Hopp til innhold

Solskjær vil kontre Legia i senk

Molde har heimekamp først i tredje kvalikrunde til Meisterligaen. – Fordel, meiner Ole Gunnar Solskjær.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær, her etter kampen mot Sligo Rovers på Aker Stadion, meiner heimekamp først er ein fordel.

Foto: Morgan Treacy/INPHO / NTB scanpix

– Eg har alltid sagt litt imot straumen, eigentleg. Eg trivst på bortebane i kamp nummer to, då sjølvsagt med eit OK resultat frå heimekampen.

Daniel Chima Chukwu

Daniel Chima Chukwu sikra Molde-siger i den første av to kvalikkampar mot Sligo Rovers.

Foto: Morgan Treacy/INPHO / NTB scanpix

Molde-manageren står på Aker Stadion, dagen før kampen mot Legia Warszawa. I fjor var Basel motstandar i tredje kvalifiseringsrunde til Meisterligaen. Då var fjorårets seriemeister eit straffespark unna.

No ventar polsk motstand i Legia. Laget er – som Molde – seriemeister i 2011 og 2012.

– Vi har analysert dei ganske bra. Vi har sett dei fire siste kampane på video og hatt speidar over som har sett kampar live, fortel Ole Gunnar Solskjær.

– Det er eit godt fotballag, fysisk sterke. No har dei starta sesongen bra i Polen, med to sigrar, i tillegg til at dei slo New Saints frå Wales. Vi veit at vi må spele opp mot vårt beste for å ha ein sjanse.

Molde på si side slo irske Sligo Rovers over to kampar .

– Vi har luftstyrke, fart og er kontringssterke

Torsdag klokka 19.00 er det avspark mellom Molde og Legia på Aker Stadion. Solskjær vil gjerne ha med seg eit resultat å forsvare til Polen.

– 1-0, 2–1 ... Vi er fornøgde med siger her. Vi har luftstyrke, fart og er kontringssterke. Vi kan spele litt på resultatet med siger, meiner Solskjær.

Om det skal bli siger mot Legia er derimot manageren klar på at laget må heve seg fleire hakk, både frå kampane mot Sligo Rovers og Lillestrøm-kampen i helga .

– Lillestrøm-kampen var eit slag for baugen, og vi hadde ikkje veldig lyst til å gå inn i denne kvalikkampen med ein dårleg prestasjon og eit tap. Når det er sagt, så er europacupen noko for seg sjølv, og eit høgdepunkt spelarane ser fram til.

– Så det dårlege resultatet og den dårlege prestasjonen kan gjere at gutta er meir bevisste på ein god prestasjon for å slå tilbake.

Spel i Meisterligaen er, og bør vere, inspirasjon og motivasjon i seg sjølv, seier ein klar Solskjær.

Saka held fram under bildet.

Vegard Forren prøver å takle

Vegard Forren er éin av fem spelarar som har kome inn i Molde-troppen i sommar. Per Egil Flo (Sogndal), Tommy Høiland (Sandnes Ulf), Fredrik Guldbrandsen (Lillestrøm) og Mats Møller Dæhli (Manchester United). Her er Forren i aksjon mot Sligo Rovers på Aker Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Fleire skuffa manageren

Mot Lillestrøm hadde fleire spelarar ein sjanse til å spele seg inn på laget før kvalikkampen mot Legia.

– Nokre gjorde det bra, andre skuffa meg. Ikkje alle tok sjansen dei fekk, og no må eg ta ut eit lag som er betre førebudd.

Det blir nemleg fleire forandringar. I tillegg har mange nye spelarar gjort det ekstra vanskeleg å ta ut ein førsteellevar.

– Eg har eit lag oppe i hovudet, og eg trur publikum får sjå i alle fall éin debutant. Både Fredrik (Gulbrandsen) og Mads (Dæhli Møller) er involvert, Tommy (Høiland) og Per Egil (Flo) var bra mot Lillestrøm – kanskje dei to beste. Så vi får sjå, seier Solskjær.

RBK-Legia Warszawa

Legia-fansen er berykta, på godt og vondt. Her frå ein kamp mot Rosenborg på Lerkendal.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Skal ta godt imot dei

Både Molde og politiet i Molde reknar med ein del tilreisande supporterar frå Polen. Det er supporterar med eit visst rykte og som ikkje er ukjende i politiet sitt søkjelys .

– Vi er oppmerksame på problemstillinga. Vi kjem til å ha meir folk enn til vanleg på jobb, og det inkluderer ekstra folk frå nabodistrikta, sa ordenssjef Steinar Hjellnes ved politistasjonen i Molde til NRK.

Molde-manageren tek derimot tilreisande supporterar med knusande ro.

– Eg trur det blir fantastisk stemning. Berykta? Dei lagar lyd og støy, og dei støttar laget sitt. Vi har prata med sikkerheitssjefen og vi skal ta godt imot dei, vere opne og ta vare på dei. Eg håper dei vil nye fotballkvelden, så skal vi jobbe saman for ei god fotballoppleving.

Han håper på få aggressive supporterar, men håper på svært tente og aggressive spelarar.

– Det er Champions League vi pratar om. Gutta skal sleppe seg lause og vise fram potensialet og talentet sitt. Eg oppfordrar til godt angrepsspel og aggressivt forsvarsspel, for det blir viktig med få baklengs.

– Gler du deg no?

– Champions League er den beste turneringa ein kan vere i som fotballspelar og trenar. Dette pirrar og gler meg ekstra, avsluttar Solskjær.