Kan gjere storeslem på Idrettsgallaen

ANNECY/OSLO (NRK): Johannes Høsflot Klæbo og Johannes Thingnes Bø kan begge ta heim tre prisar på Idrettsgallaen, medan Erling Braut Haaland kan få med seg to. Her er alle dei nominerte.

Collage, Bø, Klæbo og Håland

STJERNER: Her er tre av dei som har hausta mest jubel i norsk idrett i 2019. Erling Braut Haaland, Johannes Høsflot Klæbo og Johannes Thingnes kan få med seg mange prisar heim frå Hamar. Foto: NTB Scanpix/Ap

Både Klæbo og Thingnes Bø er nominert til årets mannlege utøvar, årets namn og høvesvis ein del av laget på herrestafett og mixed-stafett som er nominert til årets lag.

Klæbo tok VM-gull på både sprint, sprintstafett saman med Emil Iversen og gjekk stafettlaget inn til gull på ankeretappen i Seefeld. Han vann også Tour de Ski for fyrste gong og verdscupen samanlagt for andre året på rad.

Klæbo etter VM-gullet på stafett

Klæbo avgjorde som han ville på ankeretappen i Seefeld.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Haaland ikkje nominert til årets mannlege utøvar

Namnebror Bø var suveren gjennom heile verdscupsesongen og vann heile fire gull i VM i Östersund. Gull på alle tre stafettane og på sprinten. I tillegg vann han for fyrste gong verdscupen samanlagt etter at Martin Fourcade hadde vunne sju år på rad.

Spisskometen Erling Braut Haaland er nominert til både årets gjennombrot og årets namn, men er ikkje funne verdig blant dei nominerte på lista over årets mannlege utøvar.

19-åringen har hatt ein vanvitig sesong og har mellom anna 28 mål på 22 kampar for Red Bull Salzburg denne hausten. Han var på eit tidspunkt toppscorar i meisterligaen og blei historisk da han scora heile ni måI U20-VM i sommar.

Martin Ødegaard er derimot på lista til årets mannlege utøvarar. Frå fotballen er også Caroline Graham Hansen og Ada Stolsmo Hegerberg begge nominert til årets kvinnelege utøvar.

I tillegg til prisane dei er nominert til kan dei også vere aktuelle for å vinne utøvaranes pris, der ingen er nominerte på førehand.

Therese Johaug

Therese Johaug hadde ein svært sterk comeback-sesong og er nominert til to prisar etter herjinga i VM i Seefeld. Johaug tok tre individuelle VM-gull.

Foto: Matthias Schrader / AP

Sterkt år for norsk idrett

Jurysjef Tore Øvrebø meiner det har vore eit svært sterkt år for norsk idrett.

– Sjølv om det har vore eit etterolympisk år, har også 2019 vore eit fantastisk år for norsk toppidrett. Norske utøvarar har heldt fram med å vere toneangivande i dei tradisjonelle vinteridrettane våre, både i verdscupane og i VM i Seefeld, Åre og Östersund, seier han i pressemeldinga frå juryen.

Han legg også vekt på sterke prestasjonar i sommaridrettane.

– I tillegg presterer Noreg stadig betre i sommaridrettar, noko som er ekstra spennande med OL og Paralympics i Tokyo berre dryge sju månader unna.

Hovudjuryen består av juryleiar Tore Øvrebø, Hanne Haugland, Karen-Marie Ellefsen, Kjetil André Aamodt, Knut Holmann, Marit Bjørgen og Ola By Rise.

Idrettsgallaen blir arrangert på Hamar laurdag 4. januar og blir vist direkte på NRK.

Her er alle dei nominerte:

Årets kvinnelege utøvar

  • Tiril Kampenhaug Eckhoff, skiskyting
  • Maiken Caspersen Falla, langrenn
  • Caroline Graham Hansen, fotball
  • Ada Stolsmo Hegerberg, fotball
  • Therese Johaug, langrenn
  • Maren Lundby, Hopp
  • Ragnhild Mowinckel, alpint
  • Marte Olsbu Røiseland, skiskyting
  • Ingvild Flugstad Østberg, langrenn

Årets mannlege utøvar

  • Johannes Thingnes Bø, skiskyting
  • Henrik Christiansen, svømming
  • Viktor Hovland, golf
  • Johannes Høsflot Klæbo, langrenn
  • Henrik Kristoffersen, alpint
  • Olav Lundanes, orientering
  • Jarl Magnus Riiber, kombinert
  • Karsten Warholm, friidrett
  • Martin Ødegaard, fotball

Årets lag

  • Fotballjentene
  • Handballgutta
  • VM-laget kombinert/lagkonkurranse
  • VM-stafettlaget langrenn/herrar
  • Mixed-stafettlaget VM/skiskyting
  • Anders Mol/Christian Sandlie Sørum, sandvolleyball

Årets gjennombrot

  • Vetle Sjåstad Christiansen, skiskyting
  • Erling Braut Haaland, fotball
  • Gustav Iden, triatlon
  • Salum Ageze Kashafali, friidrett
  • Casper Ruud, tennis
  • Jenny Stene, skyting
  • Thea Vatshelle, kickboksing

Årets kvinnelege para-utøvar

  • Aida Dahlen, bordtennis
  • Vilde Nilsen, langrenn/skiskyting
  • Helle Sofie Sagøy, badminton
  • Birgit Røkkum Skarstein, roing

Årets mannlege para-utøvar

  • Jens Lasse Dokkan, dressur
  • Salum Ageze Kashafali, friidrett
  • Jesper Saltvik Pedersen, alpint
  • Nils-Erik Ulset, skiskyting
  • Tommy Urhaug, bordtennis

Årets trenar

  • Leif Olav Alnes, friidrett
  • Christian Berge, handball
  • Gjert Ingebrigtsen, friidrett
  • Siegfried Mazet/Egil Kristiansen, skiskyting
  • Kåre Mol, sandvolleyball
  • Eirik Myhr Nossum, langrenn

Årets namn (juryen nominerer, folket stemmer)

  • Johannes Thingnes Bø, skiskyting
  • Erling Braut Haaland, fotball
  • Ada Stolsmo Hegerberg, fotball
  • Handballgutta
  • Jakob Ingebrigtsen, friidrett
  • Therese Johaug, langrenn
  • Salum Ageze Kashafali, friidrett
  • Johannes Høsflot Klæbo, langrenn
  • Maren Lundby, hopp
  • Anders Mol/Christian Sandlie Sørum, sandvolleyball
  • Karsten Warholm, friidrett
  • Martin Ødegaard, fotball

Siste nytt

  • Abelvik Rød mister resten av EM

    Magnus Abelvik Rød skadet ankelen i Norges match mot Sverige søndag kveld. 22-åringen har vært til MR-undersøkelse mandag formiddag, og resultatet er nedslående med norske øyne.

    Flensburg-spilleren mister nemlig resten av EM. Han har fått en fraktur i foten og har sterke smerter.

    – Det er tungt, sier høyrebacken til det norske pressekorpset i Malmö.

    – Det er bittert, og jeg får ikke gjort noe med det, legger han til.

    HÂndball-EM menn 2020, Norge-Ungarn
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Tre debutanter til VM i skiskyting

    Norges Skiskytterforbund, annonserte i dag hvem som får bli med til VM i skiskyting i italienske Anterselva. Fem kvinner er tatt ut: Tiril Eckhoff, Marte Olsbu Røiseland, Synnøve Solemdal, Ingrid Landmark Tandrevold og debutant Karoline Knotten. Herrenes tropp består av: Erlend Bjøntegaard, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen og debutantene Johannes Dale og Aleksander Fjeld Andersen.

    -tlRGKbyx7U
    Foto: GEORG HOCHMUTH
  • Molde låner Wolverhampton-spiller

    John Kitolano lånes ut fra Premier League-klubben Wolverhampton til Molde ut 2021-sesongen. Det bekrefter eliteserieklubben på sine nettsider mandag. Molde har også sikret seg kjøp på den tidligere Odd-spilleren.

    Wolverhampton Wanderers Unveil New Signing John Kitolano
    Foto: Wolverhampton Wanderers FC / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal