Hopp til innhold

Haaland-åtvaring før comebacket: – Kan bli stygt

Mykje tyder på at Erling Braut Haaland er tilbake på bana for Manchester City onsdag kveld. Til fleire si store fortviling, spår ekspertane.

FA Cup - Third Round - Manchester City v Huddersfield Town

KAMPKLAR: Erling Braut Haaland kan ta turen ned frå tribunen og ut på banen igjen.

Foto: LEE SMITH / Reuters

FA-cupkampen mot Tottenham fredag kom litt for tidleg, men Manchester City-trenar Pep Guardiola bekrefta tysdag at Haaland er tilbake og med i troppen til onsdagens Premier League-kamp mot Burnley.

Jærbuen har ikkje vore å sjå på fotballbana sidan 6. desember i fjor.

– Det er fyrste gongen han er tilbake. Vi har heile laget og vi er sterkare. Han er ein viktig spelar for oss, sa Guardiola.

Det kan med andre ord bli comeback for 23-åringen etter skada i foten som har heldt han ute av spel sidan 0-1-tapet for Aston Villa for halvanna månad sidan.

Men vil målmaskina vera påskrudd omgåande? Eller kjem vi til å sjå ein rusten Haaland etter 56 dagar ute?

Premier League - Aston Villa v Manchester City

IKKJE SETT SIDAN: Kampen mot Aston Villa 6. desember er førre gong Haaland var i aksjon.

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

– Eg vil tru han liknar veldig på seg sjølv. Han har ein spelestil som både er lett attkjennande og som i det store og heile ikkje har forandra seg med mindre ein går ned på detaljnivå, seier Petter Veland som følgjer Premier League tett for Viaplay.

– Det er ingen grunn til å tru at han ikkje skal vera kvass. Eg trur ikkje ein blir overraska om han smell inn nokre mål i første kamp, meiner NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Manchester City har fem poeng opp til serieleiar Liverpool, men har éin kamp til gode. Sjølv om han har vore ute ei stund er han framleis delt toppscorar i Premier League. Både han og Mohamed Salah har 14 mål.

Trur du Erling Braut Haaland skårar mot Burnley?

– Ikkje den mildaste versjonen

Manchester City har vore svært tilbakehaldne med informasjon rundt skaden. Guardiola uttalte i desember at det var ein «bone stress reaction». Seinare gav han meir informasjon, og bekrefta at det var snakk om eit brot i foten.

– Til å begynne med trudde vi ikkje det så alvorleg, men det viste seg å vere eit lite brot, sa Guardiola førre veke.

Å gå glipp av mange kampar på rad er sjeldan kost for jærbuen. «Rekorden» kom hausten 2021 då ei hofte sette han ut av spel i ni strake kampar.

I comebacket fekk han 17 minutt på banen for Borussia Dortmund. Han trong berre åtte minutt på å skåre.

Erling Braut Haaland

FEIRA: Erling Braut Haaland køyrde denne feiringa mot Wolfsburg etter skadecomebacket i 2021.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP

– Kan bli stygt

Veland understrekar at det isolert sett aldri er bra å vere ute med skade. Likevel meiner han det på sikt kan slå ut positivt å ha fått eit pust i bakken i ein periode der andre spelarar har fått køyrt seg.

– Han har fått opp energilageret og stiller med ein muskulatur som ikkje er på eit slitepunkt, i motsetning til mange andre. Då kan det bli stygt, seier Veland.

Det er ikkje berre energilageret Haaland har fylt opp. Også premieskapet har fått litt ekstra påfyll i skadeperioden.

Les også Kraftige reaksjoner på Messi-triumf foran Haaland: – Skandale

Av BBC blei han kåra til årets idrettsutøvar i verda for 2023, og på Idrettsgallaen vann han prisen for årets mannlege utøvar og utøvaranes pris.

– Tusen takk til juryen som stemte på meg for denne prisen. Det var eit fantastisk år for meg og laget. Samstundes er det mange andre utøvarar i Noreg som hadde eit fantastisk år, så eg set ufatteleg stor pris på det, sa Haaland via ei videohelsing.

Onsdag klokka 20.30 kan han returnere til fotballbana når Manchester City møter Burnley heime på Etihad.

Sportsnyheter

Mbappe

Her sniker blodig Mbappé seg inn: – Du kan ikke gjøre det!

En blodig Kylian Mbappé fikk flere til å reagere. Nå hevdes det at superstjerna må opereres.

hkxcE8oANkk

Håner søkkvåte EM-drakter: – Nitrist

Belgia gikk på et sjokktap mot Slovakia. Både klissvåte drakter og VAR-drama skaper reaksjoner.

Serbia

Reagerer på at dette dukket opp i EM: – Uakseptabelt

Da Serbia spilte mot England, la flere merke til noen spesielle flagg på tribunen. En provokasjon, mener eksperter. Nå åpner også Uefa sak mot det serbiske forbundet.

Siste nytt

  • Fullt kaos i Frankrike-seier: – Katastrofalt

    Frankrike hadde brukbar kontroll mot Østerrike og sikret tre viktige poeng mot Ralf Rangnicks mannskap.

    Et noe klønete selvmål fra Maximilian Wöber, fremprovosert av Kylian Mbappé, sikret 1-0-seier i Düsseldorf.

    NRKs fotballekspert Åge Hareide er kritisk til Østerrike-spilleren.

    – Han vil gjerne klarere, selvfølgelig, men han kan jo bare ta den ned med brystet – da blir det ikke selvmål, sa Hareide i pausesendingen.

    På tampen holdt nok mange Frankrike-fans pusten da Mbappé lå nede i tilsynelatende voldsomme smerter. Franskmannen fikk en blodig smell i nesa etter å ha stanget i skuldra til Østerrikes Danso.

    – Det er elendig av dommeren å ikke blåse med en gang der. Når du går ned med en gang på den måten der, så må du som dommer se det, sa en kritisk NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

    Mbappé måtte til slutt gå av banen, men uten at Frankrike rakk å erstatte ham. TV-bildene viste en rasende Didier Deschamps langs sidelinjen.

    – Det er her er jo katastrofalt av dommer. Han skal jo idet ballen går ut til kast på motsatt side vite at det står bytter klart. Det er bare å blåse i fløyta, sa Løkberg.

    Frankrike ligger med det på andreplass i gruppe D, bak Nederland. De to står med samme poengsum og lik målforskjell, men nederlenderne har scoret ett mål mer.

    Football: UEFA Euro 2024 - 1st round day 1: Group D Austria v France
  • Sølvmedalje til Bakkelund i VM i styrkeløft – ny verdsrekord av Perkins

    Kjell Egil Olborg Bakkelund tok sølv under VM i styrkeløft som vart arrangert i Druskinkai i Litauen måndag.

    Bakkelund er rangert som nr. 2 i verda bak amerikanske Austin Perkins.

    Nordmannen løfta 272,5kg i knebøy, 207,5kg i benkpress og 332,5kg i markløft. Samanlagt 812,5kg.

    Han måtte sjå seg slått av Perkins som enda på 836kg til saman og dermed sette ny verdsrekord.

    Bakkelund er med dette resultatet kvalifisert til World Games i Kina neste år, som er styrkeløftarane sitt svar på OL.

    VM Styreløft
    Foto: Skjermdump frå VM i Styrkeløft
  • New York får VM i lyn- og hurtigsjakk

    Nå er det klart at verdensmesteren i lyn- og hurtigsjakk skal kåres i USA og New York denne romjulen. Det bekrefter Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) i en pressemelding mandag.

    Magnus Carlsen har tidligere stor suksess med å spille verdensmesterskap i «The Big Apple». I 2016 feide han russiske Sergej Karjakin av brettet i samme by under VM i klassisk sjakk.

    Det NRK-sendte mesterskapet spilles mellom 26. og 30. desember, og som følge av tidsforskjellen vil trolig partiene sendes i beste sendetid her i Norge: på kveldstid.

    Magnus Carlsen er regjerende verdensmester i både lyn- og hurtigsjakk.

    Magnus Carlsen under Norway chess
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal