Villa er ein av dei fremste angrepsspelarane i verda. Han imponerte stort då Spania tok EM-gull for to år sidan, og det er venta at han vil markere seg også i VM i sommar. Etter fem år for Valencia vil 28-åringen vekk frå klubben etter denne sesongen.
- Les:
- Les:
- Les:
Men Manchester United har 700 mill pund (6,3 milliardar kroner) i gjeld, og klubbeigaren har sett klare grenser for kor mykje manager Alex Ferguson får bruke på spelarkjøp.
Vil til England
Ferguson har uttrykt stor interesse og beundring for Villa i lag tid. Villa har tidlegare sjølv sagt at han helst vil bli i Spania, og har sikta seg inn på Real Madrid eller Barcelona. Men no har han skifta meining, og ønskjer seg til England og Manchester United, melder
.Så ivrig har han blitt etter å kome seg til England at han har begynt å lære seg engelsk.
Ifølgje The Guardian har han lenge diskutert dette med sin landslagskollega Fernando Torres. Villa har innsett at Liverpool ikkje har råd til å kjøpe han. Og han er mindre interesserte i Chelsea og Manchester City - som truleg har råd.
Valencia vil ha 35-40 millionar pund for Villa, dvs opp mot 350 mill kroner.
For gammal for Glazer
Ferguson sjølv meiner at det framleis finst nok pengar etter salet av Cristiano Ronaldo til Real Madrid for 80 mill pund i fjor. Men eigar Malcolm Glazer seier nei. Han vil ikkje bruke så mykje pengar på spelarar over 26 år, og som er "verdilause" etter ein femårskontrakt.
Men United,
, treng ein topp angrepsspelar som kan supplere Wayne Rooney - som United no er altfor avhengig av.Manchester United kjøpte nyleg den 21 år gamle meksikanaren Javier Hernandez.