Sverige er bøtlagt med 70 000 sveitserfrancs, 570 000 kroner, for å ha brukt sokkar som ikkje høyrer til dei offisielle draktene under åttedelsfinalen mot Sveits.
Kaptein Andreas Granqvist får i tillegg 50 000 sveitserfranc, 407 000 kroner, i bot for å ha supplert sine sokkar med ein botn som skal gi spesielt godt feste.
570 000 kroner er sju gonger så mykje som den bota Russland fekk etter fordi tilskodarar stilte opp med banner med nazi-sympatisk tekst i kampen mot Uruguay. Det meinte Fifa var verdt 10 000 sveitserfranc, 81 400 kroner.
– Det gir eit feil signal. Fifa lever av kommersielle verdiar, men vi ønskjer jo å flagge at fotballen skal ha ein samlande effekt og vere inkluderande. Det gir da eit helt feil signal at det er så store skilnader, seier NRKs fotballekspert Lise Klaveness, som også er jurist.
NRKs ekspertkommentator Morten Morisbak Skjønsberg har sin eiga teori om kvifor skilnadene er så store.
Sponsorkontraktar
– Eg vil tru at sponsorkontraktane inneheld punkt om straff for brot, og at det er derfor bøtene blir som dei er. Det kostar Fifa mykje når reglementet blir brote, seier Skjønsberg.
– Men å markere politiske bodskap på tribunen eller at publikum kjem med rasistiske tilrop får ingen økonomiske konsekvensar for Fifa.
James Kitching var tidlegare sjef for lovavdelinga i det asiatiske fotballforbundet. Han seier det same som Skjønsberg.
– VM er Fifas desidert største inntektskjelde, og er noko dei aller største sponsorane betalar millionar av dollar for. Derfor blir også bøtene for brot på avtalene enorme, seier han til nyheitsbyrået AP.
– Gir eit feil signal
Klaveness forstår kvifor det er skilnadar i straff for brot på dei ulike reglane, da det er mindre betent å slå ned på brot på dei kommersielle reglene enn å handheve reglene om politiske bodskap, men meiner det er grunn til å sjå nærmare på dei store skilnadane.
– Terskelen for å slå fast at det har skjedd eit brot på reglementet om politiske bodskap bør vere høg. Eg er tilhengar av ytringsfridom, og fotballen må også ha rom for kjenslemessige utbrot, men om ein fastslår at det har hendt eit brot, og særleg om det er tale om rasistiske tilrop og rasistiske undertonar, som strider med idrettens verdiar, bør det givast eit tydeleg signal på at dette er noko av det verste vi kjenner til i fotballen, seier Klaveness.
– (Bøter for) det bør ligge i det øvre sjiktet, meiner Klaveness.