Hopp til innhold

Desse bileta set sinne i kok: – Burde vore ein privat augneblink

Bilete av ein «sovande» sjakkstjerne får ein annan profil til å reagere sterkt.

Ding Liren

FILMA: Sjakkstjerne Ding Liren som tek ein pause undervegs i det første partiet av langsjakk-VM.

Foto: SKJERMDUMP: Fide

Kva er grunnen til at vi skal filme Liren (Ding, sjakkspelar) med vinterjakke og lukka auge? Det må vere nokon grenser. Eg synest ikkje det er rimeleg. Det er i tillegg mykje stress, fresar sjakktrenar- og profil Peter Heine Nielsen til NRK.

Liren, som i desse dagar kjempar mot Jan Nepomnjasjtsjij om VM-tittelen i Kasakhstan, hadde akkurat reist seg og forlate spelelokalet under det første meisterskapspartiet mellom dei to.

Peter Heine Nielsen, Magnus Carlsens trener

KRITISK: Nielsen reagerer på Fide sin filming under sjakk-VM.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Kort tid etterpå kunne ein sjå ein betenkt Liren, med lukka auge, i pauserommet.

Burde vore ein privat augneblink

Som ved tidlegare verdsmeisterskap i langsjakk, forsvinn ikkje sjakkprofilane frå auget til offentlegheita når dei går frå brettet.

For inne på eit pauserom, der spelarane kan kvile seg undervegs i parti, er det festa opp kamera diverse stader.

Bileta ein ser kan minne litt om realityprogrammet «Big Brother». Der blir deltakarane filma og eksponert for offentlegheita døgnet rundt.

Og det er nettopp den «reality»-parallellen Nielsen dreg fram når han rasar mot filminga:

Eg synest ikkje vi skal underhalde folk med at dei søv, som at det er eit realityprogram. Det er naturleg at dei tek ein liten blund. Det burde vore eit privat augeblikk, seier dansken, som har vore ein av Magnus Carlsen sine sparringpartnarar over fleire år.

Han meiner det ikkje finst éin sport utanom sjakk som kan vare i seks–sju timar, utan å ha pausar der utøvarane kan få privatliv.

Det puttar for mykje unødvendig press på spelarane, seier han.

Magnus Carlsen og Peter Heine Nielsen

CARLSEN-HJELPAR: Magnus Carlsen og Peter Heine Nielsen har vore tette samarbeidspartnarar over fleire år.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Svarar

Pausefilminga under langsjakk-VM er ikkje noko nytt for året. Ifølgje pressesjef i det internasjonale sjakkforbundet, David Llada, var dette òg kontraktfesta under meisterskapen i 2021.

Begge spelarane skal òg ha akseptert filminga i år, meiner pressesjefen på Twitter.

«Dei er topputøvarar, som utøver på toppen av sporten – og er betalte deretter. Eg tenkjer at det i det minste kan bli kravd frå dei at dei skal vere framfor kamera gjennom kampen», skriv Llada.

David Llada

SVARTE: David Llada responderte på kritikken til Nilesen på Twitter.

Foto: CHRISTIAN KRAKENES / CHRISTIAN KRAKENES

Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) skriv i ein e-post til NRK at det aller viktigaste er det som skjer på brettet, men at det som skjer utanfor også er med på å vise fram sjakk som sport.

– Dette ropet om «privatliv» er absurd når du tenkjer over at dei deltar i eit VM med millionar av sjåarar. Det viktigaste er det som skjer på brettet, men spelaranes reaksjonar og kroppsspråk er ein del av det som gjer sjakk til ein sport, og det må publikum få sjå, skriv forbundet.

Sjå heile svaret frå Fide i faktaboksa under.

– Kan føre til verre sjakk

– Eg forstår at dei har skrive under på ein kontrakt, men dei kjem ikkje til å halde seg unna ein VM-kamp på grunn av ein detalj. Eg ville laga ein annan kontrakt viss eg var ansvarleg, seier Nielsen, som engasjerer seg sterkt i debatten.

Men er ikkje dette berre ein del av underhaldninga?

Å sjå han (Ding Liren) med ei vinterjakke og at han søv er ikkje underhaldning for meg, det er berre rart. Eg vil sjå han spele sjakk. Eg synest ikkje det (pausefilminga) tilfører så mykje.

Dansken meiner sjakkmiljøet er splitta om dette, og at det er meiningar begge vegar. Etter å ha snakka med fleire spelarar om tematikken, er han framleis klinkande klar i sin dom.

Eg synest at det fører til eit verre produkt og kan føre til verre sjakk.

Eg har jobba med spelarar i 16 år. Dei er under eit ekstremt press. Sjølvsagt skal ein ha tilgang no og då, men ikkje heile tida, avsluttar han.

Les også Carlsen får eget «luksusrom» – sjakkprofil reager på mobilordning

Carlsens luksusrom

Men Heine møter motstand for påstandane – òg frå eksperthald. Sjakkspelar Sheila Barth Stanford meiner pausefilminga gir noko til produktet og er ein underhaldningsberar. Ho trekker mellom anna fram at kroppsspråket til spelarane i rommet kan seie noko om kva dei kjenner undervegs i kampen.

Eg tenkjer at det er greitt å filme dei. Eg er usamd med Peter Heine. Men dei må gjere det på ein måte som ikkje forstyrrar.

Den tida du speler VM-partia, må du tole å vere offentleg, legg ho til.

Siste nytt

  • Merlier spurtet til seier i Giroen etter sylfrekk Pogacar-manøver

    Tadej Pogacar var nær ved å snyte spurterne for konfekten, men til slutt var Tim Merlier sterkest på den 3. etappen av sykkelrittet Giro d'Italia mandag.

    De fleste ekspertene var på forhånd sikre på at den 166 kilometer lange etappen fra Novara til Fossano skulle ende med en massespurt. Det gjorde den også, men det var på hengende håret at ikke superstjernen Tadej Pogacar lurte alle.

    I den siste stigningen med noen få kilometer til mål satte sloveneren fart og fikk følge av sammenlagtrival Geraint Thomas. De to kom sammen inn på den siste kilometeren og hadde luke til det jaktende feltet.

    – Kan dette gå, da? Det hadde vært helt sykt. Alle snakket om spurterne før start, sa Discovery-ekspert August Jensen i innspurten.

    Med noen få hundre meter igjen var Pogacar-manøveren nøytralisert, og på streken var belgiske Tim Merlier først. Soudal Quick-Step-rytteren tok sesongens niende seier.

    – Dette var min hardeste seier noen gang. Det ble en tøff finale. Lagkameratene mine gjorde en fantastisk jobb, sa Merlier i seiersintervjuet.

    Verken Tobias Foss, Vegard Stake Laengen eller Torstein Træen fikk med utfallet av etappen å gjøre. Det var heller ikke ventet.

    Tadej Pogacar leder fortsatt rittet sammenlagt. Han har 45 sekunder tilgode på Thomas. (NTB)

    Tim Merlier vinner 3. etappe av Giro d'Italia
    Foto: LUCA BETTINI / AFP
  • Advokat bistår Skiforbundet i varslet Stöckl-søksmål

    Landslagstrener Alexander Stöckl skal ha varslet et søksmål mot sin arbeidsgiver Norges Skiforbund. Sistnevnte får bistand i saken fra advokatfirmaet Elden.

    VG skrev tidligere mandag at Stöckl i et brev varsler søksmål mot Skiforbundet etter hoppbråket mellom de mannlige landslagshopperne og deres trener.

    Stöckl er uønsket som landslagstrener av hopperne, og VG skriver at østerrikeren i praksis oppfatter seg som oppsagt av Skiforbundet – selv om han fremdeles mottar lønn.

    NRK har vært i kontakt med både Stöckl og hans advokat, men ingen av de ønsker å kommentere saken.

    Advokat Per Ragnar Bronken i advokatfirmaet Elden bekrefter imidlertid at han bistår Norges Skiforbund med det varslede søksmålet fra Stöckl.

    – Jeg kan bekrefte at jeg bistår Norges Skiforbund, men utover det har jeg ingen kommentar på nåværende tidspunkt, skriver advokat Bronken til NRK.

    Alexander Stöckl
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Nytt blodig fall for Karlsson

    Den svenske langrennsstjernen har gjort det igjen. Akkurat som i fjor har hun gått på trynet med et blodig fall som resultat.

    I fjor på denne tiden la hun ut et bilde fra et fall i Östersund. Denne gangen er Bruksvallarna åstedet, skriver Aftonbladet.

    – Det begynner å bli en tradisjon, skriver hun selv på Instagram.

    «Rivstartar det nye treningsåret», har hun meldt på sin egen historie med et blodig bilde, men med et blidt fjes.

    Karlsson er for tiden på plass på det kjente svenske skistedet Bruksvallarna i forbindelse at årets treningssesong er i gang igjen. Karlsson er på det svenske landslaget i langrenn også denne sesongen. (NTB)

    Verdenscup i langrenn sprint
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal