Hopp til innhold

Halve Noreg seier nei til VM: – Så vondt at ein ikkje kan glede seg

Fotballspelarar, trenarar og fagkunnige er splitta om dei vil sjå på VM eller ei. Ei undersøking frå NRK viser at over halvparten av det norske folk ikkje vil sjå det.

Bilde-collage

USAMDE: NRK har spurd fleire fotballprofilar om dei har tenkt å sjå VM i Qatar.

Foto: VEGARD GRØTT, Ina Strøm, RODRIGO FREITAS, OLE MARTIN WOLD / / BILDBYRÅN, NTB, NRK

Rosenborg-trenar Kjetil Rekdal og VIF-spelar Stefan Strandberg er einige om ein ting. Dei skal sjå VM i Qatar, både for inspirasjon, læring og gleda av å sjå verdas beste fotballspelarar i aksjon.

Det skal ikkje Arsenal-spelar Frida Maanum og Ole Kristian Sandvik, talsmann for norsk supporterallianse. Dei støttar ikkje verdiane til vertsnasjonen, og vil difor ta avstand.

– Eg ynskjer ikkje å vere med på å legitimere eit korrupt meisterskap som har teke livet av tusenvis av arbeidarar. Meisterskapen er direkte skuld i at slavar frå fleire land har døydd. Ved å ikkje sjå på VM bruker eg forbrukarmakta eg har, seier Sandvik til NRK.

Det meiner også fleire av deltakarane i undersøkinga firmaet InFact har gjort på vegner av NRK.

Over halve Noreg vil ikkje sjå VM

InFact gjorde ei telefonundersøking hjå 1004 personar over 18 år, der dei tok føre seg ein rekkje spørsmål knytt til meisterskapen som startar 20. november.

InFact gjer automatiske telefonoppringingar. Feilmarginen er på maksimalt tre prosent, ifølgje InFact.

– Men heldigvis er tala mykje grovare delt inn enn det, så feilmarginen har ingenting å seie for dei konklusjonane vi trekk, fortel fagsjef Knut Weberg til NRK, som står bak undersøkinga.

På spørsmålet «Kjem du til å sjå på fotball-VM i november/desember» svarer litt over halvparten av deltakarane «nei».

Litt over halvparten svarer at dei ikkje er interessert som hovudgrunn til at dei ikkje skal sjå VM, medan nesten fire av ti meiner at meisterskapen bryt med deira verdiar.

– Det står fram som eit høgt tal. Det er ein betydeleg motstand mot VM nettopp av den årsaka at det går i Qatar, konkluderer Weberg.

Det ville heller ikkje hjelpt om Noreg kvalifiserte seg til VM. Seks av ti svarer likevel nei på at dei ville sett på.

Ulike meiningar

NRK har spurt fleire fotballspelarar, trenarar og fagpersonar om dei vil sjå på VM i Qatar, og kvifor dei tek det valet som dei gjer.

Slik stiller dei seg til det:

Frida Maanum, fotballspelar for Noreg og Arsenal

Trening med kvinnelandslaget i fotball
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Skal du sjå VM?

– Eg trur ikkje eg kjem til å sjå på det. Det er verdiar i den meisterskapen som eg ikkje står for, og derfor vel eg å gjere som eg gjer, seier Maanum.

– Korleis har det vore å ta det valet?

– Det er ikkje noko som er gjennomtenkt, det er eit ganske spontant val ut frå dei verdiane dei står for. Det er veldig mykje i den meisterskapen som er veldig feil, og difor tar eg det valet.

Stefan Strandberg, landslagsspelar og VIF-spelar

Football, Norway, training
Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Vil du sjå på VM i Qatar?

– Ja.

– Kvifor?

– Fordi det er dei beste fotballnasjonane og spelarane i verda. Det er viktig for oss å sjå kva dei beste gjer og lære av dei, og samstundes plukke opp trendar som kjem i fotballen. Det er naivt å tru at ting vi gjer, er betre enn alle andre. Vi er nøydd til å følgje med for å lære og for å bli betre, seier Strandberg.

Kjetil Rekdal, Rosenborg-trenar

Eliteserien fotball 2022: Rosenborg - Strømsgodset (3-0).
Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Skal du sjå fotball-VM?

– Eg skal sjå VM i Qatar, og grunnen til at eg gjer det er fordi eg er interessert i fotball og ynskjer å oppdatere meg, og få fagleg påfyll, seier Rekdal.

Nils Henrik Smith, forfattar og Josimar-skribent

Nils Henrik Smith
Foto: Ina Strøm / NRK

– Skal du sjå VM i Qatar?

– Eg kjem ikkje å sjå VM i Qatar. Det er det to grunnar til, seier Smith.

Den første grunnen er personleg.

– Eg har sett alle VM sidan 1986, men kan ikkje forsvara å følgja med i år når eg kjenner til dei menneskelege lidingane som ligg til grunn for meisterskapen. VM har vore arrangert i autoritære regime før, med Argentina i 1978 og Russland i 2018 som dei mest graverande eksempla, men aldri tidlegare har overgrep og menneskerettsbrot vore så direkte knytt til sjølve VM-arrangementet som tilfellet er i år.

– Tusenvis av dødsfall. Kynisk og medviten utnytting av framandarbeidarar frå nokre av dei fattigaste landa i verda. Hårreisande uverdige og farlege arbeids- og buforhold. Kronisk underbetaling. Slaveri-liknande arbeidskontraktar. Seksuell utnytting. Systemisk rasisme. Qatar har, på papiret, innført enkelte reformer sidan dei vart tildelt VM i 2010, men vi veit at dei berre i svært varierande grad vert etterlevd. Fifa, på si side, har ikkje løfta ein finger for å hindre overgrepa, og trass i dei gigantiske inntektene VM vil generere for organisasjon har dei ikkje ein gong vore viljuge til å innføre ei økonomisk kompensasjonsordning for arbeidarar som har fått liv og helse øydelagt under førebuingane til meisterskapet, slik mellom anna Amnesty har stilt krav om. Det er ikkje mogleg å sjå vekk frå alt dette for ei fotballturnering si skuld.

I tillegg til dei dokumenterte arbeidsforholda i Qatar, har mellom anna Amnesty og FN rapportert om seksuell mishandling og strukturell rasisme i ørkenstaten. Qatar har gjentatte gonger påpeika at dei har gjort endringar i lovverk og arbeidsreformer, men så seint som i oktober stilte Amnesty ein rekkje krav til VM-arrangøren.

Den andre grunnen til Smith er politisk.

– Det er viktig at flest mogleg viser at vi ikkje finn oss i dette. Ein boikott kan kanskje ikkje endra samfunnsordninga i Qatar, men han kan gjera det vanskelegare for Fifa å velja eit diktatur utan respekt for menneskerettane som VM-vertskap ein gong til. Dei som sår tvil om den eventuelle effekten av ein boikott overser resultata vi allereie har sett: Det supporterdrivne grasrotinitiativet for at Noreg skulle boikotta VM i Qatar fekk stor internasjonal merksemd, det førte til at landslaget under Ståle Solbakken gjennomførte fleire markeringar for menneskerettane og til at Lise Klaveness vart vald til president i NFF med eit klart mandat om å tale makta midt imot på Fifa-kongressen i Qatar. Alt dette er direkte resultat av at heilt vanlege, norske fotballentusiastar snakka saman og vart einige om at dette vil dei ikkje finna seg i lenger.

– Fifa er ein enormt mektig organisasjon som det vil ta tid å snu, men dei er allereie tvinga over på defensiven. Sportsvasking er framme i samfunnsdebatten no på ein heilt annan måte enn for eit par år sidan. Vi har sett supporterprotestar i mange land. Fleire av dei offisielle VM-sponsorane har kutta ut dei tradisjonelle VM-kampanjane sine i Noreg og andre europeiske land fordi dei veit kor upopulært Qatar-VM er i opinionen. Dei får altså ikkje valuta for pengane sine, og det vil påverke betalingsviljen deira neste gong VM eventuelt vert tildelt eit autoritært regime. Det same gjeld sjølvsagt for TV-selskapa som kjøper senderettane. Og pengar er eit språk Fifa forstår. Difor er det viktig at flest mogleg vel å slå av TV-en under årets VM-sluttspel, seier Smith.

Hege Riise, landslagstrenar for Noreg

Trening med kvinnelandslaget i fotball
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Skal du sjå på VM i Qatar, eller skal du boikotte?

– Eg tenkjer ikkje boikott, men det er vel denne meisterskapen eg har gledd meg minst til. Eg veit så vidt kven som er der og kva gruppe dei er i. Eg har lite kjensler i inngangen til denne meisterskapen. Om eg kjem til å sjå nokre kampar, det gjer eg vel kanskje, seier Riise.

– Er det for å halde deg oppdatert?

– Eg likar alltid å sjå fotball, og å få referansar og nyansar, og det er jo den sporten vi er mest glad i.

Jørgen Strand Larsen, landslagsspelar og Celta Vigo-spelar

Football, Nations League, Norway - Serbia
Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Kjem du til å sjå på VM i Qatar?

– Ja, eg gjer det. Som fotball-fan sidan eg var eit lite barn, så blir det vanskeleg å ikkje gjere det. Eg er ikkje heilt fornøgd med korleis ting er, men det er ikkje så mykje eg får gjort noko med sjølv. Eg skal sjå VM.

Erling Moe, Molde-trenar

Eliteserien i fotball 2022: Molde - Sandefjord (2-1)
Foto: Marius Simensen / NTB

– Skal du sjå fotball-VM, eller skal du boikotte?

– Ja, det skal eg. Eg har personleg langt større sansen for at vi har ein dialog i og rundt ting, og ikkje ein boikott. Slik er det på alle moglege frontar i mitt liv, så slik kjem eg til å halde på, seier Moe til NRK.

Guro Bergsvand, landslagsspelar

Trening med kvinnelandslaget i fotball
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Skal du sjå fotball-VM?

– Eg skal sjå det. Eg har takka ja til å jobbe med TV 2, og skal sitte som gjest i studio der. Eg skal sjølvsagt sjå noko. Eg har vurdert det slik at – ingen av oss er for det VM-et, det skulle aldri ha skjedd – men eg har lyst å bruke mi stemme og vere ein god vekt inn i eit slikt studio.

– Korleis var det å ta det valet?

– Det var tøft. Eg har gått fleire rundar. Det er så vondt at ein ikkje kan glede seg til meisterskapen, og innimellom får eg ein kjensle at eg har mykje å seie, og andre dagar så tenkjer eg «kvifor gjer eg dette». No skal eg stå i dette valet, og håpar at vi får nokre gode fotballopplevingar og får fram meir enn berre fotballen i den meisterskapen.

Kjetil Knutsen, Bodø/Glimt-trenar

Eliteserien i fotball 2022: Strømsgodset - Bodø/Glimt
Foto: Annika Byrde / NTB

– Har du planar om å følgje med på fotball-VM?

– Ikkje sånn veldig. Eg kjem nok til å sjå nokre kampar, men på grunn av heile arrangementet og alt det står for, så er det med bismak du vel å sjå dei kampane. Eg skal ha litt ferie, men eg lyg viss eg seier at eg ikkje ser, for det kjem eg sikkert til å gjere, seier Knutsen.

Emilie Haavi, landslagsspelar og Roma-spelar

Trening med kvinnelandslaget i fotball
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Skal du sjå fotball-VM?

– Eg har faktisk ikkje tenkt så mykje på det, og det er kanskje litt fordi ein ikkje gler seg til VM. Det er på ingen måte noko meisterskap eg støtter, eller som eg gler meg til å sjå, slik som ein pleier. Mest sannsynleg kjem eg ikkje til å følgje noko godt med.

– Du har inga VM-kjensle?

– Nei, eg har ikkje det. Det er kanskje fordi det er i desember, også.

Karl Petter Løken, generalsekretær i Noregs Fotballforbund

Pressetreff
Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Skal du sjå VM i Qatar?

– Eg skal sjå fotball-VM, rett nok med ein bismak i munnen. Det å halde seg oppdatert på fotball på aller øvste hylle oppfattar eg å vere ein viktig del av jobben min, seier Løken.

Lars Arne Nilsen, Aalesund-trenar

Eliteserien i fotball 2022: Aalesund - HamKam
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Skal du sjå på fotball-VM?

– Eg trur ikkje eg har lyst å snakke om det. Det er komplisert, synest eg. Det kan eg seie. Eg skal i alle fall ikkje sjå reklamepausen, seier Nilsen.

Birger Løfaldli, kommentator i Adressa

Birger Løfaldli
Foto: Ali Iqbal Tahir / NRK

– Skal du sjå VM?

– Ja, eg skal følgje med på VM, både fotballkampane og ikkje minst debattane rundt meisterskapen. I tillegg ser eg fram til å følgje mediedekninga av Qatar-VM. Eg skjønar argumenta til dei som let vere å sjå på VM, men som journalist meiner eg det blir prinsipielt feil. Pressen, og dermed også mi oppgåve, er å observere, stille relevante spørsmål og ha eit kritisk blikk på det som skjer i verda, uansett kor ubehageleg realiteten er. Dette gjeld også for fotball-VM i Qatar, seier Løfaldli til NRK.

Han held fram:

– Så kan kritikarane seie at også vi i pressen kan la vere å følgje idretten og berre dekkje dei utanomsportslege sidene ved meisterskapen. Eg meiner det blir feil, då det er avgjerande å ha det totale biletet for å forstå mest mogleg og få ein mest mogleg dekning.

Markus Henriksen, Rosenborg-spelar

Eliteserien fotball 2022: Rosenborg - Strømsgodset (3-0).
Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Skal du sjå VM?

– Det får vi ta når den tid kjem. Det er ikkje noko tvil om at det VM-et ikkje blir like artig som det har vore. VM skal vere det største som skjer. Det skal vere mange land og det skal vere ein stor fest. Alt som har komme fram om det som skjer i vertsnasjonen, byggjer ikkje opp at ein gler seg til VM, spør du meg, seier Henriksen.

Gaute Helstrup, Tromsø-trenar:

Eliteserien i fotball 2022: Tromsø-Aalesund 2-2.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

– Nokre vel å sjå VM, andre vil ikkje gjere det. Kva gjer du?

– Jau då, eg skal sjå det, men det har ein bismak med seg. Eg er utruleg misfornøgd med tildelinga til Qatar, og ting som har skjedd etter det. Eg kjem til å sjå kampar, men det kan fort bli litt færre enn vanleg. Men eg vil ha med meg litt av opplevinga og faget, seier Helstrup.

Reidar Sollie, sportssjef i Dagsavisen

Pressekonferanser under Bislett Games i Oslo rådhus med jordbærparty.
Foto: Vidar Ruud / NTB

– Skal du sjå VM?

– Ja, eg skal sjå på fotball-VM med bismak, men må følgje med av jobbmessige årsaker. Eg er journalist, ikkje aksjonist. Samstundes merkar eg at engasjementet rundt det sportslege rundt denne meisterskapen aldri har vore lågare. Men når Qatar spelar opningskampen søndag, eit lag som verken er sportsleg eller etisk kvalifisert, er det jo vår oppgåve å skildre dette og setje det inn i ein samanheng, seier Sollie.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal