NRK Meny
Normal

No justerer Molde sesongmålet: Vi blir ikkje seriemeister

Magnus Stamnestrø vart utlånt frå Molde til Sogndal for to veker siden. Etter berre 30 sekund på bana senka han moderklubben og sende Molde ut i djup i krise med sin 2-1-siger.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har god grunn til å vere bekymra etter 0-2 mot Sogndal

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Kampreferat: Molde - Sogndal 1-2

Stamnestrø vart bytta inn fem minutt før ordinær tid var ute. I første angrep fyrte han av midt framfor mål, mellom keepers bein og i mål.

Stamnestrø jubla ikkje for 2-0-målet, som sende moderklubben hans ut i ei djup krise. For dette var kampen Molde skulle bruke til å rette opp den forferdelege sesongstarten.

– No må vi endre målsettinga. Det er 26 kampar igjen, men vi kan ikkje tape serleg mange av dei om vi skal bli seriemeister. Det kan vi nok gløyme, sa Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær til CMore.

- Bra det er cup no

Men han er ikkje stressa sjølv om det har blitt fire strake tap.

– Vi har ikkje blitt utspela, og vi skal slå tilbake. Det er bra å få ein cupkamp allereie på onsdag, seier Solskjær til NRK. Molde møter Elnesvågen i cupens 1. runde.

Han er likevel bekymra over at poenga uteblir.

– Vi klarer ikkje å skape nok trøkk, det er noko vi må jobbe hardt med framover, seier Ole Gunnar Solskjær.

– Er det krise i Molde no?

– Vi er ikkje i stimen resultatmessig, men ikkje krise, sa Solskjær til CMore.

Even Hovland kom frå Sogndal til Molde i fjor. Han var også skuffa etter kampen mot gamleklubben.

– Vi må opp endå eit hakk for å ta poeng, seier han til NRK.

Trur løpet er køyrt

NRKs ekspertkommentator trur også at løpet no er køyrt for Molde som gullkandidat.

– Avstanden er såpass stor at eg trur dei er ute av gullkampen etter berre fire rundar. Når dei får ein så skeiv inngang på sesongen, trur eg det blir tøft. Dei kjem til å begynne å ta poeng, men det blir vanskeleg å vinne serien. Eg trur neppe Rosenborg sprekk, seier Løken.

Han hadde aldri trudd Molde skulle vere ute av gullkampen allereie.

– Det er klart dei har hatt ei bedrøveleg opning. Det blir tøft for dei no. Ein skal vinne når ein har tapt tre strake og møter Sogndal heime. Dette er ei guffen opning for Molde, og det er sjeldan slike ting snur seg fort, seier Karl-Petter Løken.

Poenglaust i botnen

Santos setter inn 1-0

Her blir Molde-krisa endå større: Roberto dos Santos set inn mpålet som gjer at Molde må jage utlikning. Den kom aldri

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Meisteren frå 2011 og 2012 står dermed utan poeng etter fire kampar. Det er krise for Ole Gunnar Solskjær og hans menn.

Samstundes kunne Sogndal notere sin første bortesiger sidan dei slo Vålerenga på Ullevaal 20. april i fjor - nesten eitt år sidan.

Sogndals leiarmål kom etter eit fint kombinasjonsspel mellom Ricardo Santos og Malick Mane. Santos krangla seg gjennom før han fyret av. Ballen gjekk via Molde-keeper en og inn, men det var ikkje noko stort keeperspel av Ole Söderberg der.

Sogndal opna kampen godt. Dei var ofte på besøk i Molde-feltet, og målet kom som eit resultat av dette.

Molde tok over kampen etter målet, og Sogndal trekte seg tilbake for å forsvare leiinga. Lauri Dalla Valle hadde ein enorm sjanse til utlikning like etter, men Sogndals målvakt Erik Dahlin slo til corner.

I andre omgang handla slt om å forsvare seg for Sogndal. Det gjorde dei stort sett med bravur, det var sjeldan Molde klarte å kome til farlege avslutninfar. Nærmast utlikninga var då Even Hovland fekk gå opp fritt etter ein corner, men heada rett på Dahlin.

Molde vart etterkvart sterkt prega av situasjonen, og klarte aldri å etablere nokon trussel. Ikkje før over fire av dei fem tilleggsminutta var spela. Da avslutta Etzaz Hussain eit sjeldant Molde-angrep med scoring. Men det var for seint.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia