Hopp til innhold

Blir straffa etter bisarr svindel: Prøvde å lure dommar med forkledd mekanikar

Det amerikanske sykkellaget Cynisca Cycling hadde for få ryttarar til å starte eit ritt i Belgia. Da tok dei i bruk utradisjonelle midlar, som sjokkerer NRK sin ekspert.

Cynisca

SYKKELLAG: Danny Van Haute (nummer to frå venstre på første rekke) og mekanikar Moira Barrett (nummer fire frå venstre på første rekke) har begge blitt suspendert. Her er store delar av laget og støtteapparatet samla i samband med ein treningsleir.

Foto: Nicolas Eychenne/Team Cynisca Cycling

– Det er ei spesiell sak. Det må eg seie. Det er berre småleg og lite smart å lure seg med i dette rittet på. Det er litt sjokkerande, seier NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit.

Det som skulle ha vore ein måndag i sigersrus, blei til ein blåmåndag for Cynisca Cycling.

Søndag vann dei for andre året på rad det spanske éindagsrittet Clasica de Almería. Måndag kom Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) med ei pressemelding som skapte oppsikt i sykkelverda.

Der kom dei nemleg med ein knusande dom knytt til åtferda til laget under det belgiske rittet Argenta Classic – 2 Districtenpijl Ekeren-Deurne i fjor sommar:

  • Sportsdirektør Danny Van Haute er suspendert frå all aktivitet i sykkelsporten fram til 31. desember 2025. Han har også fått ei bot.
  • Mekanikar Moira Barrett er suspendert frå all aktivitet i sykkelsporten fram til 1. september 2024.
  • Laget har fått ei bot og må stå over det neste rittet dei skulle delta i.
  • Rytterne Anna Hicks, Cara O'Neil, Katherine Sarkisov og Claire Windsor har alle fått ein reprimande.

Årsaka bak det heile er det som verkeleg har skapt reaksjonar.

Portrettbilde av Sondre Sørtveit

EKSPERT: Sondre Sørtveit ristar på hovudet av saka som kom fram måndag.

– Latterleggjer seg sjølv

I det belgiske rittet hadde nemleg Cynisca berre fire tilgjengelege ryttarar. I det aktuelle rittet var det eit krav om at kvart lag bestod av minst fem ryttarar.

UCI skriv at disiplinærkomiteen deira kom fram til at fleire på laget prøvde å lure kommissærane, dommarane i sykkelsporten, til stades på rittet til å tru at laget hadde ein femte ryttar til stades.

Ifølge disiplinærkomiteen instruerte sportsdirektøren på laget, Danny Van Haute, dei fire ryttarane til å lyge om kor den femte ryttaren var da dei blei spurt ut av kommissærane. Vidare fortalde ryttarane til sjefkommissæren at den femte ryttaren var til stades, men sjuk.

Kommissærane fortalde så laget at dei ikkje ville få starte om den femte ryttaren ikkje kom til start. Da skal Van Haute ha instruert mekanikaren til laget, Moira Barrett, til å ta på seg sykkeltøy og munnbind, og å skrive seg sjølv inn som den femte ryttaren til laget.

– Eg har aldri høyrt noko liknande. Det var ein kreativ vri, men det er bra at dei slår ned på det. Dei (laget) latterleggjer seg sjølv, synest eg, seier Sørtveit.

Blei oppdaga før start

I ei melding til NRK opplyser UCI at sjefkommissæren, som var franske Cédric Fonteneau, personleg kjente til ryttaren som skulle ha vore på startstreken, franske Greta Richioud.

– Han kunne derfor verifisere før start at den aktuelle personen ikkje var den registrerte utøvaren. Som ei følge av det blei laget nekta å starte rittet.

UCI definerer svindel («fraud») som blant anna det å oppgi falsk informasjon, eller på andre måtar jukse eller på urettferdig vis prøve å tileigne seg ein fordel.

– Derfor har alle dei nemnde medlemmene av laget vore med på ein svindel, skriv UCI i pressemeldinga.

Rafaela Pimenta

Hun er Haalands superagent

Laget har beklaga

Dei opplyser vidare at dommen kan ankast vidare til valdgiftsretten til idretten (CAS). Årsaka til at Van Haute fekk den strengaste straffa er at han blei sett på som den sentrale gjerningsmannen i saka.

Barrett er vidare gitt ein suspensjon fordi disiplinærkomiteen meiner ho tok ei aktiv rolle i svindelforsøket gjennom å kle seg ut og prøve å signere som den femte ryttaren til laget.

Det amerikanske laget har foreløpig ikkje publisert noko på sosiale medium eller på eiga nettside om hendinga. Til Escape Collective bekreftar medieansvarleg Barbara Giles at hendinga fann stad og at dei har beklaga.

– Laget har ikkje og vil aldri tolerere denne typen åtferd, skriv dei.

Dei påpeikar vidare at Van Haute ikkje jobba heiltid for laget, men blei hyra inn til fleire ritt. Handlinga til Van Haute blir vidare beskriven som «ein éngangsfeil av ein useriøs sportsdirektør».

Van Haute var ifølge statistikknettstaden Procyclingstats også med laget under fleire ritt i august, over ein månad etter Argenta Classic.

Laget skriv i uttalen til Escape Collective at dei tok omgåande grep da blei informert om hendinga og terminerte arbeidsforholdet til både Van Haute og Barrett, både på det daverande tidspunktet og for framtida.

Les også Signe (18) fekk gåve av Hegerberg – no kan ho erstatte sitt store idol

Ada Hegerberg og Signe Gaupset møtte hverandre da Gaupset var 11 år.

Norsk lag var med: – Fekk det ikkje med meg

Det norske laget Team Coop-Repsol var med på rittet i Belgia i fjor. Der var Tone Hatteland Lima sportsdirektør.

– Der og da på rittet fekk eg det ikkje med meg. Når du skriv deg inn, så står du ikkje og følger med på kva dei andre laga gjer, seier ho til NRK.

Tone Hatteland Lima

SPORTSDIREKTØR: Tone Hatteland Lima var aktiv syklist sjølv fram til og med 2017, før ho gjekk over i rolla som sportsdirektør etter at ho la opp.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Har du høyrt om noko liknande?

– Nei, faktisk ikkje. Viss du oppdagar at du har for få, så prøver du å kontakte arrangøren og søke unntak i forkant. Det er veldig sjeldan du ender heilt i ein slik situasjon, der du står på rittdagen og merkar at du har for få, seier Lima.

– Det er jo toppidrett òg. Du ser ikkje fotballag som kjem til ein elitekamp med ti spelarar. Eg vil seie at du har gjort mykje feil viss du ikkje klarer å vere med fullt lag på rittdagen, seier ho.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal