Hopp til innhold

Følgde råda frå kjærasten – «spådde» eiga framtid

Ei setning i dagboka viste seg å bli verkelegheit berre veker etter ho blei skriven. Etter å ha nådd botnen i fjor, har blodslitet verkeleg gitt betaling for Timon Haugan.

Timon Haugan. Kollasj med bilde fra dagboken.

SKREIV I DAGBOKA: «Eg har aldri vore i betre form,» skreiv Haugan blant anna i dagboka.

Foto: Privat/AP Photo/Robert F. Bukaty

Eg har aldri gitt heilt slepp, og det angrar eg ikkje på no.

Det er ikkje eit mirakel eller eit slumpetreff at Timon Haugan endeleg lykkast i storslalåm. Eit viktig tips frå kjærasten og ein gammal kjenning blei viktige ingrediensar på vegen.

Men det var ikkje gitt at det skulle gå.

For vel eitt år tilbake i tid, var 27-åringen på det absolutte botnpunktet sitt.

Timon Haugan

VAR LANGT NEDE: Haugan har snudd storslalåmkarrieren opp ned den siste sesongen.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Kjente meg mislykka

For då NM i Trysil var over og alle lagkameratane reiste heim, måtte Haugan bli igjen heilt aleine. For å køyre ein dansk meisterskap.

Der kjente eg at eg var på botn. Eg kjente meg så mislykka på ein måte, fortel Haugan til NRK.

For sjølv om slalåmkøyringa fungerte, var han langt frå toppen i storslalåm. Ei grein han har slite med i mange år og fleire gonger har han tenkt at det ikkje går.

Eg var einaste på laget som måtte bli igjen for å kunne få betre ranking for året etter, seier han.

Før denne sesongen hadde han berre fått poeng i eitt av 19 storslalåmrenn i verdscupen.

Då bestemte han seg. «Dette skal ikkje skje igjen».

Les også Tror Braathen får stjernestatus i Brasil: – En perfekt kombinasjon

Braathen

– Han har alltid hatt trua

For Haugan ville ikkje gi opp. Han tok kontakt med den gamle trenaren sin Hallgeir Vognhild, som han hadde hatt på Oppdal skigymnas.

Eg ringde han og fortalde akkurat kva eg kjente. Eg sa at eg kjente meg skikkeleg mislykka. Sjølv om mange kanskje ikkje ser på det sånn, seier 27-åringen.

FIS Alpine Ski World Cup - Men's Slalom

KONTRASTAR: Sjølv om Haugan har kjent seg mislykka i storslalåm, har han samtidig levert i slalåm.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Dei sette seg ned og la ein plan den følgande påska. For å finne ut kva han måtte bli betre på og kva han måtte gjere for å klare det.

Han er ein av få som alltid har meint at eg aldri må gi opp storslalåm. Han har alltid meint at eg har noko der å gjere. Han har alltid hatt trua. Meir tru enn eg kanskje nokon gong har hatt, seier Haugan.

Slik blei påskeferien planlagd. Før heisen opna i Oppdal var dei oppe i bakken og trena storslalåm i tre dagar saman.

Men det var ikkje det einaste grepet han tok.

Les også Kildes oppgjør: – Om jeg skal komme tilbake, må noe endres helt øverst i Skiforbundet

Aleksander Aamodt Kilde

Høyrde på kjærasten

For rundt same tid tok han pennen fatt og byrja å skrive dagbok.

Eg byrja med det for vel eit år sidan, og det hjelper for å få tankane ut av hovudet. Eg kjenner eg får det litt meir bort når eg får det ned på papir, og så er det eit bra verktøy å ha for å gå tilbake, seier 27-åringen.

Det nye verktøyet kom etter tips frå ein annan som står han nær.

Det var faktisk kjærasten min som anbefalte at eg skulle gjere det. Ho hadde gjort det litt, og så tenkte eg «kvifor ikkje?», seier 27-åringen.

Skuldar henne ein liten takk, då?

– Ja, eg gjer det. Eg er veldig takksam.

Og det er han kanskje ekstra glad for no. For dette skreiv han to veker før han tok sin første pallplass i storslalåm:

Utdrag fra dagboken til Timon Haugan

«I morgon er det GS (storslalåm) og eg har aldri vore i betre form. Eg kjenner faktisk at eg kan palle i GS snart og det er sjukt å tenke på.»

Foto: Privat

Ja, eg skreiv at eg følte at eg hadde farten til å vere på pallen. Eg tenkte aldri at det skulle skje no, men eg følte at no klarer eg å sjå for meg sjølv ein eller annan dag at eg kan «palle» i storslalåm, og den kjensla har eg aldri hatt før no nyleg eigentleg, seier Haugan.

WCup Mens Giant Slalom Skiing

OPPFYLT: To veker etter at han skreiv ned at han trudde han kunne det, stod han på pallen i storslalåm.

Foto: John Locher / AP

Eit nytt kapittel

Denne sesongen er nemleg ei heilt anna historie for Haugan. Målet for sesongen var å komme seg innan topp 30 i storslalåm. No er han nummer 19 i storslalåmcupen, og krona det harde arbeidet med ein pallplass i USA.

Eit arbeid han er glad endeleg har gitt resultat.

Eg har kanskje jobba hardt med det i mange år, utan at eg har fått noko bra betalt for det. Så eg er veldig glad for det, seier Haugan.

  • Laurdag køyrer Haugan og dei andre norske den siste storslalåmen i sesongen, og det kan du sjå på NRK1 eller NRK TV frå kl. 09.00.
null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal