Hopp til innhold

Forbyr denne – nå rasar debatten: – Til å le av

Det internasjonale sykkelforbundet varslar ein gjennomgang av regelverket rundt tempohjelmar og har allereie tatt første grep. NRKs sykkelekspert reagerer og meiner dei skaper ein vond sirkel.

Remco Evenepoel

IKKJE LOV: Remco Evenepoel er blant dei som må gjere endringar etter at hovudsokken i tempohjelmen til utstyrsprodusenten Specialized blir forboden frå 2. april.

– Det er til å le av, seier regjerande verdsmeister Remco Evenepoel til belgiske Sporza.

Tempohjelmar har vore den store snakkisen i sykkelverda denne veka. Da Visma-Lease a Bike la ut bilde av dei nye tempohjelmane sine frå Giro før opningsetappen måndag i Tirreno-Adriatico, tok det av på sosiale medium.

Dagen etter kom Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) med ei pressemelding. Der uttrykte dei bekymring rundt utviklinga av tempohjelmar. Dei meiner utviklinga har basert seg meir på prestasjon enn sikkerheit.

Samtidig kom det fram at produsentens Specializeds omstridde «hovudsokk», som har blitt brukt til tempohjelmane til blant anna Remco Evenepoels lag, Soudal-Quick-Step, blir forboden frå 2. april i år.

PzjDQPm4B-U

REAGERER: Remco Evenepoel.

Foto: AP

Det er det Evenepoel nå reagerer på.

– Dei godtok hjelmen for to år sidan, og nå forbyr dei den. Det kjennest litt som at dei leikar med oss, seier belgiaren.

Produsenten Specialized seier i ei fråsegn til GCN at dei er skuffa over avgjerda.

– Avgjerda får stor påverking på ryttarane og laga våre som har brukt stor tid på å førebu seg med utstyr som har blitt godkjent av UCI, seier hjelmsjef i Specialized, Alex Jerome.

De nye tempohjelmene til Visma-Lease a Bike skaper diskusjoner i sykkelverden. Kun dager etter lansering, kan den nå ende opp med å bli forbudt.

Dei nye tempohjelmane til Visma-Lease a Bike skaper diskusjonar i sykkelverda. Berre dagar etter lansering, kan den nå ende opp med å bli forboden.

– Vond sirkel

Årsaka til at hovudsokken nå blir forboden er at UCI har komme fram til at den integrerte hovudsokken er eit element som blir kategorisert som «unødvendig». Ved å fjerne hovudsokken frå hjelmen, kan hjelmen framleis brukast.

NRKs sykkelekspert, Sondre Sørtveit, skjønner at det er frustrasjon blant syklistane.

– Det verkar som UCI halsar to steg bak heile tida. Når det blir utvikla noko nytt, finn dei på ein ny regel eller formulerer om av eksisterande regel som forbyr laga å ta i bruk nyvinningar. Det blir ein vond sirkel, seier han.

Portrettbilde av Sondre Sørtveit

EKSPERT: Sondre Sørtveit.

Om den spesifikke hovudsokken, seier han:

– Er det verkeleg der ressursbruken til UCI bør gå? Det har alltid blitt harselert med at dei er meir opptatte av å kontrollere sokkehøgda til ryttarane enn å sørge for sikkerheita undervegs i arrangementa med farlege oppløp, som verkar langt viktigare å bruke ressursar på.

– Dei nye kleda til keisaren

Ein som jobbar tett med å få fram det beste utstyret er Casper von Folsach. Han er performance coach i det norske profflaget Uno-X. Der har han blant anna vore delaktig i utviklinga av tempohjelmen til laget, som fekk mykje merksemd i fjor:

Tempohjelmene til Uno-X blir sammenlignet med både Brannmann Sam og Darth Vader.

Tempohjelmane til Uno-X blir samanlikna med både Brannmann Sam og Darth Vader.

Folsach er usikker på om hovudsokken har ein reell effekt.

– For å vere ærleg kjenner eg det er litt som dei nye kleda til keisaren. Det er ikkje nokon logisk grunn til kvifor det skulle fungere. Det har ikkje blitt gitt ei teoretisk forklaring på kvifor det skulle gi noka forbetring, seier han.

Vidare seier han trur hovudsokken kanskje kan ha effekt for å halde hjelmen betre på plass eller for å unngå å få sveitte i ansiktet. Sistnemnde også kan løysast gjennom eit panneband eller liknande, meiner han.

I den meir generelle hjelmdebatten seier Folsach seg einig i at prestasjon har komme stadig meir i fokus i utvikling av hjelmar. Men han omtaler det som «fullstendig absurd» å skape eit skilje mellom prestasjon og sikkerheit.

– Eg forstår ikkje kva verda dei lever i dersom dei (UCI) trur at ein kan skilje dei to og gløyme den prestasjonsforskjellen det er i ulike hjelmdesign, seier han, og fortset:

– Det blir som å seie at primæroppgåva til ein Formel 1-bil er å køyre trygt gjennom eit Grand Prix. Sikkerheit er enormt viktig, men primæroppgåva i både motorsport og sykkelritt handlar om å komme først.

NRK har lagt fram kritikken frå Sørtveit og Folsach for UCI. Dei viser til pressemeldinga dei sende tidlegare denne veka og opplyser at dei ikkje vil gi nokon ytterlegare kommentar.

Cynisca

Blir straffa etter bisarr svindel: Prøvde å lure dommar med forkledd mekanikar

Vil innføre minimum levetid for reglar

Dansken foreslår å få på plass reglar som sikrar at ein kan jobbe med utstyr eit godt stykke frami tid. Gjerne med ein minimumsdato før reglane kan endrast.

– Viss ikkje sponsorar kan kjenne seg sikre på at utstyr, som held seg innanfor regelverket og som dei vil ta vidare til marknaden, kan brukast i profesjonelle sykkelritt om UCI ikkje liker korleis det ser ut, så vil det trekke sponsorar bort frå sporten, spår Folsach.

– Laga og sponsorane deira bruker millionar på å utvikle nytt utstyr, og viss dei høge herrane i Sveits vender tommelen ned eller opp, avhengig av dagen, er ikkje det noka god løysing.

Folsach påpeikar at UCI nyleg har innført objektive krav og reglar for utforminga av ein hjelm og meiner det er tragikomisk at dei nå set i verk undersøkingar av regelverket.

– Her har UCI det siste året endeleg laget ein tydeleg regel. Den er objektiv og kan ikkje misforståast. Du har ein 45 centimeter lang, 30 centimeter brei og 21 centimeter høg boks som hjelmen din skal passe i, seier han, og fortset:

– Utover det skal hjelmen sjølvsagt testast og blir godkjent med tanke på alle nødvendige sikkerheitsprotokollar for hjelmar. Det gir meining og alle har jobba ut frå det. Viss ein endrar på det, så synest eg ein har eit problem, seier han.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Norsk VM-bronse i curling

    Curlingekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten slo Sveits 6-5 i en spennende bronsekamp i VM blandet lag i Östersund.

    Dermed ble det igjen medaljejubel for paret som fra før har tatt sølv og bronse i både VM og OL.

    Skaslien og Nedregotten løftet seg etter fredagens semifinaletap mot Estland og vant den tette kampen mot sveitserne.

    Den norske duoen avgjorde mye da de tok tre poeng i femte omgang og dermed tok ledelsen 5-3. Sveitserne tok ett poeng i hver av de to neste omgangene, og dermed kunne Skaslien og Nedregotten kontrollere inn seieren med sistestein i den avgjørende omgangen.

    (©NTB)

    597pS7pqseA
    Foto: AP
  • Roing: Juel og Solbakken til A-finale i EM

    Jonas Juel og Erik Solbakken skal kjempe om EM-medaljer i dobbeltsculler i ro-EM i Ungarn.

    De to nordmennene er klare for A-finale i sin klasse etter å ha blitt nummer tre i semifinalen lørdag. 3.-plassen holdt akkurat til å gå videre til A-finalen, men til gjengjeld var avstanden ned til 4.-plasserte Frankrike nesten tre sekunder.

    Tysklands Jonas Gelsen og Marc Weber vant semifinalen foran en italiensk båt. Juel og Solbakken ble slått med snaut ni sekunder av vinnerbåten.

    Juel og Solbakken er tatt ut til EM på bekostning av Oscar Helvig og Kristoffer Brun. De to sistnevnte har sørget for at én norsk dobbeltsculler er kvalifisert for OL i Paris, og det er ennå ikke avklart hvilken duo som får konkurrere der.

    I verdenscupregattaen i italienske Varese nylig var Juel/Solbakken sju tidels sekund raskere enn Helvig/Brun da de norske båtene var i samme oppsamlingsheat.

    Ro-EM kan du se på NRK.

    (©NTB)

    OhNKv4qQYNk
    Foto: NTB
  • Norges cheerleadere nest best i verden: – En utrolig VM-dag

    Fredag var de de norske seniorlagene i aksjon i VM i cheerleading i Orlando, USA, og de leverte en rekke flotte prestasjoner.

    Norge sikret seg sølvmedalje i en av de gjeveste kategoriene, og fikk igjen bekreftet sin posisjon som en sterk nasjon innen sporten.

    – For en utrolig VM-dag vi har hatt! Våre seniorlag har virkelig vist hva norsk cheerleading står for, sier Thomas Kejser-Lervik, leder av Norges Amerikanske Idretters Forbund.

    Etter at de norske juniorlagene torsdag sikret seg sølv og to bronsemedaljer, var det seniorenes tur til å skinne på fredag. Norges lag leverte også veldig sterkt her.

    – Med sterk innsats og lagånd viste våre utøvere at de er å regne med på verdensscenen. Resultatet markerer en betydelig prestasjon, og vi ser frem til å bygge videre på dette og fortsette å utvikle sporten i Norge, avslutter han.

    y

Sendeplan

Kl. Program Kanal