Ser du forskjell på disse bilane?

Laga gjer alt for å tyne vekta

Men det skapar problem for TV-sjåarane

Tittel bilde

Kampen mot vekta

Ser du forskjell på bilane?

Formel 1-sesongen nærmar seg med stormskritt. Som vanleg har alle laga presentert den nye bilen sin, og testa han før sesongen set i gang no til helga.

Men i år har alle bilane eitt fellestrekk.

Dei har store område med svart farge.

Når bilane er samla tett inntil kvarandre så kan det bli som ein stor mørk masse som bevegar seg, seier Viaplay-ekspert Stein Pettersen til NRK.

For det er merkbar forskjell på fleire av bilane frå i fjor til i år. Berre sjå på Mercedes:

Mercedes sin bil i 2023
Mercedes sin bil i 2022

NY FARGE: Mercedes har byttet ut det sølvgrå med helt svarte flater.

REUTERS/AFP

Og på Alfa Romeo:

Alfa Romeo sin nye bil
Alfa Romeo sin bil i 2022

FRA HVIT TIL SVART: Alfa Romeo har skiftet fra det tradisjonelle hvite til svart.

AP/Alfa Romeo

– Eg trur det blir mykje tøffare å sjå forskjell på mange av bilane. Spesielt når dei står ved sida av kvarandre sett framanfrå, og når dei skal køyre i ulikt lys, seier Pettersen.

Sjølv dei som har fargar på bilane sine skil seg lite ut.

Laga som har litt fargar på bilane har valt mørke fargar. Alfa Romeo har bytta ut kvitt med svart, og Aston Martin er også veldig mørk. I tillegg har Alpha Tauri også mange fleire mørke detaljar på bilen i år.

Aston Martin sin nye bil

MØRK: Også Aston Martin bilen sin er mørk i fargane

Foto: Frank Augstein / AP
Slit med vekta

Grunnen til at det i år er så mange svarte detaljar på bilen er eit problem som alle laga sleit med i fjor. Bilane var overvektige.

Laga nyttar alle moglegheiter for å spare vekt. Vi snakkar fleire kilo som dei kan spare på lakk, så då gjer dei alt for å minimere mest mogleg, forklarer Pettersen.

For det svarte på bilane er ikkje berre lakk. Mykje av det du ser er reine karbonfiberdelar som er utan noka form for lakk på seg.

Eg har høyrt litt ulike tal, men det blir sagt at ein sparer seks til sju kilo totalt på å ha reine karbonfiberdelar. Generelt så seier vi at ein kilo vekt utgjer to sekund på eit løp, så når nokon var heile åtte til ti kilo for tunge i fjor, så skjønner ein at det er mykje tid å spare.

Les også Formel 1-laga slit med vekta – tek «ekstreme steg» for å kutte kilo

Rød ring

Tyne kvart einaste gram

Bilane i Formel 1 har eit krav å vege minst 798 kilo, inkludert førar og ein tom bensintank.

– Vi har sett på alle moglegheiter for å redusere vekta på bilen. I fjor var bilen overvektig, så vi har prøvd å tyne kvart einaste gram på bilen. Derfor er nokon delar i rein karbon, medan noko er måla i matt svart lakk, sa Mercedes-sjef Toto Wolff då dei lanserte den nye bilen.

Mercedes køyrde med heilsvarte bilar i 2020 og i 2021, men det var for å auke forståinga for likestillingsutfordringane i formel 1.

– Alle i laget likte det svarte designa betre uansett. Vekt er eit sentralt mål for oss. Vi var overvektige heile året i fjor, så vi hadde ei vektstraff sjølv inn i det siste løpet, så det har vore eit tungt fokus for å sikre at det ikkje er tilfelle i år, sa Lewis Hamilton under lanseringa av den nye bilen.

I og med at delane på ein formel 1-bil er svarte, så blir det å ha kvit lakk på bilen ekstra tungt. Det kan også forklare kvifor det er veldig lite kvitt på bilane som skal stå på startstreken til helga.

Toto Wolff

MERCEDES-SJEF: Toto Wolff.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Om det skal lakkast kvitt og bli blankt så krev det meir og tjukkare lag, som igjen går utover vekta. No er sponsorane ofte med kvit skrift på mørk bakgrunn, i staden for motsett som det var tidlegare, seier Pettersen.

Det var ikkje berre Mercedes som sleit med vekta i fjor. McLaren fjerna mykje lakk frå lanseringa av bilen til første testdag. Aston Martin var også eit av laga som fjerna lakk for å spare vekt.

– Det å fjerne lakken sparte oss 350 gram i vekt, sa teknisk sjef i Aston Martin, Andy Green, til Motorsport i fjor. Då fjerna dei mykje mindre lakk enn laga har gjort i år.

Les også Kvinner hetses for å like Formel 1: – Dere skjønner ingenting

Hedda Wehrmann og Ferrari, montasje for ingressbilde

Red bull er favorittar

Førre helg var alle laga ute på banen for å teste bilane for første gong. Der såg ein tydeleg at Red Bull i år også blir favorittane.

– Det ser ut som alle laga har vorte kvitt humpinga som fleire sleit med i fjor. Det vil nok bli tettare i år enn det var førre sesong, men det er Red Bull som er favoritten, seier Pettersen.

Mercedes sleit stort i fjor, men har behalde det utskjelte designa på bilen. Der omtrent alle bilane har store «sidepods», altså deler på begge sider av bilen som slepper inn luft for å kjøle ned motoren, held Mercedes fram med å køyre utan slike.

Max Verstappen kjører i sin Red Bull

FAVORITT: Max Verstappen og Red Bull.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Mercedes har nok jakta alle optimaliseringar som det er mogleg å få til, og pressa ut kvar einaste vesle detalj. Det at dei held fram med å ikkje bruke «sidepods», er ein indikasjon for meg at dei trur dei har ein mykje betre bil enn dei andre.

– I tillegg ser ein tydeleg i den nye sesongen av «Drive to survive» at laga som er uavhengig av Mercedes frydar seg over problema dei hadde i fjor, så dei vil nok slå knallhardt tilbake.

I tillegg har Aston Martin overraska, og sett utruleg kjappe ut på testinga.

– Det blir veldig spennande å sjå om dei er så bra som dei såg ut, og om dei kan henge på Mercedes i toppen, avsluttar Pettersen.