Hopp til innhold

Fekk sjansen på øvste nivå – så kom hetsen: – Mange stygge ord

Etter verdscupdebuten fekk Johan-Olav Smørdal Botn hets i innboksen. Førre veke svarte han med eit superløp og eit noko omtalt intervju.

Johan-Olav Smørdal Botn

OPPTUR: Johan-Olav Smørdal Botn fekk eit ublidt møte med verdscupsirkuset. I USA slo han tilbake på strålande vis.

Foto: AP

Norges Skiskytterforbund veit at dei sit på eit spesielt talent i Johan-Olav Smørdal Botn, og under verdscuphelga i Oberhof i januar tok dei eit for mange overraskande val:

Ut med stjerneutøvaren Vetle Sjåstad Christiansen, inn med ferskingen Botn.

Debuten gjekk ikkje som ønskte. 24-åringen bomma, bomma og bomma, og i forvirring og fortviling presterte han å gå ei strafferunde for mykje.

Då kom også hetsen frå norske skiskyttarfans.

Eg fekk eit par meldingar der. Eg trur Sjåstad er veldig populær blant dei «hardcore» skiskyttarsupporterane. Det var nokon som var komiske, men det var ei spesiell erfaring, fortel Botn.

Korleis var det?

Det er så usakleg det dei kjem med, så det går ikkje innpå meg.

  • Sjå verdscup, sprint menn på NRK1 fredag kl. 17.40.

«Mange stygge ord»

«Mange stygge ord» er oppsummeringa hans av innhaldet i innboksen etter verdscupdebuten.

Sesongåpning langrenn Beitostølen

TALENTFULL: Johan-Olav Smørdal Botn.

Foto: Geir Olsen / NTB

Rennet i Oberhof tatt i betraktning, var det derfor ekstra herleg å svare på tiltale da sjansen baud seg igjen. Førre helg var han tilbake i verdscupen under renna i Soldier Hollow i USA.

Der klinka nordfjordingen til med ein knallsterk 3. plass på sprinten med seint startnummer. Botn har vore totaldominerande i IBU-cupen denne sesongen, men nå fekk han bevist at han kan hevde seg på eit enda høgare nivå.

Det er morosamt å vise at eg faktisk kan å skyte, for det var mange av dei meldingane som handla om skytinga, fortel han.

Eg klinka til og tok sjansen da eg fekk han. Det er eg fornøgd med.

Les også Sverger til «Ingebrigtsen-trening» – NRKs ekspert kommer med advarsel

Stafett Östersund mars 2023

Forbundet fekk reaksjonar

Den sterke prestasjonen fekk mykje merksemd – denne gongen med positivt forteikn. Men det var ikkje berre pallplassen folk snakka om i etterkant. Også det glosefylte intervjuet med TV 2 etter rennet har lagkameratane bite seg merke i.

Eg fekk nokre meldingar på det: «Aldri gi den mannen medietrening», gliser Endre Strømsheim, som tilhøyrer rekruttlandslaget saman med Botn.

Endre Strømsheim

LAGKOMPIS: Endre Strømsheim.

Foto: NTB

«Første pallplass, og fy f**n eg måtte jobbe for det. Satan. Ahh. Det var det seigaste løpet i historia», var det første som rann ut av Botn etter målgong.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg, ordbruken blei for mykje for enkelte. Kommunikasjonsansvarleg i skiskyttarforbundet, Emilie Nordskar, bekreftar at dei fekk nokre mailar etter intervjuet.

Bodskapen: Gratulerer så mykje med suksessen, Botn, men det blei litt vel mykje banning.

Sjølv hadde han nærast «blackout», og hugsar ikkje kva han sa.

Det var eit seigt løp, og så er eg ikkje den flinkaste til å tenke meg om når eg er i intervjusona. Eg sa sikkert mykje dumt og mykje smart, seier Botn, som ikkje lovar bot og betring i språkbruken.

Det er det berre å bli vant til. Eg har så dårleg ordtilfang, så eg tyr til banning når eg ikkje har noko anna å seie. Sånn er det berre, gliser han.

Nye sjansar ventar

Denne veka har skiskyttarane bevega seg vidare til Canmore i Canada. Nye renn og nye moglegheiter ventar.

Det gjer forhåpentleg også nye, norske gledesintervju, og lagkameratane vil ha Botn akkurat slik han er.

Intervjuet er slik vi vil ha det på rekruttlandslaget: Ærleg og snakke med dei kjenslene vi har. Vise idrettsglede, det er fantastisk, seier Vebjørn Sørum.

Og Botn kjem ikkje til å bruke unødvendig mykje tid på hetsen.

Eg prøver heller å prestere bra for dei som liker at eg presterer bra. Det er ein negativ spiral å bruke tid på dei meldingane og dei folka, meiner han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal