– Det er heilt ekstreme steg å ta vekk malinga, slår Viaplays Formel 1-ekspert Henning Isdal fast.
Etter at nye reglar for korleis bilen skulle konstruerast kom inn i Formel 1 før denne sesongen har bilane vorte tyngre.
Frå ei tidlegare minimumsvekt på 752 kilo førre sesong er han no auka til 798 kilo. Men alle lag slit med å komme seg ned på den vekta. Alfa Romeo er det einaste laget som har klart det til no.
Derfor har dei andre laga gått drastisk til verks. Mellom testinga før sesongstart og første løp fjerna McLaren mykje oransje maling frå bilen.
– Vekt er eit problem for alle, bortsett frå eitt lag, seier McLarens lagsjef Andreas Seidl, til tyske Auto Motor und Sport.
Red Bull og Mercedes slit òg
Isdal fortel at det varierer ut frå bane, men at vektforskjellen kan bety opptil tiendedelar spart per runde for laga. Det utgjer store skilnadar over opp mot 50 rundar i eit løp.
– Det blir eit problem, seier Isdal.
Det tyske magasinet melder at fleire lag no har teke det same malingsgrepet. Dei skriv at både Williams, Alpine, Ferrari og Aston Martin har gått for heilt svarte delar, og heldt igjen på malinga.
Ifølgje Alfa Romeos sjefsingeniør Beat Zehnder skal ein komplett malingsjobb på bilane vege seks kilo.
Samtidig skal Red Bull og Mercedes vere 15 kilo over minimumsvekta, og har no byrja å skrape maling der dei kan. Begge lag har no fjerna strøk frå frontvengene for å spare vekt.
– Vi har ikkje måla delar av sida og bakvingen for å spare 350 gram, opplyser Aston Martins tekniske direktør, Andy Green.
Pengetrøbbel
Isdal trur dette har vorte ein trend.
– Det verkar heilt ekstremt for meinigmann å fjerne malinga berre for å spare 350 gram, men eg trur det har ein psykologisk effekt for laga òg. Når eitt lag først gjer dette, så følgjer dei andre etter, seier han.
Grunnen til at mange av laga vel dette banale grepet for å spare vekt er det nye kostnadstaket innført i Formel 1 frå denne sesongen.
Taket avgrensar kor mykje pengar laga kan bruke per sesong på utvikling av bilane, så det er ikkje berre å kaste pengar etter nye delar.
– Det kostar ekstremt mykje, og det er eit av poenga med dei nye reglane, for å jamne det ut, fortel Isdal.