Hopp til innhold

Debatten rasar etter dei kaotiske bilda: – Har ikkje noko med sykling å gjere

Stupbratte Koppenberg var i fleire år ute av Flandern rundt-løypa. Søndag fekk ryttarane store problem da regn og gjørme sette sitt preg på sykkelklassikaren.

Koppenberg Wellens

TRØBBEL: Tim Welléns og ei rekke andre ryttarar måtte gå opp Koppenberg. Etter rittet spøkte Welléns med at han måtte køyre med sykkelkrossdekk neste år. 

Foto: IMAGO

Få bakkar er like berykta som Koppenberg i sykkelgalne Flandern. Den brusteinsbelagde bakken er «berre» 600 meter lang, men stig på det brattaste med heile 22 prosent med skog på begge sider.

Da teten i herrerittet kom inn i bakken, etter rundt 220 kilometer på sykkelsetet, blei det kaos.

Berre tre ryttarar i tetgruppa, Mathieu van der Poel, Matteo Jorgenson og Mads Pedersen, klarte å halde seg på sykkelen opp stigninga.

Resten måtte alle hoppe av, i ein bakke der det er nær sagt umogleg å komme forbi bakfrå viss ryttarane framfor deg har stansa.

Både på TV 2 og Eurosports sending frå rittet blei det omtalt som «heilt kaos».

– Dette er dei beste syklistane i verda og dei er sjanselause mot spegelblanke Koppenberg, sa Eurosport-kommentator Theis Magelssen, og samanlikna det med mosjonsrittet som blei arrangert i same løype laurdag.

Mads Pedersen Koppenberg

KAOS BAK: Mads Pedersen var den tredje ryttaren som klarte å halde seg på sykkelen heile vegen opp Koppenberg. Bak han kan du skimte ryttarane som strevar. Dansken var nummer tre over toppen, men over halvminuttet bak Van der Poel.

Foto: AFP

Abrahamsen: – Kjenner seg litt som ein amatør

Etter målgong for mennene og kvinnene, har Koppenbergs plass i Flandern rundt vore tatt opp som tema i både internasjonal sykkelpresse og i fleire av dei største belgiske og nederlandske mediehusa.

– Det var vanvitig mykje gjørme og veldig glatt, så ein spann berre. Så var det også så glatt å springe på sykkelskoa på brusteinen òg, så eg måtte springe i gjørma på sida, seier Jonas Abrahamsen til NRK.

Han var sjølv ein del av tetgruppa inn i bakken, men tapte rundt halvtanna minutt til Van der Poel i sjølve bakken. I tillegg blei han ståande i lang tid for å få gjørme ut av skoa og mista med det all sjanse på eit toppresultat.

– Det ser litt amatør ut, for å vere ærleg, å gå opp der. Ein kjenner seg litt som ein amatør, men i dei vêrforholda som var, så var det umogleg å sykle opp, seier Abrahamsen.

Til Het Laatste Nieuws kom belgiske Sander De Pestel med ein tydeleg beskjed.

– Kva blir det neste? Det er vanskeleg for oss å starte med å sykle med terrengsykkelhjul. Eg seier: Bli kvitt Koppenberg. Eg trur mange ryttarar meiner det. Flandern rundt er vanskeleg nok, seier De Pestel.

Mathieu van der Poel

VINNAR: Mathieu van der Poel vann Flandern rundt for tredje gong, men sjølv han fortalde at han tidvis sleit med å halde seg på sykkelen opp Koppenberg - ein bakke han har blanda opplevingar frå som sykkelkrossrytter og rittet Koppenbergcross. 

Foto: AP

Blei fjerna etter skandale

Koppenberg har vore ein del av historia til Flandern rundt sidan 1976, men etter 1987 blei han fjerna frå rittet i fleire år.

Da var danske Jesper Skibby på veg opp aleine i tet, med hovudfeltet jagande tett bak. Den eine dommarbilen prøvde å komme seg forbi, men det heile enda med at Skibby velta og at bilen køyrde over delar av sykkelen hans.

Ei ny og forbetra utgåve av stigninga kom inn igjen på programmet i 2002. Forutan eit pauseår i 2007, har bakken vore med i herrerittet sidan. For kvinnene blei han for første gong tatt med i 2023.

– Personleg så synest eg det ikkje har noko med å sykling å gjere viss du må gå til fots opp ei glatt stigning, seier tidlegare proffsyklist Viktor Verschaeve til Sporza.

I fjor var det ei anna bakke som blei det store samtaleemnet:

Denne «bisarre» taktikken skaper stor debatt: – Det setter halve feltet i fare

Hos kvinnene var det, i tørt vêr, to ryttarar som sykla opp Koppenberg i tetgruppa i fjor. I dei meir krevjande forholda søndag var åtte ryttarar i tetgruppa som sykla opp heile bakken.

– Vi visste at Koppenberg ville bli eit mareritt. Det er openbert ei ikonisk stigning, men det er ikkje så hyggeleg for oss når vi må springe, seier Pfeiffer Georgi til Cyclingnews.

Den norske meisteren Susanne Andersen seier Koppenberg har noko som har blitt diskutert i feltet. Sjølv brukte ho fleire minutt på å få klikka tilbake sykkelskoen etter gåturen opp Koppenberg i kvinnenes ritt.

For kvinnene kjem også bakken i ein fase der feltet i mykje større grad er samla enn hos mennene. Andersen spør seg derfor om det finst andre moglegheiter for å gjere det meir attraktivt med tidlegare angrep.

– Koppenberg er jo ein sjarm, men eg trur det finst mange andre måtar å gjere Flandern til eit verdig ritt på, seier ho.

Les også Det norske håpets usannsynlige vei til toppen: – Det er unikt

Jonas Abrahamsen

– Viktig del av sjela til rittet

For sjølv om fleire har komme med kritikk av bakken, er det også fleire som meiner han høyrer heime.

Under er eit knippe norske reaksjonar:

– Det er jo likt for alle med tanke på forholda, så eg synest det er litt av sjarmen. Det skal jo vere litt spesielt i klassikarane og eit vått Koppenberg er ein av dei tinga som kan gjere Flandern spesielt, seier veteranen Alexander Kristoff til NRK.

– Viss publikum synest det er fint å sjå på, har eg ikkje noko imot å gå/springe viss det er nødvendig. Så lenge farten er låg er det ingen fare for helsa til ryttarane, seier Amund Grøndahl Jansen, som stod av før Koppenberg i rittet søndag, men som måtte springe opp same stad i 2018.

– Eg tenkar det er ein bakke som skal fortsette å vere med i Flandern. Det er ein bakke som er veldig kjent, og som er ein avgjerande faktor i Flandern rundt, seier Abrahamsen.

– Koppenberg er ein viktig del av sjela til rittet, sidan det er ein historisk bakke som har vore ein del av ruta i årevis og ofte har vore utslagsgivande, seier NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit.

Sportsdirektør på herrelaget til norske Uno-X, Gino Van Oudenhove, seier ei hending som kaoset i Koppenberg er noko som skjer éin gong kvart tiande år.

– Eg synest det har sin plass. Eg vil ikkje overdramatisere det. Viss du ser på kven som gjekk opp og resultata etterpå, så har det ikkje blitt påverka så mykje.

– Eg vil ikkje nedskalere det heilt. Det er vanskeleg, det er ikkje lett. Men å dra det så langt som å droppe han når det regnar, det veit eg ikkje.

Remco Evenepoel

Forbyr denne – nå rasar debatten: – Til å le av

Belgisk stjerne varslar grep

Victor Campenaerts seier til Het Nieuwsblad at også det å gå oppover var vanskeleg med sykkelsko.

– Berre Søren Wærenskjold hadde ein effektiv teknikk, seier belgiske Campenaerts, som reknar med at mandalitten tok 40 plassar i stigninga.

Akkurat det avkreftar nordmannen raskt sjølv. Han braut nemleg rittet før den tid.

Les også Blir straffa etter bisarr svindel: Prøvde å lure dommar med forkledd mekanikar

Cynisca

Kven Campenaerts faktisk så fyke opp bakken til fots er ei lita gåte, men han kjem likevel med ein liten peikepinn på ei mogleg løysing for framtida.

– Viss det regnar neste år, så vil eg lime fast gummilister til skoa mine. Viss du trenar litt på det på vinteren, så kunne du enkelt komme topp ti med grep under skoa, seier han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal