Hopp til innhold

Ekspertane spår ellevill overgangssommar: – Kan bli eit rekordvindauge

Overgangsvindauget nærmar seg, og klubbane står klare med sjekkhefta. Fotballverda førebur seg på nok ein kaotisk og svindyr sommar.

Harry Kane, Victor Osimhen, Declan Rice, Mason Mount.

HEIT KVARTETT: Harry Kane, Victor Osimhen, Declan Rice og Mason Mount kan alle flytte på seg i løpet av sommaren.

Foto: AFP, AP; Reuters

– Eg trur fort dette kan bli eit rekordvindauge. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at det ikkje skal bli det, seier TV 2-kommentator Øyvind Alsaker.

14. juni opnar det internasjonale overgangsvindauget, men rykta har allereie florert i lang tid. Klubbsesongen er akkurat ferdig, og medan spelarar no (etter eit par landskampar) reiser på sommarferie, startar det harde arbeidet for både sportsdirektørar og agentar.

Germany Soccer Bundesliga

KLAR: Jude Bellingham vart lansert som det heitaste overgangsobjektet i sommar. No er han klar for Real Madrid.

Foto: Martin Meissner / AP

Mykje som skal skje

Manchester United og Chelsea skal – blant anna – vere på jakt etter ein ny spiss.

Liverpool skal fornye midtbana og er allereie godt i gang med kjøpet av Alexis Mac Allister. Arsenal skal igjen prøve å ta opp kampen med trippelvinnar Manchester City, som garantert også kjem til å styrkje laget.

Tottenham og Chelsea har nokre solide ryddejobbar framfor seg, medan også Newcastle, som sikra meisterligaspel for første gong på 20 år, også kjem til å handle.

Og det er berre klubbane i England.

FA Cup Final - Manchester City v Manchester United

STOR JOBB: Erik ten Hag hadde ein god debutsesong med siger i ligacupen og 3.-plass i Premier League. I sommar ønskjer han å både selje og forsterke.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Bayern München og Real Madrid sluttar seg truleg til spissjakta. Napoli skal prøve å både behalde og forsterke meisterlaget. Paris Saint-Germain ønskjer å ta farvel med fleire superstjerner og byggje eit sterkare kollektiv.

Barcelona ønskjer å byggje på La Liga-gullet og igjen kjempe i den europeiske eliten.

For ikkje å snakke om alle dei «mindre» klubbane som har store ambisjonar.

– Det er ganske vanskeleg å sjå for seg at det ikkje skal bli ganske vilt i år igjen, seier Alsaker.

Måndag kveld, berre to dagar før overgangsvindauget opnar, kom nyheita om at den franske superstjerna, Kylian Mbappé, ikkje ynskjer å forlenge kontrakten med den PSG. Det kan få store konsekvensar for overgangssommaren.

Franskmannens kontrakt går nemleg ut neste sommar, og då har PSG eit ordentleg dilemma: Selje han no for ein bra sum, eller behalde han, men la han forlate klubben gratis om eitt år.

Tyseag hevda den franske avisa Le Parisien at Mbappé ynskjer ein overgang til Real Madrid allereie denne sommaren, noko franskmannen nektar for.

– Det er løgn. Dei blir større for kvar gong. Eg har allereie sagt at eg ynskjer å bli i PSG neste sesong. Eg er nøgd her, skriv han på Twitter.Men at Mbappé er PSG-spelar når vindauget stengjer, er det få som tek for gitt, sjølv etter Twitter-meldinga.

Dei siste rapportane frå Frankrike hevdar at PSG heller vil selje i sommar enn å miste han gratis om eitt år.

Alsaker trur Mbappé endar opp i Real Madrid.

– Dersom Real Madrid landar både Bellingham og Mbappé er det heilt vilt. Då er vi tilbake i «Galacticos»-modus, altså, seier kommentatoren.

– Han er ein av verdas aller beste spelarar, har prøvd med PSG i nokon år, utan at dei ikkje har fått det til ute i Europa. Det er heilt sjuke summar man må ut med for å få ein spelar som han, men Real Madrid var det fyrste eg tenkte på då eg såg det, legg han til.

Kylian Mbappé

AU REVOIR? Kylian Mbappé sine dagar i PSG kan vere talte.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Ny Kane-saga?

Det er nokre namn som går igjen i ryktespaltene. Jude Bellingham vart av mange sett på som sommarens aller heitaste overgangsobjekt, men Real Madrid har vore tidleg ute og allereie sikra seg midtbanespelaren, som kostar godt over éin milliard norske kroner.

Hans landsmenn, Mason Mount (Chelsea) og Declan Rice (West Ham) er andre som hyppig blir nemnde, og i år, som i fjor (og dei fleste somrar før det òg) pregar framtida til Harry Kane nyheitsbiletet.

Men Alsaker trur ikkje på nokon Kane-saga denne gongen.

– Eg legg hovudet på blokka og seier at eg trur det blir avklart ganske tidleg. Dei kan ikkje tillate seg same runde som i fjor. Det vart litt uverdig. Han er ei legende i klubben, det er ein ny trenar som skal seie sitt.

Alsaker

KOMMENTATOR: Øyvind Alsaker.

Foto: TV 2 Daniel Sannum Lauten / TV 2

– Kane har eitt år igjen av kontrakten og har skåra 30 mål i ein sånn Tottenham-sesong. Det er heilt ko-ko. Han er kanskje den beste, mest komplette spissen i verda. Det han gjer når han ikkje skårar mål, er det skyhøgt nivå på, og den neste kontrakten blir kanskje hans siste, ordentleg store kontrakt.

Kane har, etter Karim Benzema sin avskjed, vorte kopla til Real Madrid, men også til Manchester United. Alsaker er spent på sommaren til sistnemnde.

– Spesielt med tanke på eigarskapssituasjonen. Det er mykje støy rundt det, noko som ikkje er gunstig med overgangsvindauget på veg. Erik ten Hag har levert denne sesongen og står sterkt. Så no må han kunne stille krav. Og han har ein ryddejobb, han òg.

Alsaker trur kampen om å sikre seg ein toppspiss blir noko av det mest interessante denne sommaren. For det er ikkje så mange toppspissar, men fleire klubbar som er på målmaskin-jakt.

TV 2-kommentatoren lanserer Victor Osimhen i Napoli som eit brennheitt alternativ, men påpeikar at han truleg vil koste ein milliard norske kroner. Andre spissnamn som går igjen, er Gonçalo Ramos (Benfica), Randal Kolo Muani (Eintracht Frankfurt) og Rasmus Højlund (Atalanta).

Randal Kolo Muani, Goncalo Ramos og Rasmus Højlund

ALTERNATIV: Randal Kolo Muani (til venstre), Gonçalo Ramos og Rasmus Højlund er blant spissane som kan flytte på seg i sommar.

Foto: Reuters, AP

Spår salstrøbbel

Fotballskribent Thore Haugstad i NRK trur også på ein travel sommar, men han trur ikkje utfordringa blir å kjøpe, men snarare selje, spelarar.

– Det er fleire klubbar, som Barcelona, Chelsea, Manchester United og PSG som har mange dei ønskjer å kvitte seg med. Og det er ikkje alltid så lett, for det er spelarar på høge lønningar, seier han, og påpeikar:

– Det er ein konsekvens av at pengar og talent har vorte så konsentrerte av eit knippe toppklubbar, og det gjer at det er veldig få av dei som kan seljast vidare utan drastiske lønnskutt.

Haugstad har skrive fleire kommentarar om overgangsmarknaden og trur vi får ein attkjennande overgangssommar.

– Eg tippar det blir nokre veldig store namn som kjem til å prege biletet i ganske mange veker. Namn som Kane, Bellingham og Mount har allereie vore i nyheitsbiletet i lang tid, fordi alle veit at dei kan, vil eller kjem til å byte klubb.

– Og så veit ein av erfaring at det alltid kjem nokre såpeoperaer som aldri tek slutt.

Thore Haugstad, NRKs fotballskribent.

SKRIBENT: NRKs Thore Haugstad.

Det blir ingen Messi-såpeopera, for argentinaren er allereie klar for David Beckham sin MLS-klubb Inter Miami.

Også han er spent på utfallet av Mbappé-sagaen.

– Det er ganske klart at Real Madrid vil ha han, og at han vil ha Real Madrid, seier Haugstad, og påpeiker at Mbappé sit fast i ein dysfunksjonell klubb.

– Og så er han jo ein vaskekte «Galactico».

Haugstad trur det sit ekstremt langt inne for PSG å la Mbappé gå til ein meisterliga-rival, men alternativet, å myste han gratis om eitt år, gjer at han trur det ender med ein overgang.

Men han er aller mest spent på Chelsea. Haugstad har skrive fleire kommentarar om blåtrøyene etter eigar Todd Boehlys inntog, og han er spent, no som Mauricio Pochettino tek over trenarjobben på Stamford Bridge.

– Det er sånn eit vanvitig kaos i Chelsea. Dei har fått inn veldig mange nye spelarar, den stallen er veldig stor, og det er veldig mange som skal ut. Det er eit vidope spørsmål korleis desse blir analyserte og bedømde av Pochettino, seier Haugstad.

Soccer Chelsea Pochettino

MED KRITISK BLIKK: Mauricio Pochettino har ein liten ryddejobb når han no tek over Chelsea.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Og her kjem igjen utfordringa han lanserte: At det kan bli vanskeleg å selje spelarar.

– Det kan godt hende Pochettino vil ha inn sine eigne spelarar også, og då får du endå fleire, enorme utskiftingar på kort tid. Nokre av avgjerdene som har vorte tekne i dei siste par vindauga, må nok reverserast. Samtidig: Korleis vil det bli for Chelsea å selje spelarar når alle veit at dei må det?

– Dei har nok det vanskelegaste overgangsvindauget, meiner Haugstad.

Sportsnyheter

NRKs eksperter måpte etter superserie: – Så vidt kamera henger med!

Johannes Thingnes Bø sto for dagens største prestasjon da Norge vant stafetten på imponerende vis.

Siste nytt

  • Storhamar på tabelltopp – scoret tosifret

    Storhamar dundret på i 11-3-kampen borte mot Lørenskog og er tilbake som tetlaget i eliteserien ishockey.

    Gjestene styrte inn fem scoringer i midtperioden etter å ha tatt pause med en 2-0-ledelse. Andreas Martinsen og Peter Quenneville ble begge tomålsscorere for Storhamar.

    Lagets øvrige mål ble satt inn av Eirik Salsten, Jacob Lundell Noer, Samuel Solem, Martin Rønnild, Sverre Rønningen, Marcus Bryhnisveen og Sander Hurrød.

    Storhamar er i kjempeform om dagen. Klubben har kun tapt én gang på sine 18 siste seriekamper. Nederlaget kom borte mot Vålerenga 4. november.

    Etter 21 runder er Storhamar foran VIF på innbyrdes oppgjør. Begge står på 54 poeng. Det er sju poeng ned til tabelltreer og regjerende mester Stavanger Oilers, som har én kamp mindre spilt.

    Målrikt ble det også da Sparta knuste Ringerike 9-2 på borteis. Også de fant nettet fem ganger i løpet av kampens andre periode.

    Frisk Asker fikk med seg 7-3 fra møtet med Lillehammer, mens Stjernen snudde til 2-1 borte mot ligajumboen Comet Halden i torsdagens østfoldderby. (NTB)

    Storhamar-spillerne samler seg i jubel etter seier mot rivalen Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Europa-exit for Hoseths sensasjonslag

    Magne Hoseth tok Klaksvik til et europeisk gruppespill og satte den færøyske klubben på kartet. Torsdag forsvant håpet om avansement i serieligaen.

    Kun seier hjemme mot puljetoer Slovan Bratislava ville holdt liv i drømmen om utslagsspill på nyåret. Det startet godt med en tidlig Klaksvik-ledelse, men Juraj Kuckas måldobbel ga slovakisk 2-1-seier.

    Vegard Forren sto for den målgivende pasningen da Mads Boe Mikkelsen tok vertene opp i 1-0. Sivert Gussiås spilte samtlige 90 minutter.

    Klaksvik står med fire poeng fra fem kamper i puljespillet. Det skiller seks poeng opp til 2.-plassen før siste runde. Lagets ene seier kom mot slovenske Olimpija Ljubljana (3-0 hjemme) i slutten av oktober. (NTB)

    Magne Hoseth
    Foto: Anders Skjerdingstad / NRK
  • Nusa gjorde skadecomeback

    Antonio Nusa (18) kom tilbake fra skade da han ble byttet på for Brugge i conferenceligakampen mot Besiktas i Istanbul torsdag.

    Nusa ble byttet inn i det 60. minutt og erstattet landsmannen Hugo Vetlesen. Det skjedde på stillingen 4-0 til Brugge.

    18-åringen har slitt med skader denne høsten og har kun spilt 26 minutter i årets conferenceliga. Han har ikke vært på banen for klubblaget siden 5. november.

    Tidligere i november uttalte Brugge-trener Ronny Deila at stjerneskuddet kom til å være ute i «lang tid», og landskampene mot Færøyene og Skottland røk for nordmannen. (NTB)

    SKhIcBA8B1E
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal