Hopp til innhold

Deltok på omstridd IOC-møte om russarar: – Eg trur alle vart tekne veldig på senga

Birgit Skarstein var sjølv til stades då Astrid Uhrenholdt Jacobsen tok til orde for å ikkje stengje ute utøvarar på grunn av russisk pass. Skarstein skuldar no IOC for «uryddig» prosess.

astri

USEMJE: Birgit Skarstein fortel at det ikkje var semje internt i den norske utøvarkomiteen.

Foto: Montasje / NTB

Leiaren for den norske utøvarkomiteen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, har fått mykje kritikk etter at NRK torsdag avslørte at ho var blant dei som hadde teke til orde for ikkje å diskriminere utøvarar på bakgrunn av pass i eit møte med IOC.

– Skal idretten halde fram med å vere nøytral og ha ein nulltoleranse mot diskriminering, kan ein ikkje stengje ute utøvarar på grunn av russisk pass. Det er også brot på menneskerettane. Det eg har gjort er å ta til orde for ein diskusjon, sa Jacobsen sjølv til NRK torsdag kveld.

Det har starta ein debatt i det norske idrettsmiljøet.

– No har Astrid bomma så grovt som det går an, seier roar Kjetil Borch til NRK.

Birgit Skarstein er både medlem av den norske utøvarkomiteen og utøvarrådet til Den internasjonale paralympiske komité (IPC) og var med på møtet med IOC som IPC-representant.

Ho fortel om usemje i den norske komiteen i forkant av IOC-møtet.

– Det var delte meiningar internt og det var mange perspektiv som vart tekne opp. Det vart aldri fatta noko vedtak om kva utøvarkomiteen skulle meine, seier Skarstein.

– Bør utøvarar frå Russland og Belarus få delta som nøytrale utøvarar?

– Eg synest det er for tidleg å ta den diskusjonen, for det må liggje så mykje til grunn for å kunne seie at dei kan gjere det. Eg trur den diskusjonen er lenger ned i vegen, seier ho.

Litt seinare presiserer ho overfor NRK:

– Med den angrepskrigen Russland driv, med støtte frå Belarus, og den måten dei aktivt bruker idrettsutøvarar til å fremje krigsbodskap, kan det ikkje vere eit tema at dei skal inn i varmen igjen nå.

– Det er i slike tilfelle som dette at det blir umogleg å skilje idrett og politikk, mellom anna fordi Putin og russiske styresmakter så aktivt bruker sporten og idrettsutøvarar i propagandaøyemed. Putin politiserer idretten, og vi bør gjere alt vi kan for å ikkje bli brikker i eit slikt spel, legg Skarstein til.

– Kva synest du om innlegget til Jacobsen? Er du samd i det?

Eg er veldig samd i at vi må tore å ta diskusjonen om kva verdiar som skal liggje til grunn i idretten. Inkludering og fellesskap er viktig. Så er ein også nøydde til å anerkjenne dei veldig sterke kjenslene i den pågåande situasjonen. Eg trur det er heilt umogleg å ta denne diskusjonen, viss du ikkje anerkjenner kor vanskeleg situasjonen er for utøvarar over heile verda, og korleis denne typen konflikt får enorme konsekvensar. Og kor personleg og profesjonelt ein blir prega av konflikten.

– Det er ein forferdeleg konflikt, og idretten blir også sett i ein skvis når han blir arena for å fremje krigsbodskap. Det er vanskeleg å ha ein rein prinsippdebatt, utan å ta innover seg dei praktiske realitetane. Ein er nøydd til å ha ein dualitet i det, legg ho til.

Bør russiske utøvere slippes tilbake i varmen?

– Eg trur alle vart tekne veldig på senga

Skarstein fortel vidare at dei ville søkt ei større forankring blant utøvarane viss dei hadde vore klar over kva utfallet vart.

– Eg trur alle vart tekne veldig på senga av at det møtet der skulle takast til inntekt for kva ein utøvarmasse meiner. Eg var i alle fall ikkje førebudd på at utøvarkomiteen skulle presentere meiningane til norske utøvarar no, for den har vi faktisk ikkje, seier ho.

– Det som eg trur provoserer litt her, er viss utøvarar føler at deira syn ikkje blir høyrt eller at ein blir teke til inntekt for eit syn ein ikkje har. Derfor trur eg alle, blant dei IOC, skal vere forsiktige med å seie at ein har utøvarane samla i ryggen utan å ha fått eit klart mandat på det, seier Skarstein.

Les også: Kilder til NRK: Jacobsen tok til orde for Russland-retur i IOC-møte

7oUz1MXyqQo
7oUz1MXyqQo

Kritisk til IOC-prosessen: – Blir uryddig

Det at dei ulike representantane kom til møtet med Den olympiske komité (IOC) utan vedtak, gjer at Skarstein stiller seg undrande til konklusjonen til IOC.

– Eg kan ikkje svare for kva andre nasjonar tenkjer og vil. Det kan vere at IOC opplever å ha sterk støtte frå andre, men då må ein i alle fall sørgje for at ein har ein prosess som er så open og tydeleg at det ikkje er noko tvil om at dei har den støtta som dei seier at dei har, seier Skarstein, og held fram:

– Det blir jo uryddig når ein ser at alle ikkje er samde, og utøvarmassen likevel blir teken til inntekt for eitt standpunkt. Og i alle fall i ei sak som dette, der definitivt alle ikkje er samde. Og kanskje eigentleg ikkje veit kva ein er samde om heller.

NRK har kontakta IOC om kritikken, men førebels ikkje fått svar.

VM snøsport for parautøvere

KRITISK: Birgit Skarstein.

Foto: Geir Olsen / NTB

Kallar Beijing-leikane for «skilsetjande»

Skarstein var sjølv til stades i Paralympics i Beijing like etter at krigen braut ut, og er tydeleg på at det har sett emosjonelle spor hjå ho og andre i det paralympiske miljøet.

– Den situasjonen som var i Beijing håpar eg at eg aldri opplever igjen. Det var skilsetjande, rett og slett, seier ho.

Der vart det først klart at russiske og belarusiske utøvarar ikkje fekk delta dagen før meisterskapen starta. Då hadde allereie utøvarane frå dei to landa komne til Kina for å delta i Paralympics.

– Eg håpar verkeleg at Beijing 2022 var siste gong i historia eit land går til ein angrepskrig på eit anna land under olympiske eller paralympiske leikar. OL og PL er heilt fantastisk i det at du får heile verda saman. Den splittinga som dei klarte å lage i den leiren, han var ganske rå, brutal og umenneskeleg, seier ho.

Les også: Aleksandr Bolsjunov slår tilbake mot påstander i stort intervju: – Det er latterlig

Langrenn Holmenkollen
Langrenn Holmenkollen

Sportsnyheter

UEFA Euro 2024 Qualifiers - Group H - Kazakhstan v Denmark

Hareide om Danmark-smell: – Et sjokk for danskene

Alt så ut til å gå mot en oppskriftsmessig seier for Danmark, men så kollapset gjestene fullstendig mot Kasakhstan.

Siste nytt

  • Northug mister NM-comebacket grunnet sykdom

    Petter Northug skulle etter planen gjøre comeback under NM på Tolga, men må melde avbud grunnet sykdom, melder Adresseavisen.

    – Petter er forkjølet og stiller ikke på lagsprinten i NM på onsdag. Strindheim stiller da med Håkon Skaanes og Even Northug, sier Morten Bostad til avisen.

    Bostad er ansvarlig for seniorløperne i Strindheim IL.

    I utgangspunktet skulle Northug gjøre NM-comeback på Tolga under lagsprinten for Strindheim. Det blir nå altså ikke noe av. (NTB)

    Tour de ski 2022/23
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Saka-magi etter stor Ukraina-markering

    Bukayo Saka scoret kampens andre og fineste mål da England slo Ukraina 2-0 på hjemmebane i EM-kvalifiseringen. Det ble en emosjonell markering før kampstart.

    England fikk en pangstart på kampen da kaptein Harry Kane sendte britene i ledelsen etter å ha blitt spilt opp av Bukayo Saka, før Arsenal-stjernen doblet ledelsen med et drømmeskudd i krysset.

    Kane gjorde seg også toneangivende i 2-1-seieren over Italia tidligere i uken. Da scoret han sitt 54. landslagsmål og passerte Wayne Rooney som tidenes toppscorer for England.

    England og Ukraina spiller i gruppe C. I tillegg til Italia skal de også møte Nord-Makedonia og Malta.

    Før avspark var det en stor markering mot invasjonen av Ukraina, hvor de oppmøtte supporterne veivet med ukrainske flagg mens spillerne stile opp side om side foran et ukrainsk flagg med påskriften «fred» på engelsk.

    Russland invaderte Ukraina i februar i fjor. Søndagens bortekamp var Ukrainas første i EM-kvalifiseringen. Deres første hjemmekamp kommer mot Malta 19. juni. Det er ikke oppgitt hvor den skal spilles enda.

    England Ukraine Euro 2024 Soccer
    Foto: Alastair Grant / AP
  • Syk Holund dropper NM – Klæbo står over femmila

    Hans Christer Holund er fortsatt syk og reiser ikke til NM på Tolga denne uken. Johannes Høsflot Klæbo står over den avsluttende femmila, skriver Adressa.

    Holund har slitt litt med sykdom etter VM, og søndag opplyser landslagstrener Eirik Myhr Nossum at Lyn-løperen ikke blir å se i NM del to på Tolga denne uken.

    – Alle reiser i utgangspunktet, men «HC» blir hjemme. Han er fortsatt ikke helt frisk, sier Nossum til Adresseavisen.

    Klæbo har levert en kjempesesong og avsluttet den med å vinne verdenscupen sammenlagt. Sprinttrener Arild Monsen sier til Adressa at Klæbo planlegger å gå lagsprinten og 10-kilometeren på Tolga, men at trønderen dropper femmila fredag.

    Det er lagsprint onsdag, 10 kilometer klassisk torsdag før NM rundes av med femmil. (NTB)

     Ski-VM 2023: 4x10 km stafett for menn
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste