Hopp til innhold

Reagerer sterkt på Fifa-utsegn om migrantarbeidarar: – Dei må slutte å gøyme seg

Raftostiftelsen og Amnesty er bekymra etter at Fifa hevda tre migrantarbeidarar har mista livet som følgje av arbeid på ein VM-arena i Qatar.

Qatar's Lusail Stadium

UROVEKKJANDE: Raftostiftelsen meiner det er urovekkjande at Fifa ukritisk bruker tala dei får servert frå qatarske styresmakter.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

– Kvifor ønskjer Fifa å gå ut med dette talet? Dei burde vist ein litt større audmjukskap til den dokumentasjonen som har komme fram frå andre organisasjonar, meiner Jostein Hole Kobbeltvedt.

Han er dagleg leiar i Raftostiftelsen, og seier Fifas tal står i sterk kontrast til dei uavhengige rapportane om forholda i Qatar.

– Fifa hadde vore tent med å vise at dei som organisasjon lærer. Dei sa klart nei til det når dei la fram desse tala, seier han til NRK.

Jostein Hole Kobbeltvedt, Dagleg leiar i Raftostiftelsen

AUDMJUKSKAP: Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftelsen etterlyser meir audmjukskap frå Fifa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Førre veke melde Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) at tre personar har gått bort under bygginga av stadiona til fotball-VM i Qatar.

Men tidlegare har mellom anna den truverdige avisa The Guardian hevda at meir enn 6500 migrantarbeidarar har mista livet i Qatar sidan tildelinga av meisterskapen i 2010.

Fifas tal stemmer overeins med det qatarske styresmakter har meldt tidlegare. 37 arbeidarar som jobba på ein VM-arena skal ha gått bort, men det blir altså hevda at det er berre tre av desse som har omkomme som direkte konsekvens av å jobbe på ein arena.

Prosjektleiar i Amnesty Frank Conde Tangberg meiner tala frå Fifa og Qatar er misvisande.

– Ei grunnleggjande problemstilling er at dei ikkje undersøkjer dødsfalla grundig nok. Derfor veit vi i dei fleste tilfelle ikkje dødsårsaka. Mange dødsattestar viser til akutt pustesvikt eller hjartestans. Men alle sluttar å puste når ein døyr. Alles hjarte sluttar å slå, seier han og held fram:

– Det store spørsmålet er kvifor det skjer. Det er svært sannsynleg at dødsårsaka i mange tilfelle kjem av at migrantarbeidarar har jobba i sterk varme, i høg luftfukt og har lange arbeidsdagar utan kvile.

Frank Conde Tangberg

MISVISANDE: Frank Conde Tangberg i Amnesty meiner tala til Fifa er misvisande.

Foto: Privat

– Urovekkande

Tangberg meiner det er viktig å vite at Fifa og Qatar har ei anna forståing av kva arbeidarar dei har eit menneskerettsleg ansvar for, enn det Amnesty meiner dei har ansvar for.

– Fifa og Qatar tek omsyn til berre éin til 2 prosent av det samla talet av migrantarbeidarar i Qatar. Nemleg dei som jobbar direkte på Fifa-prosjekt, og dei hevdar derfor at det berre har døydd eit trettital migrantarbeidarar på prosjekta deira, medan berre tre av desse var arbeidsrelaterte.

Kobbeltvedt i Raftostiftelsen meiner det er urovekkjande at Fifa ukritisk bruker tala dei får servert frå qatarske styresmakter.

– Det har vorte vist mange gonger i denne prosessen, frå tildeling og heilt til no at informasjon frå Qatar ikkje skal tilleggjast så stor vekt, seier Kobbeltvedt og held fram:

– At Fifa ikkje ønskjer å distansere seg frå dette er urovekkande. Her meiner eg Fifa burde vore meir audmjuke og brukt annan dokumentasjon i staden for å stå så lojalt bak Qatar.

NRK har vore i kontakt med Fifa og Supreme Comittee for ein kommentar til saka. Sistnemnde viser til nettsida si, der det blir det hevda at det har vorte gjort ei rekkje tiltak for å betre vilkåret til migrantarbeidarane.

Der blir det mellom anna hevda at frå 1. juni til 15. september er det ikkje lov å jobbe utandørs frå klokka 10.00 til 15.30. Dei skriv også at arbeidarane no ikkje får lov til å jobbe utandørs dersom det er over 32,1 varmegrader.

Dei kjem også med følgjande kommentar til NRK:

– Alle arbeidsrelaterte dødsfall og ikkje-arbeidsrelaterte dødsfall er fanga opp i desse rapportane. Vi har vore open om desse problema sidan dag éin, skriv Supreme Comittee.

Emiren hardt ut mot «kampanje»

Vertsnasjonen hevda nyleg at dei har brukt over 30.000 migrantarbeidarar berre for å byggje dei sju arenaene som skal brukast under fotball-VM.

– Sidan vi fekk æra av å vere vertskap for VM, har Qatar vore utsett for ein kampanje som ingen annan VM-vert har vorte møtte med, hevdar Qatars overhovud, sjeik Tamim bin Hamad al-Thani.

– Vi var først til kritikken i god tru, og vi vurderte til og med noko av den som positiv og konstruktiv, at han kunne hjelpe oss med å utvikle aspekt som må utbetrast. Men så vart det tydeleg for oss at kampanjen held fram og blir utvida, og han inneheld både fabrikkering og dobbeltmoral, held emiren fram.

Kazakhstan Summit

EMIR: Sjeik Tamim bin Hamad al-Thani meiner Qatar har vorte utsett for ein kampanje som ingen andre VM-vertar.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AP

Talen til emiren får Tangberg til å reagere sterkt.

– Jo hardare retorikk dei bruker, jo større blir ansvarsfråskrivinga. Fifa er ein pådrivar for dette, og dei må slutte å gøyme seg. Migrantarbeidarane utgjer over 90 prosent av arbeidsstyrken i Qatar og er sårbare for desse menneskerettsbrota, seier han.

Han kjem også med sterk kritikk av korleis dei har handtert kritikken dei har fått frå fotballklubbar, fotballforbund og menneskerettsorganisasjonar.

– FIFA og Qatar har konsekvent snakka ned talet på dødsfall og prøvd å så tvil om eige ansvar. Men når Emiren snakkar om kampanje mot VM i Qatar, så verkar det som om vi ikkje ville køyrt kampanjar mot andre arrangørar. Det stemmer ikkje. Vi jobbar masse med næringslivet og menneskerettsansvaret til idretten.

Siste nytt

  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten
  • Napolis Jesus skuffet over utfallet av rasismesak

    Italias fotballforbund straffer ikke Inters Francesco Acerbi etter påstander om rasisme. Napolis Juan Jesus kjenner på «bitterhet» over avgjørelsen.

    Det var i Serie A-oppgjøret mellom Napoli og Inter tidligere i måneden at Acerbi skal ha uttrykt seg rasistisk til Jesus.

    Acerbi beklaget etter hendelsen, men benekter å ha kommet med noen rasistiske bemerkninger. Han måtte likevel reise hjem fra landslagssamlingen med Italia mens forbundet etterforsket saken. Tirsdag ble den skrinlagt på grunn av manglende bevis.

    – Selv om jeg respekterer avgjørelsen, har jeg problemer med å forstå den, og jeg kjenner på bitterhet, sier Jesus i en uttalelse Napoli har publisert på sine nettsider.

    – Jeg er skuffet over utfallet av en alvorlig sak som jeg håndterte som en «gentleman», for å unngå å stoppe en viktig kamp. Jeg frykter at denne avgjørelsen vil sette et uheldig eksempel som rettferdiggjør en viss type oppførsel.

    Acerbi risikerte å bli utestengt i opp mot ti Serie A-kamper og deler av sommerens EM hvis han hadde blitt kjent skyldig.

    – Jeg har vært profesjonell i 20 år, og jeg vet hva jeg sier. Det kom ikke den typen ord ut av munnen min, det var han som misforsto, sa Acerbi like etter kampen.(NTB)

    Juan Jesus
    Foto: AP
  • Lyon til CL-semifinale uten Hegerberg

    Tittelgrossisten Lyon er klar for mesterligaens semifinale etter å ha slått Benfica 4-1 hjemme og 6-2 sammenlagt. Det skjedde uten Ada Hegerberg.

    – Ada er ikke klar til kampen. Vi tar det dag for dag, sa Lyon-trener Sonia Bompastor før kampen på spørsmål om Hegerbergs skade.

    Forrige kamp for Hegerberg var cupsemifinalen mot Fleury 9. mars, da hun måtte ut før halvspilt første omgang. Lyon tapte den kampen etter straffesparkkonkurranse.

    Delphine Cascarino, som nylig var tilbake etter en korsbåndskade, tok ansvar i Hegerbergs fravær og scoret hjemmelagets to første mål. Kadidiatou Diani økte ledelsen to ganger på overtid. Marie Alidou scoret Benficas ene mål.

    Lyon har vunnet mesterligaen åtte ganger, hvorav seks siden Hegerberg kom til klubben i 2014. Hun har scoret 63 mesterligamål, flere enn noen annen kvinne. (NTB)

    Lyon
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal