Hopp til innhold

Her var kvinnefotball forbode i 50 år

Kvinnefotballen i England var i ferd med å utkonkurrere fotballen for menn. Det likte Englands fotballforbund så dårleg at dei i 50 år gjorde det dei kunne for å nekte kvinnene å spele fotball.

Engelsk kvinnefotball mars 1914

På veg mot store høgder: Engelsk kvinnefotball framfor titusenvis av tilskodarar. Her frå ein kamp i 1914. Sju år seinare vert dette forbode

Foto: Topical Press Agency / Getty Images

5. desember 1921 la FA (det engelske fotballforbundet) ned forbod mot kvinnefotball på alle banene som var tilknytta FA sine medlemsklubbar.

Fotballspelet passar seg ikkje for kvinner, og det kan dessutan vere helseskadeleg for dei, var FA si grunngjeving.

Det er ein dårleg skjult løyndom at den eigentlege årsaka var ei heilt anna: Fotball for kvinner heldt på å utkonkurrere mennene sine fotballkampar i publikumsoppslutnad.

Motvillig oppheva etter 50 år

Først i 1971 - 50 år seinare - oppheva FA endeleg forbodet. Men det skjedde motvillig. I over 20 år til måtte jentene gjere jobben sjølve, utan det minste drahjelp frå forbundet.

Ikkje før i 1993 vart kvinne- og jentefotballen teken inn under FA sitt styre, og sidan har England gradvis heva seg opp mot øvste sjiktet i europeisk fotball også på kvinnesida.

Mennenes fotballhistorie i England er velkjend. FA vart skipa i 1863, FA-cupen har eksistert sidan 1872 og ligaen sidan 1888 - alle tre som det første i sitt slag i verda.

Fotballen si raske utbreiing fekk naturleg nok fotfeste også blant kvinnene. Den aller første kampen, som kort og greit var Nord mot Sør, vart avvikla i 1895, og Nord vann 7-1.

Oppsving under første verdskrig

Harrodian kvinnefotball 1921

Lagbilete frå den tid engelsk kvinnefotball var på popularitetstoppen: Harrodian Ladies før ein kamp i Barnes i 1917

Foto: Topical Press Agency / Getty Images

Det store gjennombrotet for kvinnefotballen kom under første verdskrig. Krigsindustrien kravde all ledig arbeidskapasitet. Det betydde at mange kvinner måtte ut i arbeidslivet, ettersom mennene var sende til fronten.

Regjeringa oppmoda alle til å bruke lunsjpausen og andre ledige stunder til fysisk aktivitet, som avveksling for lange og monotone arbeidsagar. Og fotball var mest populært.

Det oppsto klubbar knytta til dei fleste fabrikkane - ikkje minst klubbar for kvinner. Ofte spela kvinner mot menn, og det var ikkje sjeldan at kvinnene vann. Og kampane trekte mange tusen tilskodarar.

Den største, beste og mest kjende av desse var ved Dick, Kerr ammunisjonsfabrikk i Preston. "Dick, Kerr's Ladies FC" vart skipa i 1915. Klubben vart raskt enormt populær og samla større interesse enn dei fleste ligaklubbane dei første åra etter at krigen var slutt.

53.000 tilskodarar - og mange måtte snu

Det toppa seg på "Boxing Day", 2. juledag, i 1920. Den dagen samla ein kamp mellom Dick, Kerr's Ladies og St. Helen Ladies 53.000 tilskodarar på Goodison Park. Kjeldene frå den tida fortel at 10-15.000 til ville sjå kampen, men fekk ikkje plass.

Dagen før hadde ligakampen mellom storklubbane Everton og Arsenal på same bane samla «berre» 35.000 tilskodarar.

Året etter, i 1921, nådde kvinnfotballfeberen nye høgder. Det var rundt 150 kvinnelag spreidd over heile England på den tid, og kampprogrammet var like omfattande som for dei beste laga for menn. Dick, Kerr Ladies spela 67 kampar det året, og drog over 900.000 tilskodarar til saman. Dei beste spelarane hadde blitt megastjerner i media.

FA tolte ikkje suksessen

Dette vart for mykje for leiinga i FA. 5. desember 1921 sa FA tvert nei til all kvinnefotball. Ingen av laga tilknytta organisasjonen fekk lov å låne bort banene til kvinnelege spelarar. Og det gjaldt så godt som alle fotballklubbar i England.

«Dette spelet er heilt upassande for kvinner, og ein bør ikkje oppmuntre kvinnene til å vere med», var den korte forklaringa frå FA.

Kvinnekampane vart spela for å gi inntekter til veldedige føremål – mest til familiane og etterletne etter soldatar som var såra eller drepne i krigen. Etterkvart vart det reist mistankar om at ikkje alle pengane gjekk dit dei skulle, og det var også noko FA visste å utnytte når dei skulle grunngje forbodet.

Effektiv stopp av utviklinga

Engelsk kvinnefotball 1935

Og dette var situasjonen ein sur vinterdag i 1935. Jentene trenar straffespark i ein park. Gode fotballbaner fekk dei ikkje lov å bruke, for fotball var ikkje for kvinner, meinte FA

Foto: William Vanderson / Getty Images

Så enkelt kunne mennene i FA setje ein effektiv stoppar for det som kunne blitt ei utvikling av kvinnefotball nesten like gullkanta som den same idretten for menn. For no vart det heilt uråd for kvinnefotball å drive på toppnivå.

Det fanst pionerar, og det fanst baner å spele på. Sjølv i forbodstida vart det spela kvinnefotballkampar med opptil 5000 tilskodarar.

Men kvinnefotball var sjanselaus som organisert idrett i dei neste 50 åra.

Forbodet oppheva i 1971

Men internasjonalt jobba tida for kvinnefotball. VM-gullet til England på heimebane i 1966 skapte ei fotballbølgje som også ga kvinnefotballen eit skikkeleg oppsving, trass forbodet. Det førte til oppstarten av den heilt frittståande organisasjonen WFA (Womens Football Association) i 1969.

To år etterpå måtte FA bøye av for presset, og aksepterte kvinnefotball. Jentene fekk omsider lov å bruke skikkelege baner igjen.

Men organisasjonsmessig skulle det framleis gå over 20 år før FA tok tak i jentefotballen. WFA måtte klare seg sjølve så lenge.

Den aller første landskampen i Storbritannia vart spela i Skottland i november 1972. England møtte Skottland nøyaktig 100 år etter at dei same landa møttest i den første landskampen for menn.

Motvillig manager endra syn

Lawrie McMenemy

Southamptons manager Lawrie McMenemy endra syn på kvinnefotball då han 'måtte vere til stades' på Englands første heimelandskamp i 1972

Foto: David Cannon / Getty Images

Året etter gjekk den aller første kvinnelandskampen i England. Den vart spela i Southampton. Lawrie McMenemy var nyss begynt som manager i Southamptons ligalag, og han var på tribunen. Det skulle snu oppned på hans syn på kvinnefotball.

– Eg var der motvillig saman med Ron Greenwood (manager for Englands herrelag på den tid). Vi var der fordi vi måtte. Eg hugsar at vi hadde snakka om å gå så raskt vi kunne, helst etter berre 10-15 minutt.

– Men så oppdaga vi at vi såg mykje svært god fotball, og vi vart overraska over kor høg standard dei heldt. Vi vart sitjande heile kampen. For meg var dette ein real tankevekkjar, sa McMenemy etterpå.

Han meiner at dei kvinnelege spelarane frå forbodstida fortener mykje ros.

– Dei var omtrent som suffragettane (engelske kvinnesaksforkjemparar) i si tid. Ved å stå på og tvinge oss til å legge merke til dei, viste dei oss at kvinnefotballen har høg kvalitet. Dei stod på mot overmakta for det dei trudde på, sa Lawrie McMenemy.

20 år med suksess til slutt

Først 8. juli 1993 var kvinnefotballen ein fullverdig del av FA. Då tok forbundet ansvar sportsleg og økonomisk. Først då såg dei at fotballen ikkje er nokon upassande idrett for kvinnene. Det har gitt resultat - dei siste 20 åra har England vakse seg stor innan den idretten.

I sommar har FA feira 20 år med framgang for engelsk kvinnefotball. Men det spørst om ikkje feiringa bør ha ein aldri så liten bismak...?

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden