Hopp til innhold

Oppløyst i tårer etter finalefiasko: – Unnskyld for at eg ikkje var god nok

Der ei norsk kvinne jubla for den største bragda i karrieren, stod Caroline Graham Hansen med eit klissblautt ansikt. Dagen deretter beklagar ho til Barcelona-fansen.

Football, UEFA Women's Champions League final, Barcelona - Lyon

KNUST: Graham Hansen var frykteleg lei seg etter at finaletapet var eit faktum.

Football, UEFA Women's Champions League final, Barcelona - Lyon

TØRKE TÅRER: Drakta blei brukt som våtserviett.

Football, UEFA Women's Champions League final, Barcelona - Lyon

TAKKA AV: Graham Hansen takkar publikum for støtta.

27-åringen klarte ikkje å halde tårene tilbake etter at meisterligatittelen glapp, og det i eit 3-1-tap mot Lyon.

Få hadde venta at Barcelona skulle tape så stort. Faktisk hadde både odds og fleire ekspertar sett spanjolane som førehandsfavorittar.

Dagen etter finalen skriv Hansen ein unnskyldning til Barcelona-supporterane på Instagram.

– Unnskyld for at eg ikkje var god nok. Unnskyld for at vi ikkje kunne gje dykk det de fortente: Sigeren

– Måten de har vore der med oss i år er noko eg alltid kjem til å vere takknemleg for å ha opplevd. De har vore stjernespelaren vår heile sesongen. Takk for at de kjempa heilt til slutt. Eg veit at det gjer vondt i dag. Så når det forhåpentlegvis går over, så håper eg at de er villige til å prøve igjen. Når tida er inne og de har kvilt dykk godt. Tusen takk, skriv Graham Hansen.

Kommentarfeltet blei raskt fylt opp av støtteerklæringar, blant anna frå både tidlegare og noverande landslagsveninner.

Caroline Graham Hansen
Foto: Skjermdump: @graham95 / Instagram

Barcelona var tittelforsvararar i meisterligaen. I fjor greidde ikkje Lyon å ta seg vidare frå kvartfinalen i den gjeve turneringa.

Det store tapet kom difor overraskande på fleire, men mest ilt var det for Barcelona sjølv.

– Det er tungsinn i garderoben no. Vi er lei oss og føler med supporterane våre som tok turen hit. Det kjendest ut som vi hadde heimekamp, sa Barcelona-trenar Jonatan Giráldez på pressekonferansen etter meisterligafinalen.

Les også Hegerberg slår tilbake mot spådommene: – Vi har aldri tvilt

Women's Champions League Final - FC Barcelona v Olympique Lyonnais

Bomma på planen

NRKs ekspert Carl-Erik Torp meiner at det var ein ting som openbert skilde dei to laga: Sjølve inngangen på kampen.

– Det er alltid marginar som gjer at det blir som det blir, men Barcelona klarte ikkje å stå av det høge presset som Lyon påførte dei i opningsminutta. Barcelona var lette å lese. Det var skuffande, seier Torp til NRK.

8zO_ghou-XE

KRITISK: Carl-Erik Torp.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han er klar på at begge lag har hatt like lang tid på å førebu seg, men at det verkar som eitt lag hadde lagt ned meir arbeid i å analysere motstanden.

– Det verkar som Lyon hadde fokusert meir på korleis dei skulle ta Barcelona, medan Barcelona fokuserte på seg sjølv. Dei trefte veldig bra på det. Barcelona skal alltid prøve å spele seg ut av presset, og når det ikkje går, fungerer ikkje resten av delen. Det var akkurat det Lyon ynskja, seier Torp.

Sjølv er han mest overraska over at Barcelona ikkje klarte å løyse motstanden betre.

– Dei klarar ikkje å justere seg for å finne rommet som er der. Dei blei veldig smale på venstresida, det blei trongt og dei skulle inn i midten. Men det er deira måte å spela på. Dei stanga imot eit Lyon som verka veldig komfortable. Det er sjeldan vi ser dei skape så lite, seier Torp.

Skuffa over prestasjonen

Fleire av ekspertane til NRK trudde på førehand at Barcelona skulle vere meir synlege enn dei stod fram i finalen.

Vålerenga-spelar Elise Thorsnes, som var gjest i NRKs studio, var oppriktig skuffa over det spanske laget ved kampslutt.

– Dei var passive og mista mykje ball. Ein er vand til at Barcelona fører kampane og har full kontroll, men her var det mykje slurv. Det er overraskande for meg at Lyon vann, seier Thorsnes til NRK.

Den kjensla brenn nok Caroline Graham Hansen inne med sjølv, også, men Torp meiner at ho skal halde hovudet heva, etter som ho gjekk av bana med ein målgivande.

Football, UEFA Women's Champions League final, Barcelona - Lyon

INGEN POKAL: Caroline Graham Hansen måtte gå tomhendt heim.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Det er fantastisk for oss nordmenn. Det er sjølvsagt beinhardt for Graham Hansen og Engen å tape dette. Det blei ein vanskeleg kamp for Hansen. Ho blei litt defensiv mot sin venstre back og det prega resten av kampen, dessverre. Ho blei ikkje sett opp slik vi pleier å sjå ho. Ho fekk lite plass, seier Torp.

Likevel meiner han at årets meisterligafinale føyer seg inn i rekkene som ein av dei beste han har sett.

– Kvalitetsmessig er det, og det er to nordmenn som pregar dei prestasjonane, seier han.

Les også Da supertalentene trollbandt Norge: – Jeg har prøvd å slette det fra minnet

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal