Det var idrettspolitikk.no som omtalte saka først. Det heile starta då den norske spelarbussen forlot hotellet sitt og satte kursen mot kampstadion for å spele kamp i U20-VM.
Laget har alltid med seg drikkeflasker, medisinsk bag og eit draktsett når dei reiser, i tillegg til anna relevant utstyr.
Eit par av spelarane fekk beskjed av støtteapparatet om å hjelpe til med å bere utstyret inn i garderoben, og det gjorde dei.
Det var då det gjekk gale.
I etterkant av kampen tikka det inn ein e-post frå FIFAs disiplinærkomité. Der sto det blant anna:
- Brot på artikkel. 7 par. 2 and art. 11 par. 1 Media & reglar for marknadsføring FIFA U20-VM Polen 2019, art. 57 par. 2 and art. 64 par. 2 av utstyrsforskrifta, i tillegg til art. 5 par. 1 for forskrifter i samband med FIFA U-20 VM Polen 2019:
- Ein representant frå det norske laget kom stadion med ein bag av merkevara «ScanSport».
- Synligheten av bag med Nike-logo på storleik over 25 cm² strid med FIFA-forskriftene.
Nokre veker etterpå kom det ei bot i postkassa til fotballforbundet, og den var ikkje reint liten. I brevet er ordlyden om Noregs regelbrot også av svært krass karakter.
No fortel forbundet for første gang om hendinga med Nike-sekken og Scansport-sekken som skulle koste laget dyrt.
– Eg kan stadfeste dette. Norges Fotballforbund (NFF) fekk totalt 15 000 sveitserfranc (139.000 kroner) i bot for brot på reklameavgjerdene under VM, fortel konkurransedirektør Nils Fisketjønn i NFF.
Fekk kraftig kritikk
Ikkje berre vart det ein sportsleg nedtur i verdsmeisterskapen i Polen, men også ein økonomisk smell for landslaget.
– Fifa får tilbakemelding frå sponsorane sine kvar gong eit slikt brot skjer, og det kan vere derfor dei handhevar dette strengt. Det er ikkje småpengar dei får av desse sponsorane, forklarer NRKs fotballekspert, Morten Morisbak Skjønsberg.
I vedtaket frå disiplinærkomiteen blir det retta kraftig kritikk mot Noreg, og det blir trua med strengare sanksjonar i framtida, viss reklameavgjerdene blir brotne igjen:
- Norges Fotballforbund blir pålagt å setje i verk alle nødvendige tiltak for å garantere at FIFA-regelverket blir overhalde i framtida. Skulle slike hendingar skje igjen i framtida, vil ikkje FIFAs disiplinærkomité ha noko anna val enn å pålegge strengare sanksjonar mot Norges Fotballforbund.
– Reglane rundt dette har vorte veldig strenge og laga brukte mykje tid på å sikre at brot ikkje skjedde. Likevel skjedde det, berre å beklage. Bagen vart båra inn frå buss ved eit mistak, forklarer Fisketjønn i fotballforbundet.
– Ulike produktleverandørar betaler godt for eksklusivitet, og vi pliktar då å sikre denne eksklusiviteten. Han kjem oss til gode til slutt.
Høgare bøter for feil sokkar enn nazi-banner
Tidlegare har FIFA og UEFA fått kraftig kritikk for botsystemet, som mange meinar er både for strengt og for krevjande.
Dette er nokre eksempler frå tidlegare:
- Sverige vart bøtelagt med 570.000 kroner, for å ha brukt sokkar som ikkje høyrde til dei offisielle draktene under åttedelsfinalen mot Sveits i VM 2018.
- Kapteinen til svenskane Andreas Granqvist fekk ei bot på 407.000 kroner, for å ha supplert sokkane sine med eit band som skal gi spesielt godt feste.
– Dei kommersielle interessene rår i internasjonal fotball. Dei er veldig opptatt av å verne om sponsorane sine, for det er der Fifa hentar pengane sine. Det kan vere viktigare for dei, enn å til dømes ta kampen mot tribunebråk og rasisme. For der er det ikkje nokon direkte økonomisk konsekvens for Fifa, meiner NRK-
ekspert Skjønsberg.
- Nyleg fekk vart det bulgarske fotballforbundet bøtelagt med 850.000 kroner som følgje av skandalekampen og rasismetilropa mot England.
- Tidlegare har det russiske fotballforbundet vorte bøtelagt 277.962 kroner for rasistiske tilrop mot Manchester United-stjerna Paul Pogba i ein treningskamp.
– På sikt vil det uansett få konsekvensar for Fifa. Det er dårleg reklame for fotballen, og eg forstår at dette ser veldig rart ut. Feila står ikkje i stil med konsekvensen. Eg forstår at ein stussar. Derfor bør ein heve bøtene for dei andre alvorlege brota, for det er trass alt meir alvorleg for fotballen, avsluttar han.