NRK Meny
Normal

Heilsvart Arsenal-dag, perfekt Villa-opning

Eit Arsenal i humør opna kampen på best mogleg vis, men for kvart minutt som gjekk blei serieopninga svartare og svartare.

Benteke og Agbonlahor

Gabriel Agbonlahor (11) og Christian Benteke (20) sikra to straffer og tre poeng mot Arsenal. Dei to angriparane kan fort skyte Aston Villa opp på øvre halvdel igjen.

Foto: GLYN KIRK / Afp

Referat: Arsenal - Aston Villa 1-3

Tabellen: Premier League 2013/14

Kieran Gibbs, Alex Oxlade-Chamberlain og Bacary Sagna ut med skade. Laurent Koscielny sendt i dusjen etter to gule kort. Og null poeng.

3-1-tapet var i tillegg det første heimetapet i ein opningskamp sidan 0–3 mot Coventry i 1993.

Det meste gjekk imot Arsenal då Aston Villa hadde tatt turen frå Birmingham.

– Nivået vårt ramla, og ein kan ikkje gjere det i Premier League, sa Jack Wilshere i intervjusona etter kampen, ifølgje Premier League sin Twitter-konto.

Giroud scorar

Olivier Giroud sette 1–0 i mål etter seks minutt.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Pangopning

Ti minutt ut i serieopninga på Emirates var det derimot lette og toppkjempande takter over Arsenal. Villa sleit med å henge med, og allereie etter seks minutt kom 1–0.

Lynraske Arsenal kontra, og Tomas Rosicky spelte opp til Oxlade-Chamberlain på veg framover på venstrekanten. Ein nydeleg bevegelse hadde sikra Olivier Giroud perfekt posisjon, og etter eit godt innlegg flikka franskmannen 1–0 i mål upressa.

Det roa seg etter scoringa, men etter 21 minutt eksploderte det på ny.

Gabrial Agbonlahor blir spelt gjennom, og ein utrusande Wojciech Szczesny ser ut til å avverje situasjonen. Ein rutinert flikk med tåa enda derimot i straffe, då Arsenal-keeperen meia ned Agbonlahor.

Szczesny såg ut til gjere det godt igjen då han redda straffeforsøket frå Christian Benteke, men ein vaken Benteke var med på returen og heada 1–1 i mål.

Saka held fram under bildet.

Benteke og Weimann

Christian Benteke og Andreas Weimann jublar etter 1-2-scoringa til førstnemnde. Fansen i bakgrunnen kan få mykje å juble for om Benteke held fram som i fjor og mot Arsenal.

Foto: GLYN KIRK / Afp

Ny straffe, raudt kort og debut-scoring

Koscielny og Benteke

Lauren Koscielny fekk to gule kort, medan Christian Benteke scora to mål for Aston Villa.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Kampen blei prega av harde taklingar og mange gule kort. Begge lag sikra seg fem gule kort, der Laurent Koscielny sine to enda i raudt for Arsenal.

Koscielny sitt første gule kom etter 61 minutt, då forsvararen felte Agbonlahor. På ny var den engelske spissen lynkjapp, og trass i at den franske forsvararen kanskje var først på ball, blei det dømt straffe. Benteke banka inn 1–2 utan å ta i bruk returen på forsøk nummer to.

Det mangla ikkje på Arsenal-sjansar, men der Aston Villa var effektive, sleit Arsenal med å score. Då Koscielny fekk gult kort nummer to berre fem minutt etter det første, blei ting ekstra vanskeleg.

Arsenal pressa på, og Tomas Rosicky bomma åleine med keeper, Santi Cazorla trefte tverrliggjaren og Giroud var nære mål nummer to.

I staden kontra Villa inn 1–3. Antonio Luna, kjøpt frå Sevilla for 16 millionar i sommar, fekk æra av å runde av ein perfekt Villa-dag, då han i det 85. minutt la 1–3 i nettet via stolpen.

– Eg er ganske sikker på at alle saman trudde Arsenal skulle vinne, men vi kom hit i god tru, sa ein fornøgde Villa-sjef Paul Lambert etter sigeren.

Arsene Wenger

Arsène Wenger har ikkje vore spesielt aktiv i overgangsvindauget i sommar.

Foto: GLYN KIRK / Afp

Målshowet held fram

I sesongen som gjekk var Arsenal det mestscorande heimelaget med nær 2,5 scoringar i snitt. På Emirates stadion fekk publikum servert 3,68 scoringar i snitt, med 70 scoringar på 19 kampar.

Målshowet i Nord-London ser ikkje ut til å stoppe, med fire scoringar i sesongens første kamp på Emirates stadion.

Målsnittet til Arsenal gjekk derimot ned. Utan nokre store signeringar på tampen av overgangsvindauget, har Arsenal og Arsène Wenger ein stor jobb å gjere for å overtyde hardt prøvde fans.

Mot Aston Villa viste fansen si misnøye gjennom piping og tidleg exit frå stadion.

Koscielny og Mertesacker

Per Mertesacker prøver å overtyde dommaren om at det raude kortet er feil, men Laurent Koscielny fekk like fullt marsjordre.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Fotballnyheter