Hopp til innhold

«Doping-OL» møter kraftig motstand: – Folk kjem til å døy

Eit OL der all doping er tillaten? Det nye meisterskapet møter stor motstand, og fleire slår alarm om helserisikoen.

Armstrong D'Souza

KONTROVERSIELL: Aron D'Souza (til høgre) meiner at Lance Armstrong burde fått behalde titlane og rekordane sine. I hans nye «Enhanced Games» blir det oppmoda til å tøye grensene for kva som er mogleg for menneskekroppen.

Foto: NTB / Enhanced Games

Den australske gründeren Aron D'Souza har lansert eit ambisiøst og oppsiktsvekkjande konsept: «Enhanced Games» – eit OL der doping er tillate.

Teamet bak det nye meisterskapet meiner at ein ikkje bør avgrense vitskapen, men omfamne han. Det vil derfor ikkje utførast dopingtestar under leikane, som er planlagde arrangerte i desember 2024.

Aron D'Souza

GRUNNLEGGJAR: Aron D'Souza lanserte nyleg «Enhanced Games» – eit meisterskap utan dopingtestar.

– Utøvarane er vaksne menneske, og har rett til å gjere som dei vil med eigen kropp. Kroppen min, mitt val. Kroppen din, ditt val, seier D'Souza til nyheitsbyrået AAP, ifølgje The Guardian.

Han lovar at all bruk av prestasjonsfremjande midlar skal gjerast på ein kontrollert, medisinsk forsvarleg måte.

Møter motstand: – Det er ein vits

«Doping-OL» skal innehalde fem ulike idrettar: Friidrett, symjing, vektløfting, turn og kampsport.

D'Souza meiner at dei tradisjonelle olympiske leikane er korrupt og øydelagd. Pampane tener seg rike, medan utøvarane strevar for å finansiere eiga satsing, hevdar han.

Derfor forventar dei motstand frå Den internasjonale olympiske komité (IOC) mot det nye konseptet.

– Dei kjem til å true oss, men vi veit at vi moralsk er på den rette sida.

Ben Johnson

TEKE: Ben Johnson vann OL-gull på 100 meter i 1988, men vart seinare teke for bruk av anabole steroid.

Foto: AP

Eit OL der doparar blir ønskt velkommen har allereie møtt stor motstand. Australia sin OL-sjef Anna Meares seier ho er forskrekka av konseptet.

– Det er ein vits, for å vere heilt ærleg. Det er urettferdig og utrygt, dette er ikkje måten å utøve idrett på, meiner ho.

Hulken mot Obelix mot Green Goblin

Ideen om eit «doping-OL» blir òg spreidd flittig på sosiale medium. Ein video publisert på Twitter-kontoen deira, der dei hevdar at Usain Bolt sin verdsrekord på 100 meter kjem til å bli slått, er sett over sju millionar gonger.

Pgm-p5WheqU

KRITISK: Friidrettslegenda Michael Johnson.

Foto: AFP

– Dette er ganske latterleg, skreiv friidrettslegenda Michael Johnson, med fire OL-gull på merittlista, på Twitter.

Seinare sletta han meldinga fordi han ikkje ønskte å gi det nye prosjektet merksemd.

Sportskommentator i NRK Jan Petter Saltvedt meiner at lanseringa av «doping-OL» mest av alt er ein provokasjon.

Det er eit forsøk på å utfordre alle etablerte sanningar i den IOC-styrte sportsverda gjennom å lage idrettsleikar der Hulken møter Obelix møter Green Goblin på 100-meteren, i symjebassenget eller på frittståande-golvet.

Collage

KVEN VINNAR: Hulken, Obelix eller Green Goblin?

Foto: NTB

«Point of no return»

Idrettsprofessor Jan Ove Tangen ved Universitetet i Sørøst-Norge meiner at argumenta til «Enhanced Games» kan verke overbevisande viss ein ikkje har eit fagleg bakteppe for å vurdere det.

Ifølgje han er konseptet inspirert av transhumanismen, men utan å gå innpå det etisk tvilsame ved tanken om at mennesket kan overskride seg sjølv ved hjelp av teknologi.

Jan Ove Tangen

PROFESSOR: Jan Ove Tangen.

Foto: Privat

Viss ein opnar opp for denne typen tenking, utan å ta med seg det kritiske, kan vi ende opp med ein situasjon der det ikkje er nokon veg tilbake. Eit «point of no return» der det blir teke i bruk kloning, genmodifisering, implantat, hormon, andre preparat osv., seier Tangen og held fram:

Det eg synest er svært problematisk med dette, er at dei argumenterer under dekket av at vitskapen berre er god og at dette er til det beste for utøvarane. Det er svært lite kritiske refleksjonar å spore, seier Tangen.

– Folk kjem til å døy

Saltvedt beskriv «Enhanced Games» som eit vitskapleg eksperiment, der utøvarane er rotter og marsvin. Han meiner òg at det er eit filosofisk prosjekt, der ein blir tvinga til å tenkje over kvifor idretten er bygd opp og regulert som i dag.

Slik sett er det faktisk teoretisk interessant, men i praksis er det både unødvendig og i høgaste grad uforsvarleg, seier han.

jps

SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Saltvedt meiner at IOC har godt av å bli utfordra, men at dette ikkje er måten å gjere det på. Dei fråverande reglane rundt doping, skaper bekymring.

Avgrensingane i medikamentbruk i idretten har sine openberre etiske og fysiologiske grunnar. Å skulle presse alle grenser for kva vitskapen kan produsere av kunstig skapt yteevne er nøydd til å ende i ei eller anna form for tragedie.

«Enhanced Games» lyder mest av alt som idretten sin versjon av Hunger Games, der den som står igjen levande til slutt vinnar.

Dei nye leikane hevdar at all bruk av doping skal gjerast i kontrollerte former.

– Skal du sjølv få bestemme kva for risiko du er villig til å ta, eller skal styresmaktene eller idrettsforbunda gjere det? spør D'Souza overfor The Guardian, utan å leggje skjul på kva han meiner.

Les også Påstandar om systematisk dopingjuks – stjerna tek oppgjer med heimlandet

Kipchoge Kenya

Men noko skurrar for professor Tangen. Han er klar på at det vil utgjere ein helsemessig risiko, og spør seg korleis dei faktisk skal kontrollere at ting går forsvarleg for seg.

Det blir ein dobbeltmoral og ei logisk sjølvmotseiing. Utøvarane blir «forsøkskaninar» i eit usikkert og potensielt svært skadeleg biologisk eksperiment, meiner han.

Den tidlegare langdistanseløparen Rob Watson er òg redd for kva konsekvensane kan bli.

– Rein idrett er trygg idrett. Folk kjem til å døy medan dei prøver dette. Så uansvarleg og farleg, skriv han på Twitter.

Støtte frå utøvarar

Nokre få utøvarar har likevel uttrykt støtte til «Enhanced Games». Dei har eit eige utøvarutval, leidd av den tidlegare OL-symjaren Brett Fraser.

Han meiner at han har konkurrert mot fleire som har hatt ein fordel av medisinske fritak (TUE) gjennom karrieren.

khLxFwxzuKM

SYMJAR: Roland Schoeman er framleis aktiv symjar. Her frå OL 2004, der han tok sølv.

Foto: Ap

– Eg kjenner til utøvarar som har fått fritak til å bruke medisinar eller behandlingar som ikkje alle utøvarar har tilgang til eller har lov til å bruke, seier Fraser, ifølgje symjenettstaden SwimSwam.

Ein annan symjar, den tidlegare dopingutestengde utøvaren Roland Schoeman, fungerer som rådgivar for dei nye leikane. Han har heile tida hevda at dopingprøva hans vart forureina, og hevdar framleis at han aldri vil bruke prestasjonsfremjande midlar.

– Eg meiner at alle burde ha fridommen til å ta sitt eige val rundt prestasjonsfremjande midlar, så lenge dei er godt informerte om dei potensielle risikoane, konsekvensane og krava frå det nasjonale og internasjonale forbundet deira, seier han ifølgje sørafrikanske Times.

Professor Tangen tviler sterkt på om «Enhanced Games» vil la seg gjennomføre. Han skjønner ikkje korleis det skal finansierast, kven som vil sponse eit idrettsarrangement utan dopingtesting, kva for byar som vil arrangere, kva mediehus som vil sende det og kva for utøvarar som vil delta.

Det eg spør meg om er kva som ligg bak og kva dei vil? Realismen er heilt fråverande, dei vil ikkje klare å få dette på plass. For meg verkar det som eit opplegg frå initiativtakarane for å sko seg på kort sikt.

enhanced

Slik presenterer Enhanced Games seg på eigne nettsider.

Foto: Skjermdump Enhanced Games

Oppsiktsvekkjande dopingliste

nettsida har «Enhanced Games» ei oversikt over dopingrekordar, som dei meiner burde vore godkjende, og ei hyllest av utestengde utøvarar som Lance Armstrong og Ben Johnson.

UniSRHZSWQU

PÅ LISTE: «Enhanced Games» hevdar at Florence Griffith Joyner, som omkom i 1998, dopa seg.

Foto: Ap

Men blant utøvarar som burde få tilbake rekordane sine dukkar òg stavhoppar Jelena Isinbajeva, den danske løparen Wilson Kipketer og den amerikanske sprintaren Florence Griffith-Joyner opp.

Det er berre eitt problem.

Ingen av desse er nokon gong tekne for bruk av forbodne stoff. Men vitskapen veit openbert ting vi i offentlegheita ikkje har fått med oss, her òg, seier Saltvedt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal