– Det har vore mange år som Molde-supporter ... Eg grein då vi tapte mot Moss i 1987, fortel Mikael Paulonen.
No står han i eit varmt og solfylt Ålesund i Molde-utstyr. Sonen Arion Kristiansen Paulonen er oppdressa i oransje fargar.
14-åringen spelar sjølv på aldersbestemt lag i AaFK og brukar sesongkortet fast når favorittlaget spelar kamp. Mot serieleiar Molde trur han på suksess.
– Det blir 2–0 til AaFK i dag. Dei held oppe den gode trenden, han Sten Grytebust vil spele ein kjempekamp, meiner Kristiansen Paulonen.
Uansett resultat er kampen om Møre og Romsdal høgdepunktet i løpet av fotballsesongen.
– Dette er årets kamp, heilt klart, slår faren fast.
- Les også:
– Frysningar, ståpels!
Han meiner det blir 3–2 i favør dei blå og kvite frå Romsdal.
– To mål til Aalesund, ein nydeleg kamp og ein fantastisk fight, seier Molde-supporteren, før han enkelt glir over på noko anna.
– Eg må nytte høvet til å gratulere han Daniel Berg Hestad. Kongen i Molde, eg får frysningar, ståpels! Det er så konge, Daniel!, gliser Paulonen.
Daniel Berg Hestad tangerte Roar Strand sin rekord for flest spelte kampar i eliteserien førre serierunde. Mot AaFK vil han truleg spele sin kamp nummer 440.
– Det er imponerande, meiner 14-åringen i oransje.
Trur Leke vil herje
Det er båtfestival i Ålesund for tida, sola står høgt og gatene er fulle av liv. Før oppgjeret klokka 19.00 på Color Line Stadion er gatene fulle av både blå og oransje drakter.
– Heilt utruleg vêr, og resultatet blir like bra. 3–1 til Aalesund, meiner Kjell og Solbjørg Lorgen frå Ellingsøya.
Fredrik Ulvestad og Leke James blir tippa som målscorarar.
– To av han Leke, han er verkeleg i siget no, seier Kjell.
– Men det er same kven som scorar så lenge det blir mål, meiner Solbjørg.
Serieleiaren som vitjar byen trur dei kjem til å vere overmodige.
– I fjor snudde det for Molde mot Aalesund i Molde. I år snur det for Molde mot Aalesund i Ålesund. No går det nedover for Molde, flirer Kjell.
Meiner Chima Chukwu er mannen
Moldensar Rolf Høyer står på kaia i Ålesund når NRK kjem bortom. Han trur på 3–1 til dei blå og kvite.
– Chima Chukwu scorar to og så Moi eitt (Mohamed Elyounoussi, journ.anm.), trur Høyer.
Han er svært glad i heimbyen, men legg ikkje noko mellom etter ein dag i byen lenger sør i Møre og Romsdal.
– Dette er ein kjempeflott dag å vere i Ålesund på. Det har vore kjempetriveleg, vi har ete bacalao og tatt det med ro.
– Er Ålesund eigentleg endå vakrare enn Molde?
– Det kan diskuterast, for Molde er vakkert. Men vi har blitt tatt godt imot her, smiler Molde-supporteren – som også nyttar høvet til å gi Berg Hestad ei melding.
– Det er stort, 440 kampar er stort. Eg håper han tek minst eitt år til i Molde-drakta.
- Les også: