Hopp til innhold

Følte seg forrådde av eige forbund – no får utøvarane ei etterlengta unnskyldning

POKLJUKA/OSLO (NRK): Utøvarrepresentanten for skiskyttarane, Clare Egan, meiner løparane har vorte svikta av Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU). Etter «skandalerapporten» har forbundet no valt å komme med ei unnskyldning.

Tarjei Bø

YNSKJA UNNSKYLDNING: Tarjei Bø ville at IBU skulle beklage det som har skjedd i forbundet dei siste åra. No har IBU lytta.

Foto: Skjermdump/NTB

Det skapte sjokkbølgjer i skiskyttarmiljøet då det vart lagt fram ein granskingsrapport med svært alvorlege klagar retta mot den tidlegare IBU-leiinga. Etter funna som mellom anna antyda at eks-skiskyttarpresident Anders Besseberg var korrupt og skjulte russisk doping, fortalde Tarjei Bø at han forventa at IBU tok ansvar og beklaga overfor alle reine utøvarar.

– Eg synest IBU skal komme på bana og forklare seg og komme med ei unnskyldning til alle som har vorte halde for narr dei siste tiåra, sa Bø.

Det har han og resten av løparane no fått. I eit brev NRK har fått tak i, ber noverande president Olle Dahlin om unnskyldning på vegner av forbundet. Brevet vart sendt ein veke etter at rapporten kom, og etter at Dahlin sa de ikkje hadde tatt stilling til ein eventuell unnskyldning.

  • Besseberg har avvist alle skuldingar gjennom sin advokat. Nedst i saka kan du lese heile brevet frå IBU til utøvarane.

– Ein smertefull tid for idretten

I brevet skriv IBU kva dei ynskjer å gjere med informasjonen som no har komme fram. Fleire av dei som no sit i IBU-styret sat òg i styret under Anders Besseberg. Det forklarer dei med at dei ikkje hadde nokon konkrete bevis på alt som har skjedd.

I brevet, som er sendt til utøvarar, trenarar og resten av skiskyttar-familien, står det mellom anna:

Olle Dahlin

PRESIDENT: Olle Dahlin tok over som president i IBU etter Anders Besseberg.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

– Det er ikkje nokon tvil om at dette er ein smertefull tid for alle som elskar sporten vår, og eg beklagar på det sterkaste at dei føler seg svikta av IBUs tidlegare leiarskap. Eg kan berre beklage på vegner av forbundet og love at vi skal bruke dette til å bli endå betre på openheit og vern av idretten i framtida.

Kommunikasjonssjef i IBU, Christian Winkler, forklarer brevet slik:

– Det var viktig for oss å beklage før vi kan sjå framover. Eg vil ikkje seie vi var pressa til å komme med ei unnskyldning, men då vi såg reaksjonane på rapporten, var det det rette å gjere. Vi må gjere det for å kunne jobbe vidare med utøvarane og resten av skiskyttarfamilien framover, seier Winkler.

Besseberg sin advokat, Christian Hjort, ynskjer ikkje å kommentere brevet som IBU har sendt ut.

Blir skulda for å lyge til utøvarane

Leiar av utøvarkomiteen i skiskyting, Clare Egan, er glad for unnskyldninga.

– Eg føler meg forrådd av Anders Besseberg og Nicole Resch (tidlegare generalsekretær i IBU, red.mrk.), seier Egan til NRK.

– Eg er takksam for at den nye presidenten har sendt ut eit brev med ei unnskyldning på vegner av den tidlegare leiarskapen. Det er godt å sjå at dei nye leiarane tek det steget og sørgjer for at dette ikkje skjer igjen. Vi fortener ei unnskyldning, legg ho til.

Egan fortel at ho er sjokkert over det som kjem fram i rapporten mot Besseberg. Der står det òg forklart korleis leiinga i IBU laug til utøvarkomiteen om korleis doping vart handtert i forbundet.

Verdenscup skiskyting Holmenkollen, 12,5 km fellestart kvinner.

UTØVARREPRESENTANT: Clare Egan er leiar av utøvarkomiteen i IBU. Her frå då ho gjekk inn til tredjeplass på fellesstarten i Holmenkollen i 2019.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Når du ser det, er det klart det er skuffande for oss utøvarar som reknar med at leiinga skal gjere det dei kan for å verne ein rein idrett. Sjølv om det er dårlege nyheiter for meg, er det gode nyheiter at vi tok oss tid til å gjere dette og at ein skal vende alle steinar i jakta på kva som har skjedd, seier Egan.

Svenske Sebastian Samuelsson har lenge vore ein tydeleg kritikar av IBU sin jobb. Han synest det var på tide at IBU lytta til utøvarane, og setter pris på unnskyldninga.

– Kjensla mi er at dei tek det på alvor. Dei vil ikkje at det skal skje igjen, og dei vil ha dialog med utøvarane. Det er bra, seier «Sebbe».

Brev 1

Side 1 av brevet fra IBU.

Brev 2

Side 2 av brevet fra IBU.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal