NRK Meny
Normal

Kan gi seg om OL glepp

OTTAWA (NRK): Med norsk tap for England i kveld er det stor fare for at OL-plassen kan ryke. Då har vi kanskje sett Ingrid Hjelmseth i norsk landslagsdrakt for siste gong.

Ingrid Hjelmseth

VIL TIL RIO: Norsk OL-deltaking neste år kan avgjere om Ingrid Hjelmseth gir seg som landslagskeeper

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Om det ikkje blir OL, vil eg vurdere om eg skal slutte på landslaget, seier Noregs keeper Ingrid Hjelmseth til NRK nokre timar før den heilt avgjerande åttedelsfinalen mot England.

Den norske sisteskansen synest ikkje eit år utan meisterskap er noko å satse på.

– Det er dei som er veldig morosame å vere med på, seier Hjelmseth.

35-åringen veit kva ho snakkar om. Ho debuterte på landslaget allereie i 2003 og har fått med seg EM-sølv både i 2005 og 2013.

Utfallet av kampen mot England har mykje å seie for sjansane for norsk deltaking i fotballturneringa i OL i Rio neste sommar. Sjå faktaramme!

  • Sjå England-Norge på NRK1 eller høyr kampen på P1 frå kl. 23.00!

– Store planer om å vere med i Rio

Der vil Hjelmseth gjerne vere med. Og då kan det også hende ho tek fleire sesongar på landslaget.

– Vi har store planer om å slå England, og då er det alle sjansar til OL. Der har eg store planer om å vere med, seier ho.

Men utan OL stiller det seg annleis.

– Då fullfører eg sesongen med Stabæk, så skal eg telje opp. Då må eg finne ut om eg har lyst til å halde fram til 2017 (EM). Det må eg tenke litt på, seier ho.

Ikkje redd for keeperframtida

Roger Finjord

Assisterande landslagssjef Roger Finnjord er sikker på at Noreg og Ingrid Hjelmseth er med i OL i Rio neste sommar

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Dei tankane skal ho sleppe å tenke, det er eg heilt overtydd om, seier Roger Finnjord. Han er assisterande landslagstrenar.

Ingrid Hjelmseth har sleppt inn berre to mål i VM hittil – mot Tyskland (1-1) og mot Elfenbeinskysten (3-1). I matchen mot Tyskland redda ho i stor stil i første omgang og heldt Noreg inne i kampen medan tyskarane dominerte stort ute på bana..

– Ingrid elskar å spele fotball. Ho er skadefri, har ein flott posisjon i gruppa, og er med i kapteinsteamet. Eg både håpar og trur at Ingrid har lyst å vere med i åra som kjem, seier Finnjord.

Som uansett ikkje er redd for keeperframtida på landslaget.

– Bak Ingrid har vi fleire unge og gode målvakter. Cecilie Fiskerstrand (19 år) er med i troppen her, og ho har kvalitetar som utfordrar både Ingrid og Silje (Vesterbekkmo). Keepersituasjonen på landslaget er lys i dag, den er lys også neste måndag, seier Finnjord.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.