Hopp til innhold

Dei beste skotipsa til profilane: Gir tydelege råd til mosjonistane

Narve Gilje Nordås og Karoline Bjerkeli Grøvdal kjem med klare oppfordringar til mosjonistar som ønsker å halde seg skadefri og «perse» i gateløp denne sesongen.

Narve Gilje Nordås

VANSKELEG Å VELJE: Narve Gilje Nordås snører på seg skoa før økt. I bakgrunnen ser ein utvalet.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Eg har vel 15 par i rotasjonen min, seier Nordås til NRK.

Utanfor leilegheita, like ved Klepp stasjon, står det to skostativ fylte til randa av løpesko. Nordås har tolv par utstilte, mens kjærasten Oda Andersen Lundeby er oppi i 13.

I tillegg kjem dei som ligg i skapet innanfor døra, og dessutan nokon piggsko. Han ramsar opp ulike formål, kvalitetar og underlag.

Hadde han vore ein relativt vanleg person med moderate til sterke ambisjonar i gateløpet i vår, meiner han tre par sko er nødvendige. Ikkje færre.

Eg ville hatt ein konkurransesko, som du bruker til spesifikke intervalløkter og sjølve konkurransen, viss det stort sett er på asfalt.

Så ville eg hatt ein veldig godt dempa mengdesko, som du kan ta på viss du må springe på hardt underlag og det er skikkeleg rolege turar.

– Og så ein kombisko, som er rask nok til intervall, godt nok dempa til å springe roleg, stabil nok til at du kan ta den ut på litt stig og grus, men godt nok dempa til asfalt. Ja, ein sko du kan varme opp med og bruke til litt ulikt intervalløkter.

Narve Gilje Nordås

Turane til matbutikken er Nordås' mareritt: – Eg kjenner eit ubehag

Sjølv reknar han seg fram til at han er innom rundt ti ulike par i løpet av vekas 14 økter. Det er eigne sko til langtur, mølletur, intervalløkter, løping på asfalt og grus.

To til kvart formål – eitt til konkurranse

Karoline Bjerkeli Grøvdal har hakka færre skopar i rotasjonen sin, men ho vekslar mellom fire–fem skopar i løpet av månadene. Ho meiner det er éi felle ein bør vakte seg for:

– Eg trur mange har eit par som dei berre bruker heilt til dei er slitne ut.

– Eg ville hatt to intervallsko og to mengdesko som ein kan rotere på, seier Grøvdal, som nyleg vann halvmaraton i New York.

Belgium Athletics Cross Country

TERRENGDRONNING: Karoline Bjerkeli Grøvdal vann EM i terrengløp for tredje året på rad i desember 2023.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Ho anbefaler å byte mellom ulike par til ulik belastning. Og så vil ho ha eitt par konkurransesko som er ferskast mogleg.

– Sånn som i New York, da opna eg eit par nye ... Eg hadde ei økt før, men da vil eg nesten ha på meg eit heilt nytt par. Da spring eg kanskje to–tre gateløp med dei, og så går det over til å bli ein treningssko, forklarer Grøvdal.

Haldbarheit for superskoa

Ein grunn til å byte ut skoa er for å variere belastning og minske skaderisiko, ein annan er slitasjen som oppstår etter kvart som kilometerstanden aukar.

I ein artikkel publisert i The Scandinavian Journal of Medicine and Science, har ei gruppe med spanske forskarar komme fram til levetida på dei moderne superskoa. Dei har samanlikna sko med vanleg skum (EVA) og «superskum» (PEBA).

Dei mest interessante funna kan samanfattast slik:

  • Nye sko med PEBA-skum hadde 1,8 prosent betre løpsøkonomi
  • Da skoa passerte 450 kilometer, var det ingen forskjell
  • Skummet trong eitt døgns tid på å hente seg inn

Studien har vel å merke berre hatt mannlege deltakarar.

Pressetreff innendørs VM i Glasgow

Kerr rister på hodet av Nordås-avsløring: – Det er ikke flaks

Nordås reflekterer slik over funna:

Eg ville jo aldri ha brukt ein sko med superskum i konkurranse, dersom ein har sprunge meir enn 100 kilometer i dei. Det er liksom grensa mi. Det er klart at det sikkert vil vere ein effekt inntil 450, men som ein rein konkurransesko skal han vere så ny som mogleg.

VM-bronsevinnaren kastar likevel ikkje sko sjølv om bruken tærer på skummet:

– Du kan godt springe 800–900 kilometer med dei. Også får du eit ekstra løft når du tar på den nye skoa, men ... For min del har det ikkje noko å seie det daglege. Det har jo ikkje noko si om effekten går ut etter 450 kilometer. Eg fortset å springe med dei til eg ser at det blir hol eller eit eller anna, seier Nordås.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal