– Eg var på Twitter for å gje noko tilbake til fansen, men når det bare blir «skriverier» og drit ut av ingenting så gidd eg ikkje. Då er det betre å ha eit avslappa liv, og slutte å gje noko tilbake, seier John Arne Riise.
Eit heilt pressekorps kasta seg over Fulham-forsvararen då han kom ut av sikkerheitskontrollen på Keflavik flyplass, dagen etter 2-0-tapet for Island.
Ein liten time tidlegare hadde 31-åringen annonsert at han frå og med i dag sluttar å dele meiningar med media og fans via nettstaden Twitter.
Riisa rista oppgitt på hovudet medan han i klare ordelag forklarte at han synst det blir «for mykje styr» av det han twitrar.
– Eg opplev at alt eg seier blir vridd rundt. Dette vil også få konsekvensar for pressa. Dei vil få veldig få kommentarar frå meg heretter.
– Vil det også gjelde når du er på landslagssamlingar?
– På landslaget må eg stille opp. Men det er eit par i pressa som eg kjem til å vere litt mindre «på», og når eg er heime i Fulham blir det veldig sjelden at eg stiller opp til intervju, seier Riise.
Denne meldinga skapte oppstyr
Då Norge møtte Island i VM-kvalifiseringen fredag, passerte Riise Thorbjørn Svenssens 50 år gamle rekord med 105 landskampar.
Landslagsbacken gjorde eit poeng av den historiske kampen på Twitter torsdag kveld, men kun minutter seinare skifta fotballstjerna plutseleg tonen:
«Kanskje Ålesund setter pris på noen neste gang en spiller setter rekorder #arrogantefolk», skreiv Riise.
Same dagen twitra Riise om døypinga av statuen som står utenfor Color Line Stadion i Ålesund, og kalte tidlegare AaFK-trenar Iver Morten Nordmark for ein «stakkars mann».
Samtidig med bygginga av arenaen i jugendbyen blei det også reist ein statue ved fasaden. Kunstverket fekk namnet «Fotballspilleren», sjølv om kunstnaren hadde brukt Riise som modell.
Ivar Morten Normark uttala den gang at han var negativ til forslaget om å hylle enkeltspelarar, noko som bidro til å hindre at Riise fekk navneplaketten sin på statuen.
Riise: – Korleis kan twittermeldingar ta fokuset vekk frå det sportslege?
Som følgje av Twitter-stormen frå landslagsforsvararen blei det laga fleire saker i norsk presse. Det likar Riise dårleg.
– Dette er ikkje første gangen. Det har skjedd fleire gangar. Derfor har eg tenkt at det bør slutte no, seier han, og siktar til mediene, som han meiner stadig har laga saker på Riise-meiningsytringar via Twitter.
– Har det tatt fokuset vekk frå det sportslege?
– Nei. Det er sånne ting som irriterar meg - at folk skriv om at det tar fokuset vekk. Når eg ligg på hotellrommet tar det meg 15 sekund å skrive ei twittermeling. Korleis tar det fokuset vekk frå det sportslege? Det har ingenting å seie, svarar Riise bryskt.
NFF: – Ikkje heldig å komme med markante meiningar før kamp
Informasjonssjefen i Norges Fotballforbund, Svein Graff, er ikkje heilt einig i at det er så lurt å offentleggjere kontroversielle meiningar like før ein landskamp.
– Det er ikkje noko forbod mot å twitre kvelden før ein kamp, men ein bør vere bevisst på kva meldingar ein sender ut, seier Graff, og held fram:
– Ein skaper mediesaker om ein kjem med markante meiningar før kamp, og det er nødvendigvis ikkje så heldig.
Riise endrar haldning
Graff råda Riise til å tone ned Twitter-bruken då han såg konsekvensane, men påpeiker at det var forsvarsspelaren sjølv som valde å sette foten ned for eigen bruk av sosiale medium.
Og no varslar ålesundaren altså at han vil endre haldning overfor media på landslagssamlingar.
– Det vil ikkje vere den gode, gamle og snille John Arne. No skal eg bare svare på det eg får spørsmål om, og så er det stopp, avsluttar Riise til NRK.no.