– Viss eg prøver å tenkje som Lewandowski, eg veit ikkje kor mange mål og titlar han har for den klubben ... Då byrjar ein å tenkje at du synest synd på han. Seriøst.
Dette seier Erling Braut Haaland i ein ny dokumentar frå Viaplay. TV-kanalen følgde den norske stjerna medan han framleis var Borussia Dortmund-spelar og kunne velje og vrake mellom nokre av dei største klubbane i verda.
På dette tidspunktet – i februar 2022 – vart jærbuen også kopla til Dortmund-rival Bayern München, som allereie hadde superspissen Robert Lewandowski i stallen.
Hevdar Bayern ønskte Haaland
Bayern hadde ved fleire høve hevda at dei ikkje var interesserte i Haaland, men pappa Alfie Haaland hevdar det motsette.
PAPPA: Alfie Haaland.
Foto: INA FASSBENDER / AFPPå spørsmål frå Viaplay om kva han syntest om at Bayern-leiinga sa at dei ikkje har vore interesserte, svarer faren:
– Nei, det har dei. Det har dei.
Han trur Bayern-leiinga nekta for Haaland-interessa fordi dei ønskte å posisjonere seg.
– Viss han ikkje skulle ende opp der (Bayern), så vil dei berre halde tilbake og seie at «nei, det var ikkje aktuelt, for vi hadde den beste». Dei ser nok at Lewandowski framleis er den beste i verda, trur eg. Men han er jo 34, seier Alfie Haaland.
STJERNER: Robert Lewandowski og Erling Braut Haaland banka inn mål for kvar sin klubb i Bundesliga.
Foto: ANDREAS GEBERT / AFPSyntest spissjakta var respektlaus
Ein openhjarta Erling Braut Haaland erkjenner i dokumentaren at interessa frå Bayern München kjendest merkeleg.
– Eg synest det er respektlaust (mot Lewandowski), men samtidig er det ei moglegheit for han, seier Haaland og siktar til eit klubbytte for polakken.
For Robert Lewandowski er ingen kven som helst. 34-åringen blir rekna som ei legende i Bayern München. Han står med utrulege 336 mål på 364 kampar for klubben. Det er berre Gerd Müller, som spelte i klubben på 60- og 70-talet, som kan vise til liknande tal.
Nokre få månader etter Haaland gav utsegnene til Viaplay vart han sjølv klar for Manchester City, medan Lewandowski gjekk til Barcelona. Dei har begge halde fram med å pøse inn mål på kvar sin kant.
– Stor respekt for kvarandre
Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet er truleg han i Noreg som har kommentert flest Haaland-kampar. Han forstår at nordmannen reagerte på Bayerns spissjakt.
– Eg tenkjer at Erling er ein god menneskekjennar. Det er klart med den statusen Lewandowski har i Bayern, så er det jo litt respektlaust. Altså å gå for Haaland medan Lewandowski framleis ikkje var ute av døra, seier Bisgaard Sundet til NRK.
Då City møtte Barcelona i august, viste TV-bilete at stjernespelarane stod og prata i fleire minutt før kampen.
DUSJ: Erling Braut Haaland og Robert Lewandowski fekk seg ein ufrivillig dusj då dei prata saman i forkant av vennskapskampen mellom City og Barcelona.
Foto: Joan Monfort / APBisgaard Sundet understrekar at han ikkje har nokon inngåande kjennskap til forholdet dei imellom, men at det verkar som om dei har stor respekt for kvarandre.
– Eg veit jo frå Haalands tid i Salzburg at han og Jesse Marsch (tidlegare trenar) brukte mykje tid på å sjå på Lewandowski-videoar – korleis han bevega seg i boksen og liknande. Han er ein spelar Haaland har lært av, seier kommentatoren.
Tidlegare i sommar inngjekk Erling Braut Haaland eit kommersielt samarbeid med Viaplay, mellom anna som ambassadør. Far Alfie Haaland figurerer også som Viaplay-ekspert.