar påfunnet «fullstendig politisk», og får medhald frå idrettsforskar.

Russia Olympics

SKAL DELTA?: Høgdehopparen Marija Lasitskene er kanskje den største stjerna i russisk friidrett i dag. Det er førebels uklart om ho skal delta i «Vennskapsleikane».

Foto: Charlie Riedel / AP

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har stengt ute russiske idrettsutøvarar frå å delta i Paris-OL neste år grunna Russland sin invasjon av Ukraina.

President Vladimir Putin svarer med å gi det gamle sovjetiske prosjektet «Vennskapsleikane» nytt liv. Mellom 15. og 29. september 2024 skal det konkurrerast i 25 sommaridrettar i Moskva og Jekaterinburg, med mål om «å sikre russiske utøvarar si rett til deltaking».

Det reagerer IOC-presidenten sterkt på.

– Den russiske regjeringa skuldar oss for ikkje å halde oppe politisk nøytralitet. Samtidig prøver den same regjeringa å organisere eit fullstendig politisk idrettsarrangement, sa Thomas Bach måndag i førre veke under et IOC-møte i Sveits.

Her tok også fleire andre IOC-toppar avstand frå meisterskapen, ifølgje Inside the games.

Thomas Bach og Vladimir Putin i 2014

UVENNER: Det var ein gong IOC-president Thomas Bach (til venstre) og Russlands president Vladimir Putin hadde ein god tone. Her fotografert i 2014. No har pipa fått ein annan lyd.

Foto: AP PHOTO

Sigmund Loland, professor ved Noregs idrettshøgskole, er samd med IOC-presidenten.

– Eg er klart kritisk. Russarane har gong på gong vist manglande respekt for internasjonal idrett. Den statsstyrte dopinga før og under Sotsji er eit tydeleg døme. For meg er eit olympisk arrangement eit heilhjarta og imponerande forsøk på å samle verda. Det er det russarane vil til livs. Det handlar heilt klart om å forvalte og styrkje russisk omdømme, seier Loland til NRK.

Generalsekretæren i Verdas antidopingbyrå (WADA) rettar også sterk kritikk mot leikane:

– Dette ser ut til å vere fullstendig organisert utanfor rammene til idretten, sa Olivier Niggli på eit styremøte i WADA førre veke.

«Austblokka sitt OL»

Den offisielle historia bak Vennskapsleikane har alltid vore at det ikkje er eit alternativ til OL. Kanskje var det eit reint slumpetreff at dei oppstod same år som Sovjetunionen boikotta sommar-OL i Los Angeles 1984, etter at USA hadde boikotta dei i 1980.

I Vesten vart Vennskapsleikane ofte omtalt som «Austblokka sitt OL» sidan det vart konkurrert i mange olympiske greiner.

Sigmund Loland

PROFESSOR: Sigmund Loland har forska på idrett, etikk og samfunn i ei årrekkje.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Loland, som har forska på etikken til idretten og filosofi i tre tiår, meiner Vennskapsleikane er eit openbert mottrekk til IOC sin politikk om å utelukke utøvarar som representerer Russland:

– Det treffer IOC på eit sårt punkt. Den olympiske ideen er å unngå partiske, politiske posisjonar og samle verda. Får eit konkurrerande initiativ ei viss oppslutning, sprekkjer ideen. Vennskapsleikane kan ramme IOC både verdimessig og praktisk.

Han trekkjer fram korleis Russland har ført vidare Sovjetunionen sin bruk av idrett som propaganda.

– Russiske utøvarar med suksess blir brukte som døme på overlegenheita i det russiske systemet. Mange er knytt til det militære og blir lønna av staten. Tradisjonen går tilbake til kommunistiske Aust-Europa. Leiarar bruker aktivt idrettssuksess som intern propaganda og som internasjonal markering. I desse dagar er nok den interne legitimeringa spesielt viktig. Putin-regimet er avhengig av støtte i folket.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå den russiske ambassaden i Noreg, førebels utan hell.

Marija Lasitskene og aroslava Mahuchikh

DEN GONG DÅ: Under Tokyo-OL i 2021 tok russiske Marija Lasitskene gull i høgdehopp. Ho representerte Russland sin olympiske komité, sidan Russland var utestengt for dopingbrot. Ukrainske Jaroslava Mahutsjykh kapra bronsen, og konkurrentane feira saman.

Foto: AP

Åtvarar mot deltaking

Sjef for Vennskapsleikane, Alexey Sorokin, lokkar land og utøvarar med høge premiepengar:

– Det blir ein stor premiepott. Vi kjenner på krava frå det internasjonale samfunnet om ein meisterskap som ikkje er politisert. Leikane bør sameine land som er klare til å konkurrere, utan omsyn til politikk. Det einaste kriteriet er resultata. Vi erstattar ikkje Dei olympiske leikane; det er snarare eit mektig tillegg til idrettskonkurransane i verda.

Alexey Sorokin, 2018

RUBEL-JUBEL: Sorokin har tidlegare jobba med fotball-VM i Russland i 2018. No lokkar han med store premiesummar i Vennskapsleikane.

Foto: AP

I 1984 var Noreg eitt av deltakarlanda i Vennskapsleikane. No blir Noreg og resten av IOC sine medlemsland åtvara frå å delta i 2024-versjonen, som russiske styresmakter, ifølgje nettstaden Inside the games, skal bruke nærare éin milliard kroner på.

James Macleod, Den nasjonale olympiske komité (NOC) sin leiar for relasjonar og olympisk solidaritet, åtvarar medlemsland frå å gå imot IOC si tilråding:

– Med tanke på den aukande politiseringa av verdsidretten, ber vi om at alle nasjonale olympiske komitear utviser varsemd med omsyn til dette initiativet, seier han.

Loland trur nokre land kan la seg lokke.

– Den olympiske rørsla består av over 200 nasjonale, olympiske komitear. Ikkje alle er like opptekne av Russland sin invasjon av Ukraina. Blir pengepremiane høge nok, vil nok nokon kjenne seg freista. Men med åtvaringa frå IOC, trur eg ikkje på stor, internasjonal oppslutning.

Professoren meiner OL står støtt, trass fleire alternative leikar.

– Ulike initiativ dukkar opp. Blant dei siste er ideen om Enhanced Games: leikar utan dopingkontroll. Men dette er for nokre få, spesielt interesserte. Det olympiske maskineriet målar vidare. OL vil nok overleve også dette initiativet, seier Loland.

Russland skal også arrangere BRICS-leikane éin månad før OL neste sommar, med Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Så står det att å sjå kor mange som vil delta i Vennskapsleikane etter OL i Paris – utan russiske utøvarar.

BRICS

BRICS: Kanskje fell BRICkene på plass for Russlands Vennskapsleikar med Brasil, Kina, Sør-Afrika og India med på laget. Frå venstre: Brasil sin president Luiz Inacio Lula da Silva, den kinesiske presidenten Xi Jinping, Sør-Afrika sin president Cyril Ramaphosa, den indiske statsministeren Narendra Modi og Russland sin utanriksminister Sergei Lavrov.

Foto: AFP

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal