Hopp til innhold

Verstappen til NRK: Meiner norske Ole (21) har «uavgrensa potensial»

I vinter fekk e-sportsutøvar Ole Steinbråten plutseleg ei svært uventa melding. Max Verstappen er full av beundring for det norske stortalentet.

Ole Steinbråten Max Verstappen

STJERNE PÅ TOPPEN: Ole Steinbråten (venstre) køyrar for laget til Max Verstappen (høgre). 

Foto: Jørgen Terland Gundersen/Martin Keep / NRK/AFP

Dette kan jo ikkje stemme, var den omgåande reaksjonen til 21-åringen frå Gol i Hallingdal.

I februar tikka det nemleg inn ei melding frå e-sportslaget til Max Verstappen – den regjerande verdsmeisteren i Formel 1.

Hylles av Verstappen

Verstappen køyrer for Team Redline som konkurrerer i såkalla «simracing», det vil seie bilkøyring på simulator. Det var Formel 1-stjerna sjølv som ønskte å komme i kontakt med nordmannen.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

I AKSJON: Ole Steinbråten er i verdstoppen i «simracing» og køyrer for Max Verstappens lag.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

Eg fekk vite at Verstappen hadde speida litt rundt etter nye førarar til laget. Han oppdaga namnet mitt ganske kjapt og fann han ut at han hadde lyst til å sende melding til meg, forklarer Steinbråten.

21-åringen har nemleg utmerkt seg gjennom fleire sterke resultat internasjonalt den siste tida. I mars vann han eit løp med over 15.000 deltakarar.

Etter samtaler og testing skreiv Steinbråten under for det mange reknar som det beste laget i verda innanfor simracing. Han vart offisielt presentert i sosiale medium førre veke.

Verstappen forklarer til NRK kvifor han ville ha med Steinbråten på laget.

– Ole er allereie naturleg rask, men har også motivasjonen og dedikasjonen til å jobbe hardt for å forbetre resultata sine endå meir. Og det er til sjuande og sist nøkkelen til suksess, seier han.

Max Verstappen

VERDSSTJERNE: Max Verstappen er to gonger verdsmeister i Formel 1.

Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP

Og Verstappen seier han ser eit stort potensial i den nye norske lagkameraten sin:

Køyringa hans er sjølvsagt allereie på eit veldig høgt nivå, elles ville han ikkje vore der han er no. Men det vakre er at potensialet er uavgrensa, men også ukjent. Eg trur det er positivt for Ole å vere omgitt av andre gode sjåførar. Det kan bidra til å gjere både han sjølv og andre endå betre.

Snakk med Verstappen fem gonger i veka

Midt i Steinbråtens eiga stove står ein simulator han anslår har ein verdi på rundt 100.000 kroner. Den består av fire skjermar, eit racingsete, ratt og pedalar. Det heile blir drive av ei kraftig datamaskin han har bygd sjølv.

Praten med Team Redline går føre seg «voice chat» medan dei køyrer. Veldig ofte er Verstappen med i samtalen. Steinbråten anslår at dei snakkar saman opptil fem dagar i veka.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

PÅ LAG: Steinbråten kjører for Verstappens e-sportslag.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK
Simracer Ole Steinbråten i simulator

RATT: Slik ser rattet til Steinbråten i simulatoren ut.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK
Simracer Ole Steinbråten i simulator

HURTIG: Det går unna når 21-åringen presser ned pedalen i simulatoren.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

Tenkjar du innimellom på at det er litt ein surrealistisk situasjon?

– Veldig ofte. Mange av kompisane mine er store fans av Verstappen. Så då eg sa at eg sat i voice chat med han, svarte dei berre: «slutt å tull, a!».

– Det er kanskje når du ser kor ekstremt dei reagerer at du byrjar å innsjå sjølv kor stort det er, legg han til.

NRK spør Verstappen om ein kan samanlikne bilkøyring på simulator med å køyre bil i det verkelege livet.

– Totalt sett kan du det ja. Innstillingane er ganske like, det same er måten ein førebur seg til eit løp på. Og det er det vakre med det. Det einaste som manglar i simracing er sjølvsagt G-kreftene, forklarer den nederlandske formelen 1-føraren.

Verstappen

HØY FART: Verstappen køyrer i ofte i godt over 300 km/t. Det medfører store G-krefter.

Foto: WILLIAM WEST / AFP

Frå symjing til e-sport

For Steinbråten har interessa for bilspel vore der sidan barndommen. Inspirasjonen har han frå faren som var racingførar på hobbybasis og køyrde billøp i Tyskland. Steinbråten fortel at han ofte prøvde å etterlikne konkurransane til faren gjennom bilspelet Gran Turismo.

Men hallingdølen har også drive aktivt med symjing sidan 6-årsalderen og har to NM-medaljar i premieskapet. Heilt fram til for vel eit år sidan var idretten førsteprioritet. Men då koronapandemien kom byrja han å prioritere annleis, og i januar i fjor gav han seg som symjar.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

FOKUS: Praten med Verstappen går føre seg på «voice chat».

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

– Det kjendest veldig rart i starten. Symjing hadde eg drive med dei siste 15 åra og det var ein veldig stor del av livet mitt. Pandemien var absolutt ein viktig grunn til kvifor eg slutta. Bassenga var nedstengde, og alle stemne vart avlyste, fortel han.

I staden byrja han å bruke stadig meir tid i simulatoren. Timane han har brukt bak rattet har no gitt han høvet til å køyre på lag med dei beste. Men å satse alt mot å bli den beste simulatorføraren i verda har ikkje alltid har vore lett.

Eg har absolutt møtt på motstand. Spesielt har det vore periodar der ein har kjent det har vore vanskelegare å prestere fordi sjølvtilliten og farten ikkje har vore på plass. Heldigvis har eg sjølv jobba målretta og dedikert gjennom desse periodane som har gjort at dei har vore kortvarig, forklarer Steinbråten.

Les også: Raser mot nytt regelforslag: – Kjem til å bli ei ulykke

Lewis Hamilton
Lewis Hamilton

Siste nytt

  • Japan vant laggull i turn-VM

    Daiki Hashimoto leverte under press i siste apparat da Japan gjenerobret lagtittelen i turn-VM mindre enn ti måneder før OL i Paris.

    Hashimoto er regjerende OL-mester i individuell mangekamp og i svingstang. Nettopp svingstang var siste apparat for Japan i lagfinalen. Kina hadde lagt press på japanerne med ypperlige prestasjoner i ringer, men Hashimoto svarte med en sterk gjennomføring og satte landingen. Japan kunne juble for gull 1,80 poeng foran tittelforsvarer Kina.

    Japanerne var best i bøylehest, skranke og svingstang, nest best i sprang, tredje best i ringer og fjerde best i frittstående. Hashimoto (5 apparater), Kazuma Kaya (5), Kenta Chiba (4), Kazuki Minami (2) og Kaito Sugimoto (2) fikk til sammen 255,594 poeng.

    Kina tok sølv med 253,794 og USA bronse med 252,428. (NTB)

    Belgium Gymnastics Worlds
    Foto: Virginia Mayo / AP
  • Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier

    Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.

    Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.

    – Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.

    – Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)

    HhLi7d6bTSc
    Foto: AP
  • Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.

    – Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.

    For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.

    – No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.

    Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.

    Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.

    Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.

    Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.

    Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.

    United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.

    Men han får sin revansj like etterpå.

    Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.

    Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste