Den driblesterke 24-åringen har denne sesongen stått fram som ei viktig brikke for eliteserielaget.
Under ein pressekonferanse vart det klart at Malick Mane har signert kontrakt som gjeld i nye 2,5 år.
– Vi er ekstremt glade for at han valde oss og han er kjempegira på å pushe seg sjølv i høve til å score mål, vere eit aktivum for oss og å utvikle seg vidare som han kan gjere for å ta dette til eit endå høgare nivå, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
Langsiktigheit
Mane har sjølv sagt at han ynskjer seg til Tyrkia og tyrkiske medium har siste tida meir eller mindre slått fast at overgangen til Konyaspor var i boks. Den opphavlege kontrakten med Sogndal går ut etter årets sesong.
- LES OGSÅ: Utanlandske klubbar siklar på Mane
Flo vedgjekk at det har vore mykje fram og tilbake den siste tida, men var svært nøgd med å stadfeste at midtbanespelaren vil halde fram utviklinga si i saftbygda ut 2015-sesongen.
– Det gir også klubben litt langsiktigheit i høve til Malick og langsiktigheit for Malick sjølv der han kan konsentrere seg om Sogndal og halde fram med dei fine prestasjonane han har vist for oss denne sesongen, seier Flo.
Kom til semje
Mane signaliserte etter Tromsø-kampen at han at kunne tenke seg å bli dersom Sogndal presenterte eit godt nok kontraktsforslag.
Partane møttest måndag og kom til semje.
– Vi snakka framtid og det resulterte i ei ny forlegning av avtalen som strekkjer seg ut 2015, seier Flo og vedgår at dei ikkje ynskte å unngå å sleppe eliteseriens driblekonge gratis.
– OK, eg blir
Hovudpersonen sjølv er glad for at det blir fleire sesongar med Sogndal. Trenar Jonas Olsson har siste tida hatt fleire samtalar med Mane for å forsikre han om at han er ei viktig brikke i framtidsplanane på Fosshaugane.
– Eg snakka med Jonas og fekk høyre at eg framleis er ynskt på laget. Eg sa ok, eg blir i Sogndal, seier afrikanaren til Sogndal Fotball sine nettsider. Han har ikkje planer om å reise vekk denne friperioden, slik mange av lagkameratane hans har gjort.
– Ferien min blir å vere her og trene, seier spelaren som kom til Sogndal i fjor. Han har også fortid i Sandefjord og kasakstanske Aktobe
Viktig brikke
Flo seier Mane har vore ei ekstremt viktig brikke for Sogndal i år, og at forlenginga difor er svært viktig for Sogndal.
Så langt i år har han scora ti mål i cup og serie, samt vore servitør for fleire andre målscorarar. Sist for Azar Karadas i 2-2 kampen borte mot Tromsø.
– Ikkje berre scorar han mange viktige mål, men han er også ein solid bidragsytar som tilretteleggjar og han skaper moglegheiter nesten på eiga hand, seier Flo.