Hopp til innhold

Tidlegare Liverpool-sjef favoritt til å ta over for Solskjær: – Det er rart

Ryktemølla har gått varm etter at Ole Gunnar Solskjær gjekk av som Manchester United-manager søndag. Fotballekspertar peikar på to namn som skil seg ut.

Kandidater til å ta over etter Solskjær

KANDIDATANE: Zinédine Zidane, Mauricio Pochettino, Erik ten Hag og Brendan Rodgers blir alle kopla til å ta over etter Ole Gunnar Solskjær.

Foto: NTB

Det vart med nesten tre år i sjefsstolen på Old Trafford for Ole Gunnar Solskjær, men søndag formiddag var eventyret over.

No blir det spekulert vilt om kven som tek over jobben etter kristiansundaren. Engelske medium har allereie peika på fire namn som skil seg ut: Zinédine Zidane, Mauricio Pochettino, Erik ten Hag og Brendan Rodgers.

BBC-journalist Simon Stone har gode kjelder i Manchester United og meiner tre av namna ovanfor er naturlege kandidatar til sjefsjobben på Old Trafford.

– Eg vil seie at det er tre openberre namn. Mauricio Pochettino er den eine, men han er ikkje tilgjengeleg no. Han er ein mann United likar og han er klar for jobben, slik eg forstår det, seier Stone til NRK.

– Ten Hag var litt vag på spørsmål om jobben. Han har nokre beundrarar på Old Trafford, men han vil nesten heilt sikkert vere tilgjengeleg ved sesongslutt, seier han, før han trekkjer fram Brendan Rodgers:

– Det som er rart med han, er at han har eit veldig godt rykte. Det er mange i United som likar han. Men som United, har Leicester vore veldig dårlege denne sesongen. Dei fekk juling av Chelsea, og dei er under United på tabellen. Det er vanskeleg å få det til å gå opp, for ein tenkjer ikkje at United vil tilsetje nokon som er lågare enn dei på tabellen, vurderer Stone.

– Vil ikkje bu i Manchester

Av dei fire kandidatane er tidlegare Real Madrid-manager Zinédine Zidane den einaste som er utan jobb akkurat no, men franskmannen har tidlegare varsla at han ikkje er interessert i å ta over ein klubb midt i sesong.

Zinedine Zidane

MERITTERT: Zinédine Zidane var ein garantist for trofé i Real Madrid.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

– Zidane er ledig, men mange seier at han ikkje er interessert i jobben no. Han skal ha lyst på ferie fram til sommaren og kona har visstnok ikkje lyst til å bu i Manchester, seier NRKs fotballekspert Thore Haugstad om moglegheitene for Zidane.

Mauricio Pochettino hadde stor suksess som Tottenham-manager og har i lang tid vore sett på som ein ideell kandidat for sjefsjobben på Old Trafford.

Argentinaren er for tida i Paris Saint-Germain, men ulike internasjonale tabloidaviser hevdar han er utilfreds og kan bli freista av tilbodet frå den raude delen av Manchester, om det skulle komme.

Champions League - Paris St Germain Training

STJERNEVANT: Mauricio Pochettino er vand til å hanskast med store stjerner i PSG.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Sky Sports melder òg at Pochettino skal vere United sitt førsteval.

– Det ryktast at han er interessert i jobben og at han ikkje er så fornøgd i Paris. Så er spørsmålet om han kan ta over no eller om det blir til sommaren. Pochettino er litt meir god til å motivere spelarane, og har kanskje ikkje ein like tydeleg taktisk identitet som ten Hag. Men han er likevel veldig sterk på det taktiske han òg. Dei treng ein trenar som har begge dei to kvalitetane, meiner Haugstad.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner at det er ekstremt svak klubbleiing dersom Pochettino blir den neste manageren.

– Det er heilt absurd om dei signerer han etter kvart. Dei ønskte han veldig hardt for nokre år tilbake, men då var ikkje tilbodet godt nok. Så vart han sparka, og då kunne dei henta han gratis. Om dei hentar han no i staden, så vitnar det om ei klubbdrift som er heilt vanvitig, meiner Torp.

Fotballeksperten tek òg eit anna namn opp av hatten. Han har ikkje vore nemnt som ein kandidat, men Torp meiner at det er eit svært spennande namn som er litt gløymt.

– Dersom Marcelo Gallardo er tilgjengeleg, ville eg gått for han. Det han har gjort i River Plate i Argentina har vore vanvitig bra, og han får masse lovord frå dei som følgjer han tett, seier Torp.

– Det er rart

Der Zidane og Pochettino til no ikkje har vore nøydd til å kommentere spekulasjonane, fekk Ajax-trenar Erik ten Hag spørsmålet same dag som Solskjær fekk sparken.

Nederlendaren hevda i intervjuet med ESPN at han ikkje hadde høyrt noko om den påståtte United-interessa, og at han sjølv fokuserte eine og åleine på jobben i Amsterdam-klubben.

Champions League Quarter Final Second Leg - Juventus v Ajax Amsterdam

FRAMGANGSRIK: Erik ten Hag har fått mange beundrarar etter innsatsen i Ajax.

Foto: ALBERTO LINGRIA / Reuters

Stone meiner ten Hag ville vore ei god løysing for United, og held han som ein favoritt saman med Pochettino.

– Ten Hag er interessant, fordi han har gjort det veldig bra med Ajax i Europa. Det viser at han kan leie eit lag på høgt nivå. Men nederlandsk fotball er ikkje Premier League, og dei spelar ikkje like mange kampar. Konkurransen er heller ikkje så stor som for United, seier Stone til NRK.

United-fansen vil også tydelegvis ha inn ten Hag. Han fekk flest stemmer i ei avstemming hos united.no.

Om vi skal tru på oddsen er Leicester-manager Brendan Rodgers den mest aktuelle kandidaten. Rodgers har hatt stor suksess med Leicester dei siste sesongane, og var nære å vinne ligaen med Liverpool i 2014.

Brendan Rodgers

ODDSFAVORITT: Brendan Rodgers er favoritten til bookmakerane.

Foto: GLYN KIRK / AFP

Men sjølv med ei fortid hos erkerivalane, meiner fleire at han er den beste mannen for dei raude djevlane.

– Eg synest det er rart. United vil tilsetje ein manager frå eit lag som ikkje har spelt bra. Dei vart bua av banen mot Chelsea, dei er under United på tabellen og han har ei fortid i Liverpool. Eg trur ikkje Uniteds sjefar ser det slik. Viss dei meiner Rodgers er rett mann, så trur eg ikkje fortida hans blir noko problem. Han har vore i to klubbar sidan den gong. Men eg synest det høyrest rart ut, meiner den anerkjende United-journalisten Simon Stone.

– Er det ein vits?

Felles for alle desse fire er at dei mest sannsynleg ikkje er ledig på marknaden før til sommaren. Derfor ser Manchester United no etter ei mellombels løysing til å leie laget ut sesongen.

Michael Carrick skal leie skuta fram til ein mellombels manager er klar.

Premier League - Newcastle United v Tottenham Hotspur

VITS: BBC-journalist Simon Stone er usikker på om rykta rundt Steve Bruce er ein vits eller ei.

Foto: SCOTT HEPPELL / Reuters

Til den mellombelse jobben er det to tidlegare United-stopparar som blir trekte fram av avisene. Mellom anna meiner anerkjende The Athletic at den nyleg sparka Newcastle-manageren, Steve Bruce er ein kandidat.

– Nokon har sagt at Bruce er ideell, og at han er villig til å ta jobben. Eg veit ikkje om det var ein slags vits eller om det skal takast seriøst. Eg trur ikkje han tek over mellombels, slår derimot Stone fast.

Franske Laurent Blanc er òg eit namn som blir trekt fram.

– Laurent Blanc blir nemnd, men eg veit ikkje om det er fordi det kjennest enkelt, for akkurat no jobbar han i Qatar. Så vil han eigentleg komme tilbake til Europa? Han har ikkje vore der sidan 2016, det er fem år sidan. Han har aldri trena nokon i England, men han har litt erfaring frå United (som spelar). Det er berre eit namn akkurat no, meiner Stone.

Sportsnyheter

Premier League - Manchester City v Liverpool

Liverpools spillerbuss angrepet: – Fullstendig uakseptabelt

Manchester City uten en skadd Erling Braut Haaland holdt lekestue med Liverpool. Men rødtrøyene ble forbannet på dommeravgjørelse som kunne snudd kampbildet.

NM-løypa skapte redsel og endte med skade: – Sporet var ødeleggende og farlig

Parautøver Lars Andresen hektet i sporet i en utforkjøring, falt inn i sikkerhetsnettet og skadet skulderen i NM-sprinten. Flere karakteriserer løypa som farlig, men det er Skiforbundet uenig i.

Siste nytt

  • Lewandowski brøt måltørken mot La Liga-jumbo

    Robert Lewandowski ville ikke gå mer enn tre kamper uten å score for Barcelona. Lørdag fikk han inn to fulltreffere i 4-0-seieren over bunnplasserte Elche.

    Seieren gjør at Barcelona har stått igjen som vinner i elleve av lagets tolv siste seriekamper. Det skiller 15 poeng til toer Real Madrid, som søndag tar imot Valladolid. (NTB)

    S6SAp3UU3QI
    Foto: Alberto Saiz / AP
  • Midtsjø ble sen matchvinner for Galatasaray

    Fredrik Midtsjø dunket til og scoret sitt første Galatasaray-mål i 2-0-seieren over Adana Demirspor i tyrkisk fotball. Etterpå tok det helt av på tribunene.

    Serielederen styrte mot poengtap i egen storstue, men i det 86. minutt kom Midtsjø fra dypet og sendte en markkryper hardt i nettmaskene. Trønderen knallet til på en løs ball utenfor straffefeltet.

    Euforien blant publikum og i Galatasaray-leiren var enorm. Det var Midtsjøs første scoring siden overgangen fra nederlandske AZ Alkmaar i fjor sommer.

    29-åringen entret gressteppet som innbytter tolv minutter før målet. Det kom i hans første opptreden etter å ha vært ute med en lårskade i noen uker.

    Åtte minutter på overtid doblet Nicolò Zaniolo til 2-0 på et straffespark.

    Midtsjø
    Foto: JORGE GUERRERO / AFP
  • «The Gift that keeps on giving» – Tidligere Stabæk-spiller briljerer i Belgia

    Tidligere Stabæk-profil Gift Orban scoret Gents to første mål i en kamp som til slutt endte 5–0 mot tabelljumbo Seraing i den belgiske toppdivisjonen lørdag.

    Nigerianeren gikk direkte fra norsk første divisjon, hvor han ble toppscorer i 2022, til belgiske Gent i januar.

    På kort tid har 20-åringen gjort seg bemerket og har på flere sosiale medier blitt omtalt som «the Gift that keeps on giving» av klubbens supportere.

    Hugo Cuypers scoret også to mål for bortelaget og Jordan Torunarigha satte ett.

    Gent ligger på fjerdeplass på tabellen, 14 poeng bak tabelltopp Genk.

    Belgium Soccer Europa Conference League
    Foto: Olivier Matthys / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste