Rung utklassa konkurrentane og tok sitt første gull

Sarah Louise Rung (26) tok sitt første gull i Paralympics, på nattas 100-meter bryst. Ho var totalt overlegen og vann på 1.44,94.

Sarah Louise Rung

BEVISET: Her har Sarah Louise Rung beviset på at ho har tatt sitt første gull, under Paralympics i Rio.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Norges Idrettsforbund

– Det var herleg å slå først inn. Dette er ein distanse eg har kontroll på, seier Rung til NRK etter løpet.

Rung tok føringa ut frå start og hadde full kontroll. Ved passering halvvegs var ho tre sekund framfor nummer to, og i mål var det over fem sekund ned til sølvet.

– Det var ikkje eit perfekt løp, men det var godt nok. Ho har berre tapt på denne distansen ein gong og det var i London for fire år sida, seier trenar Morten Eklund til NRK.

Sølvet gjekk til italienske Giulia Ghiretti, medan Singapores Theresa Goh tok bronsen.

Artikkelen fortsett under videoen.

Rung tar gull på 100m bryst

LØPET: Sjå gulløpet til Sarah Louise Rung her.

Alle gode ting er tre

Rung sa før Paralympics at målet var fem medaljar. Før nattas 100-meter bryst hadde ho tatt to av to mogelege.

Og i det tredje forsøket lukkast det verkeleg.

– Eg hadde ikkje lyst til å reisa heim herfrå utan å ha tatt eit gull. Det har eg gjort no, men eg har framleis fire øvingar igjen og skal forhåpentlegvis gjennom åtte løp til. Det vert ein tøff veke, seier ho.

Sigeren betyr at ho får gjera noko ingen av dei norske utøvarane fekk under OL i Rio førre månad. Å stå øvst på pallen og høyre «Ja vi elsker».

– Det er berre å nyta det, seier Rung om å få høyra nasjonalsongen i Rio.

Raskare i finalen

I forsøksheatet var Rung raskast på tida 1.45,46, nesten ti sekund raskare enn Rui Si Theresa Goh frå Singapore. Rung har sjølv verdsrekorden på distansen, på 1.43,87.

– Målet var å gå hardare ut frå start enn eg gjorde i forsøket, og det klarte eg. Eg stivna litt på slutten, men eg var halvsekundet raskare no. I tillegg var eg ikkje langt bak verdsrekorden så det er eg nøgd med, seier ho.

Sarah Louise Rung tok fire medaljar under Paralympics i London. To gull (200 m fri og 50 m butterfly) og to sølv (100 m bryst og 200 m individuell medley).

– Det har vore hardt arbeid kvar einaste dag sidan London og eg håper eg får betalt for det arbeidet no når eg er her, seier Rung, som alt i morgon skal symje forsøk på 50m fri.

Trenaren er ikkje bekymra for at 26-åringen ikkje skal klare å nullstilla.

– Dette var hennar 43 internasjonale medalje, så etter premieseremonien tenker vi fram mot morgondagens løp, seier Eklund.

Sarah Louise Rung

GULLGLISET: Sarah Louise Rung kunne trekke fram gullgliset, etter sitt og Norges første gull i Rio.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Norges Idrettsforbund

Sportsnyheter

Britain Soccer Premier League

Lagkameraten beinet ballen i eget nett – Firmino holdt liv i Liverpool-håpet

Premier League-sesongen svinner hen, det samme så Liverpools drøm om mesterligaen neste år ut til å gjøre. Så leverte Roberto Firmino to uhyre viktige mål.

Siste nytt

  • Johnsen helt i Italia

    Venezia og Dennis Johnsen slo ut Chievo fra kvartfinalen i kampen om opprykk til Serie A.

    Johnsen blei bytta inn etter 55 minutt og scoret det avgjørende 3-2-målet.

    I semifinalen venter Lecce som endte på plassen over Venezia i ligaspillet.

    U21-landskamp i fotball, Norge - Aserbadsjan 1 - 1
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Berget scoret årets første

    Jo Inge Berget åpnet endelig scoringskontoen i Malmös 1-1-kamp borte mot AIK.

    Torsdagens toppkamp i svensk fotball mellom Malmö og AIK var 24 minutter gammel da Berget satte hodet på et presist slått frispark fra Anders Christiansen. Ballen gikk inn via bakerste stolpe.

    Scoringen var nordmannens første i den nye Allsvenskan-sesongen. I fjor stoppet han på seks seriemål for MFF.

    Fotball, svensk eliteserie.
    Foto: Andreas Hillergren / NTB
  • Rotet bort ny Europa-sjanse

    Everton kunne ha styrket egne sjanser til å spille i Europa neste sesong, men måtte nøye seg med 0–0 borte mot Aston Villa i Premier League torsdag.

    Dermed kan europacupspill glippe for Liverpool-klubben.

    Carlo Ancelottis menn imponerte ikke stort i borteoppgjøret mot Villa, og skapte få farligheter.

    Poengdelingen gjør at åttendeplasserte Everton er forbi Arsenal på tabellen, men de blåkledde er fortsatt utenfor europaplass.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Carl Recine / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal