- Følg:
– Vi føler ikkje noko press frå Noreg, slår Molde-manageren fast til NRK før kampen i Polen.
Frå perfekt kamp til kamp om livet
Sist onsdag klokka 19.45: Molde såg ut som eit lag for Meisterligaen.
Første omgang på Aker Stadion var akkurat ferdig, og dei blå og kvite doble seriemeistrane hadde brukt polske Legia Warszawa som kjegler.
Fredrik Gulbrandsen hadde herja med Legia-forsvaret, og Daniel Chima Chukwu hadde sendt Molde i leiinga med 1–0. Leiinga burde vore 2-, kanskje 3– eller 4-0.
Så byrja andre omgang, Legia vakna og kampen var jamn. Etter 68 minutt kom 1-1, og når kampen blei blåst av
. Frå 74 minutt og utover forsvarte nemleg Molde seg med éin mann mindre.– Det raude kortet er heilt uforståeleg, sa Solskjær om det raude kortet som Gulbrandsen blei tildelt, før han seinare sa:
– Vi er gode nok til å reise ned og slå dei.
Realistisk og ærleg manager
Vel framme i Polen og Warszawa er trykket og spenninga stor, men heimelaget i Legia føler eit langt større press enn Molde.
– Dei har ikkje vore i Europa sidan 1996, så eg veit at dei føler presset, noko vi håper vil påverke dei, seier Molde-manager Solskjær til NRK.
Molde på si side var nære Meisterligaen i fjor, men eit straffespark øydela i tredje kvalifiseringsrunde mot Basel. Laget tok seg derimot til Europaligaen.
– Gruppespelet vi fekk med oss i Europa i fjor gjorde utruleg godt for dei fleste spelarane, for vi såg at vi hang med i alle kampane.
– Vi har lyst til Meisterligaen, det blir eit eventuelt eventyr for gutta. Camp Nou, Santiago Bernabeu, Old Trafford eller Stamford Bridge ... det er eit eventyr og noko ein kanskje ikkje realistisk sett ser føre seg. Vi har langt meir sportsleg å gjere i Europaligaen, meiner ein ærleg Solskjær.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
– Veit vi er kapable
Rosenborg står for Noreg sin meisterligatradisjon, og Molde-manageren er tydeleg på at verken han eller laget kjenner på noko overhengande press frå Noreg.
– Vi føler ikkje Noreg og norsk fotball tenkjer vi skal til Meisterligaen. No er vi fokuserte på kampen og så får vi ta det derfrå.
– Kvalifiserer vi oss veit vi derimot av vi er kapable til å slå frå oss i Meisterligaen òg, meiner Solskjær.
Trur Urban får det tøft
Mot Legia ventar Solskjær ein match der tilskodarar og atmosfære blir med å prege kampen. Som bortelaget med 1–1 som utgangspunkt er heimelaget sjølvsagt favoritt, meiner han.
– Eg trur det er veldig ope framleis, men dei er favorittar etter scoringa i Molde. Eg forventar at dei går for null baklengs og at dei ikkje vil opne kampen så mykje.
Han meiner Legia og trenar Jan Urban kjenner både Molde sine sterke og svake sider godt. Fart og kontringsstyrke bør skremme motstandaren, meiner Solskjær.
– Men dei er heime og bør gå for å vinne matchen, så det er ikkje berre enkelt for dei. Trenaren deira har nokre val han må gjere.
– Vil han gå veldig offensivt ut og gå for to eller tre mål? Eller går han for ein defensive strategi og null baklengs? Legia har heimefordelen, men med éi scoring har plutseleg vi fordelen. Vi ser fram til denne matchen, avsluttar Molde-sjefen.