Gary Pallister var knallhard midtstoppar i Manchester United i ni år. Han hadde mange duellar med nordmannen på treningsfeltet. Han hugsar godt juli-dagen i 1996 då ein totalt ukjent kristiansundar troppa opp i den raude treningsdrakta.
- Vi visste ingenting om denne unge fyren. På den første treninga skåra han på absolutt alle sjansane. Solskjær traff ballen reint kvar gong. Etter treninga konkluderte vi alle med at denne karen var særs god, seier Pallister til MUTV.
Legendestatus
Solskjær kom til klubben i 1996, skåra totalt 92 mål på 235 Premier League-kampar for Manchester United. Nordmannen har blitt ei legende og eit idol grunna sportsleg suksess, ei profesjonell haldning til idretten og særs solide verdiar.
Solskjær har vore mykje skada dei siste sesongane. Han offentleggjorde tysdag at han no legg opp som fotballspelar.
Imponert over Solskjær
David May var i Manchester United mellom 1994 og 2003. Saman med Solskjær løfta han meisterligatrofeet i 1999.
May var sjølv mykje skada mot slutten av karrieren. Han er imponert over lojaliteten til nordmannen, som fekk fleire lukrative tilbod i byrjinga av 2000-talet, men som heldt fram på Old Trafford.
- Solskjær valde å vere i Manchester United og betale tilbake tolmodet klubben viste då han var skada. No har han så definitivt betalt tilbake, seier David May.
34 år gamle Solskjær skåra imponerande 11 mål på 15 kampar i fjor.