Senegalesaren fortel nemleg til NRK at både klubbar i Belgia og Tyrkia har synt interesse for han. Dermed kan ein svært viktig spelar for Sogndal vere på veg ut døra.
I gårsdagens kamp stod Mané for to scoringar, og hadde éin målgjevande pasning, og sjølv var han godt nøgd med innsatsen.
– Det var godt spel og ein god kamp for meg, og det er alltid viktig å vinne heime. Eg er greitt nøgd med innsatsen, seier Mané.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil avslutte sesongen i Sogndal
Men det er fleire som tykkjer Mané er magisk for tida. Likevel er han klar på at han skal gi jarnet i den svarte og kvite drakta dersom Sogndal hamnar i cupfinalen.
– Ja, eg vil vere der. Eg vil avslutte sesongen i Sogndal, seier Mané, som har vore i klubben i eitt år.
Men han kjem snart til å ta ei vurdering på om han skal bli eller dra frå saftbygda.
– Eg kjem til å bestemme med i løpet av sommaren, seier Mané bestemt.
Ifølgje vg.no har sogndalsspelaren lukkast med 33 av 35 driblingar i år, noko som gjev ein suksessprosent på 94. Dermed driblar han langt betre enn sine noko meir kjede kollegaer i bransjen som Messi, Robben, Ribery og Bale.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er dyktig individuelt
Mané vart i utgangspunktet henga til Sogndal som spiss, men er no ei viktig brikke på kanten, og bidrog i høgste grad til at Sogndal til slutt sende Ull/Kisa hovudstups ut av cupen.
Trenar Jonas Olsson er klar over kva kvalitetar senegalesaren har, og legg ikkje skjul på at dei kom godt med i gårsdagens kamp som bar preg av at kampprogrammet til Sogndal har vore litt over snittet tøft i mai månad.
– Malick er viktig i denne type kampar. Vi har spelt mange kampar og er slitne, så å ha ein spelar som Malick som klarar å ta seg forbi både éin og to spelarar på eiga hand, så er det klart at det hjelper mykje og opnar opp rom for andre spelarar, seier Olsson.
Han ser fram til meir cupmoro, men først etter fotballferien som varer fram til 22. juni.
– Vi har sagt at vi skal så langt som vi kan. I fjor rauk vi ut i første runde, i år har vi komme lenger. Men det handlar om å ha marginane på si side, seier Olsson.